Faktaboks

Aasta Hansteen
Fødd
10. desember 1824, Oslo (Christiania)
Død
13. april 1908, Oslo
Verke
Maler og kvinnesakskvinne
Familie

Foreldre: Fysiker og astronom Christopher Hansteen (1784–1873) og Johanne («Hanne») Cathrine Andrea Borch (1787–1840).

Ugift.

Brordatter av Conradine Dunker (1780–1866); tante (fars søster) til Kristofer Hansteen (1865–1906) og Edvard Heiberg Hansteen (1867–1949; se NBL1, bd. 5); grandtante (farfars søster) til Viggo Hansteen (1900–41).

Aasta Hansteen
Aasta Hansteen, 1863
Aasta Hansteen
Av .

Aasta Hansteen var ein norsk kunstmålar, forfattar og kvinnesakspioner. Ho var den første kvinna i Noreg med utdannelse som profesjonell kunstmålar, og ei av dei første kvinnene frå sitt samfunnslag som fekk ei formell fagleg utdanning og eit yrke.

Hansteen var svært oppteken av kvinnesaka og målsaka, og publiserte ei rekkje artiklar og bøker der ho fremja sitt syn. Ho er kjend som den første kvinna som heldt offentlege foredrag i Noreg. Den frimodige åtferda hennar gjekk over grensene for det som var akseptert for kvinner i dåtidas Noreg, og ho vart møtt med motstand og latterleggjering. For den seinare kvinnerørsla vart ho ei viktig inspirasjonskjelde.

Barndom

Selvportrett (1844)
Aasta Hansteen var den første kvinna i Noreg som blei utdanna til profesjonell kunstmålar.
Selvportrett (1844)
Av .

Aasta Hansteen blei fødd i Christiania som nest yngst i ein barneflokk på seks. Ho vart døypt Asta, men fornorska namnet til Aasta som vaksen. Hansteen var fødd inn i ei av dei fremste danske embetsslektene i Noreg. Faren var Christopher Hansteen, professor i astronomi og anvendt matematikk ved Universitetet i Oslo.

Frå 1833 budde familien i Universitetsobservatoriet, og heimen var eitt av samlingspunkta for den danske kulturelle, intellektuelle og konservative eliten. Ho hadde òg to kvinnelege førebilete i den reflekterte og intelligente mora Johanne Cathrine Andrea Borch (1787–1840) og tanta Conradine Dunker, som var aktiv i kulturlivet og dreiv skule etter at ho blei enkje i 1844.

Kunstnaren Hansteen

Christopher Hansteen

Aasta Hansteen sitt portrett av faren Christopher.

Christopher Hansteen
Av /Nasjonalmuseet.

Allereie som barn viste Hansteen talent innanfor teikne- og målarkunst. Kunst, særleg målarkunst, var dessutan eit av dei få yrka som kunne aksepterast for kvinner. Ho studerte først under den kjende portrettmålaren Johan Gørbitz, før ho som 20-åring i 1844 reiste til København. Der ho vart elev hos den seinare professoren ved Kunstakademiet, Jørgen Roed. Seinare studerte ho òg i Düsseldorf og Paris.

Blant Hansteen sine tidlege arbeid finn ein mellom anna portrettet av Karoline Ewald (1846), men desse tidlege måleria fekk inga god mottaking i Christiania. Hansteen la vekt på det særeigne uttrykket til modellane framfor å idealisere, noko som braut med portrettmåleria til samtida. Det snevre og lite rause miljøet var lite stimulerande for Hansteen, og i 1849 reiste ho til Düsseldorf for å halde fram studiane. Der arbeidde ho med store figurkomposisjonar, både med motiv frå norsk folkeliv og motiv med meir europeisk tilsnitt.

I åra 1852–1855 gjorde Hansteen lukke som portrettmålar i Christiania. I 1853 måla ho biletet av faren, som er det verket ho er best kjent for i dag. Eit høgdepunkt var då ho som einaste kvinne vart teken ut til å representere Noreg på verdsutstillinga i Paris i 1855, men møtte motstand då ho prøvde seg på meir ambisiøse prosjekt. Ho representerte fleire gonger Noreg ved utstillingar i utlandet.

Dei fleste av måleria til Hansteen er gått til grunne, men eit portrett av faren heng i Nasjonalgalleriet. Portrettet av faren var eitt av dei fire bileta Hansteen hadde med til verdsutstillinga i Paris.

Målsak

Aasta Hansteen
Aasta Hansteen, cirka 1865
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Hansteen vart tidleg gripen av den nasjonale rørsla og målsaka. Landsmålet representerte for henne både ein kamp for nasjonal frigjering og ein kamp mot den einsidige bykulturen. Hansteen var døypt Asta, men rundt 1860 gjekk ho over til å skrive Aasta, då ho tykte det var meir norsk. Ho likte ikkje den danskprega kulturen i hovudstaden, og brukte difor namnet Oslo i staden for det danskklingande namnet Christiania.

