Børselva og Kvensk institutt. Børselv er ett av kjerneområdene for kvensk språk. av . Begrenset gjenbruk

kvensk

Det kvenske flagget, designa av Bengt Johansson-Kyrö. Motivet er ein solblome (aurinkonkukka). Det blei tatt i bruk som kvensk flagg i 2009 og har gradvis blitt anerkjent som eit felles flagg for kvenene
Kvenflagget
Av .

Kvensk er eit språk som høyrer til den finsk-ugriske greina av dei uralske språka. Kvensk er språket til kvenene, som sidan 1998 har status som nasjonal minoritet i Noreg. I 2005 vedtok den norske regjeringa at kvensk er eit eige språk og ikkje ein dialekt av finsk.

Den kvenske folkegruppa utgjer mellom 10 000 og 15 000 menneske i Noreg. Dei er etterkomarar av finske innvandrarar som har busett seg i Finnmark og Troms sidan tidleg på 1500-talet og før 1945. Ein reknar med at mellom 2000 og 8000 kvener har kvensk som førstespråk.

Kvensk høyrer til dei austersjøfinske språka, i lag med meänkieli (tornedalsfinsk), finsk, ingrisk, karelsk, livvisk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk. Austersjøfinsk er ei grein av finsk-ugrisk, som i lag med dei samojediske språka utgjer den uralske språkfamilien.

Kvensk som eige språk

Trespråkleg skilt i Børselv: Børselv (norsk), Pyssyjoki (kvensk), Bissojohka (samisk)
Trespråkleg skilting i Børselv
Av .

I 2005 vedtok den norske regjeringa at kvensk er eit eige språk, ikkje ein dialekt av finsk eller meänkieli. Kvensk fekk status som minoritetsspråk ved sida av romani og romanés, og kvenske stadnamn er verna av stadnamnlova; sjå avsnittet Kvenske stadnamn lenger nede. Fylkesmannen i Finnmark fekk ansvaret for å etablere kvensk som undervisningsspråk i norsk skule.

Regjeringsvedtaket bygde i stor grad på rapporten Kvenskans status (2003), skriven av Kenneth Hyltenstam i samarbeid med Tommaso Milani for Kommunal- og regionaldepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.

Sjå meir om tilhøvet til finsk i avsnittet Kvensk og finsk lenger nede.

Kvenske språkinstitusjonar

Kvensk institutt

Kvensk institutt i Børselv
.

Arbeidet med å utvikle, dokumentere og formidle kunnskap og informasjon om kvensk språk og kultur og fremje bruken av kvensk språk i samfunnet er offisielt lagt til Kvensk institutt / Kainun institutti, eit nasjonalt senter for kvensk språk og kultur som blei stifta i 2005. Det held til i ein bygning i Børselv / Pyssyjoki i Porsanger som blei offisielt opna i 2007.

Kvensk språkråd og Kvensk språkting

Medlemar i kvensk språkting 2017–2018: Anna-Kaisa Räisänen, Egil Sundelin, Asveig Hasselberg, Trygg Jakola, Nora Marie Ollila, Hilde Skanke og Kyrre Isaksen

Kvensk språkting
Av .

I 2007 blei det skipa eit Kvensk språkråd / Kieliraati, som eit rådgjevande organ med hovudoppgåve å utvikle retningsliner for eit standardisert kvensk skriftspråk som byggjer på alle dialektane. Rådet blei lagt ned i 2011, og ansvaret for dette arbeidet ligg no hos Kvensk språkting / Kielitinka, etablert i 2008.

Eit standardisert kvensk skriftspråk

Kvensk grammatikk kom ut i 2017. Den er gjennomgått og godkjent av Kvensk språkting, vedtaksorganet for skolenormalen i kvensk
Kvensk grammatikk
Av /Cappelen Damm.

Eit standardisert kvensk skriftspråk er enno ikkje etablert, men det er allmenn semje om at det skal ha ein lydrett ortografi etter same prinsipp som det finske skriftspråket.

Ein godtek førebels ein viss dialektal variasjon, mellom anna ved at dei som har fonemet /ð/ i dialekten sin, kan skrive det som đ, til dømes lehđet, «blad», (nominativ fleirtal av lehti), mens dei primært tilrår ei form utan đ, det vil seie lehet, som byggjer på den vanlegaste uttalen. Riksfinsk nyttar her d, til dømes lehdet, som eit kompromiss mellom formene i finske dialektar: /lehðet/, /lehlet/, /lehret/ og /lehet/.

Dei kvenskspråklege skjønnlitterære verka til Alf Nilsen-Børsskog (1928–2014) frå Børselv i Porsanger er viktige for utviklinga av det kvenske skriftspråket. Han skreiv verka sine, utgjevne frå 2004 til 2013, på den kvenske dialekten i Porsanger, etter finske ortografiske prinsipp.

I 2014 gav Eira Söderholm ut boka Kainun kielen grammatikki, som kom ut i norsk omsetjing i 2017 med tittelen Kvensk grammatikk. Arbeidet med boka skjedde i nær kontakt med Kvensk språkting. Dette er den første grammatikken over det kvenske språket, og den vil vere viktig i framtidig standardiseringsarbeid.

Språklege særdrag

Kvensk står nærmast meänkieli og nordbotnisk, det vil seie dei finske dialektane i Nordbotten / Peräpohjola.

Ein fellesnemnar for dette språkområdet er lydendringa ts > tt. Til dømes har eldre finsk metsä, «skog», blitt til mettä, medan dialektane lenger sør i landet har mehtä, messa, meθθä eller mettä (i eit sørvestleg område som ikkje heng i hop med det nordbotniske), medan riksfinsk har metsä.

Eit anna lydleg drag som skil dette området frå riksfinsk, er lenging (dobling) av ein konsonant mellom ein kort trykksterk vokal og ein lang trykkveik vokal. Til dømes har eldre finsk menee, «ho/han går», blitt til mennee, medan menen, «eg går», framleis heiter menen. Riksfinsk har menen og menee. Jamfør òg kvensk hyvvää päivää, «god dag», med riksfinsk hyvää päivää.

Eit sams konservativt drag for dette nordlige språkområdet er ståande h mellom to trykkveike vokalar. Eldre finsk lampahat,«sauer», (fleirtal av lammas) har blitt til lampaat i riksfinsk og i dei fleste finske dialektar sønnanfor Nordbotten, mens meänkieli, kvensk og nordbotnisk har former der h framleis står: lampahat, lamphat eller lamphaat.

Dialektar

Tradisjonelt har dei kvenske dialektane blitt delte i tre grupper:

  1. Austkvensk: Tana, Nord-Varanger og Sør-Varanger
  2. Sentralkvensk: Porsanger
  3. Vestkvensk: Lyngen, Nordreisa, Kvænangen og Alta

Ein nyare klassifikasjon reknar Porsanger-dialekten til austkvensk.

Kvensk og finsk

Spørsmålet om kvensk er eit eige språk eller ein finsk dialekt blei avgjort i 2005, då den norske regjeringa vedtok at det er eit eige språk. Dette politiske vedtaket bygde mellom anna på at kvensk blir tala utanfor Finland, det har ei lang historie utanfor Finland, det har utvikla seg i ei anna lei enn riksfinsk, og ein kven og ein finsktalande kan ha problem med å forstå kvarandre.