Arbeidet til Ivar Aasen hadde sett spor hjå Hansteen, og ho var òg ein flittig gjest hjå Aasen. Hennar første offentlege ytring om målsaka kom anonymt i 1862 i form av ei bok med tittelen Skrift og Umskrift i Landsmaalet. Hansteen vart dermed den fyrste kvinna som gav ut ei bok på landsmål. Til då hadde det berre kome ut nokre få bøker på landsmål: Fire bøker av Aasen på dialekt og landsmål/dansk, ei diktsamling av Bernhardine Catharine Brun, den første boka til Aasmund Olavsson Vinje, ei sogebok av Eirik Sommer og ei reiseskildring av Axel Arbo.

I 1850- og 1860-åra publiserte ho òg fleire dikt på landsmål, mellom anna i avisene Dølen og Ferdamannen. Ho kom òg med eit framlegget om ei lesebok på landsmål i 1867, men tida var ikkje mogen for denne, og prosjektet stranda på økonomien. Målsaka måtte sidan vike for andre interesser, men mot slutten av livet ga ho ein bunke uutgjevne dikt til Syn og Segn, som trykte dei i 1908.

Kvinnesak

Aasta Hansteen
Aasta Hansteen, måla av Oda Krohg.
Av /Oslo Museum.

Frå 1870 via Hansteen livet sitt til kvinnesaka. Glødande og energisk gjekk ho til verks, men det eksentriske vesenet og den kompromisslause veremåten skaffa ho mange fiendar.

John Stuart Mill si bok The Subjection of Women (1869, dansk utgåve av Georg Brandes same år: Kvindernes Underkuelse) fekk stor betydning for Hansteen. Ho vart engasjert i kvinnesaka og skreiv ei rekkje avisinnlegg, pamflettar og polemiske skrifter. I februar 1871 skreiv ho, for første gong under fullt namn, artikkelen «Kvindens stilling i Verda». Dette var eit oppgjer med den alminnelege kristelege oppfatninga om at den underordna stillinga for kvinna var ein del av Guds skaparplan.

I si første bok om kvinnespørsmålet, som Hansteen òg rekna som hovudverket sitt, Kvinden skabt i Guds billede frå 1878, gjekk ho hardt ut mot «hankjønnstyranniet», som ho hevda vart styrt av kyrkja. I boka argumenterte ho for at dersom kvinna var skapt i Guds bilete på linje med mannen, burde ho òg ha dei same rettane. Hansteen sine påstandar førte til ein hard strid med teologane, og resulterte til slutt i at ho melde seg ut av statskyrkja.

Hansteen heldt ei rekkje foredrag i Christiania, København og Stockholm. Føredragsturneen i framkant av bokutgjevinga i 1878 skapte mange diskusjonar, sidan ho som kvinne skulle tale offentleg. Inga kvinne hadde gjort noko slikt før, og ho vart skyteskive for ironi og hån frå borgarskapet. Hansteen utfordra og overskreid også grensene for kva ei kvinne kunne tillate seg i Noreg mot slutten av 1800-talet i ein eigen levemåte. Ho frekventerte kafear, og levde eit sosialt liv som vart rekna som usømmeleg og umoralsk for kvinner.

I 1875 tok ho offentleg i forsvar ei svensk baronesse som hadde skrive ei skulding mot ein norsk student fordi han forlét henne då ho skulle føde barnet hans. Hansteen skreiv brosjyrar og opne brev, og danna ei kvinnegruppe som offentleggjorde namnet til studenten. Dette var fullstendig sosialt uakseptabelt. Både på grunn av denne skandalen og engasjementet sitt i kvinnesaka vart ho offer for spott og latter, og fekk eit rykte som mannevond og vanskeleg.

Tida i Amerika

I 1880 reiste Hansteen til Amerika, der ho budde i ni år. Der livnærte ho seg som målar og skaffa myndlingen Theodora Nielsen songundervisning. Dei slo seg ned i Boston, der ho deltok i den amerikanske kvinnerørsla, skreiv artiklar og heldt føredrag. Frå Amerika skreiv ho brev til Henrik Ibsen om at ho hadde sett seg føre å velte steinen frå den grava der kvinna som menneske og ånd var gravlagd, men at ho hadde forløfta seg, for steinen såg ut til å liggje støtt som eit fjell.

Medan Hansteen var i Boston kom ho i kontakt med eit feministisk miljø som skulle setje preg på dei seinare arbeida hennar. Inspirert av kvekarane og Christian Science-rørsla vidareutvikla ho den feministiske teorien sin. Ho sende fleire artiklar heim til Noreg der ho agiterte for si overtyding.

Tilbake til Noreg

Aasta Hansteen
Aasta Hansteen, cirka 1890
Av /Oslo Museum.

I mellomtida hadde kvinnesaka framgang i Noreg, og i 1887 starta Norsk Kvindesagsforening tidsskriftet Nylænde, med Gina Krog som bladstyrar. Hansteen skriv sjølv at «Jeg maatte ile hjem, da jeg skjønte at et nyt lys var tændt i gamle Norge». I 1889 returnerte Hansteen til eit Noreg som var politisk og kulturelt endra i hennar fråvær. Ho vart motteken av den «nye» kvinnerørsla som ein av pionerane til kvinnesaka.

Ho skreiv framleis flittig om teologi, spiritisme og samfunnsspørsmål, i tillegg til at ho tok opp att målsaka. Gløden og kompromissløysa hennar har sidan gjort ho til eit førebilete for mange. I 1897 gav ho ut boka Kristi kirke i det nittende aarhundrede, som var ei forlenging av