Det som særleg gjer at kvener og finnar har problem med å forstå kvarandre, er ordtilfanget knytt til moderne liv og samfunn. Kvensk har mange lånord frå norsk som er uforståelege i Finland, og kvenene forstår ikkje dei finske orda. Her er nokre døme:

Norsk Kvensk Finsk
informasjon informašuuni informaatio
søknad sööknadi hakemus
regjering rejeerinki hallitus
departement departementti ministeriö
vêrmelding väärmellinki säätiedotus
bil piili auto
lastebil lastipiili kuorma-auto
universitet universiteetti yliopisto
sjukehus siukhuusi / sairashuonet sairaala

Kvenske stadnamn i Noreg

Fleirspråkleg skilt i Kåfjord: Olmmáivággi (nordsamisk), Manndalen (norsk), Olmavankka (kvensk)

Fleirspråkleg skilt
Av .

I Lov om stadnamn (stadnamnlova) § 1. Formål og verkeområde står det i andre avsnitt: «Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.» Fram til 2006 stod det finske i staden for kvenske.

I Troms og Finnmark finst det mange stader og geografiske formasjonar med kvensk namn, ofte i tillegg til eit norsk og eit nordsamisk namn. Her er nokre døme:

  • kommunen Vadsø i Finnmark heiter Vesisaari på kvensk og Čáhcesuolu på nordsamisk.
  • kommunen Porsanger i Finnmark heiter Porsanki på kvensk og Porsáŋgu på nordsamisk.
  • kommunen Nordreisa i Troms heiter Raisi på kvensk og Ráisa på nordsamisk.
  • kommunen Kåfjord i Troms heiter Kaivuono på kvensk og Gáivuotna på nordsamisk.
  • fjorden Lyngen / Lyngenfjorden heiter Yykeänvuono på kvensk og Ivguvuotna på nordsamisk.

I Sentralt stadnamnregister (SSR) er det per 2019 registrert over 4000 kvenske stadnamn, og over 1100 av dei har ein vedteken skrivemåte etter stadnamnlova, der det i § 4 Reglar om skrivemåten står: «Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.»

Nemningane kven og kvensk

Det vanlegaste endonymet for språket er kveeni / kvääni, som òg tyder «kven».

Bruken av kven (på norsk) og kveeni / kvääni (på kvensk) er noko omstridd, fordi nemninga tidlegare til dels har vore brukt nedsetjande. Ho har òg meir vore nytta som eksonym (namn som andre nyttar om gruppa) enn som endonym (namn som gruppa nyttar om seg sjølv). Tilhengjarane av kven-namnet peikar på at det har ein lang historisk tradisjon, og at det ikkje opphavleg var nedsetjande. I 1987 blei Norske Kveners Forbund skipa, ein tidleg freistnad på å bruke namnet på ein positiv måte.

Ei alternativ nemning er kainu, «kvensk» / kainulainen, «kven, kvensk», som òg er omstridd, mellom anna fordi ordet ikkje er kjent eller brukt over heile det kvenske språkområdet, spesielt ikkje i aust. På finsk er Kainuu (svensk Kajanaland) eit landskap i det tidlegare Uleåborgs län / Oulun lääni. Det har blitt gjort freistnader på å knyte kven og kainu til kvarandre etymologisk.

Ordet kveeni/kvääni har nordisk opphav, jamfør norrønt kvenir/kvænir, som var namnet på folket vi i dag kallar finnar eller (særleg i Nord-Noreg) finnlendarar. Norrønt finnar tydde «samar».

Det eldste belegget på namnet kven er frå gamalengelsk, i formene Cwena land, «kveners land», og Cwenas, «kvener», i Ottars forteljing. Den nordnorske hovdingen Ottar gjesta den angelsaksiske kongen Alfred, som regjerte frå 871 til 899, og fortalde om landet han kom frå. Ottars forteljing blei publisert av kong Alfred som eit vedlegg til ei gamalengelsk omsetjing av verdshistoria til Paulus Orosius frå 400-talet, Historiarum Adversum Paganus Libri VII,«Sju historiebøker mot heidningane».

Ein informativ diskusjon med tittelen «Hva heter språket og folket?» finst på side 23–27 i Kvensk grammatikk (2017) av Eira Söderholm.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg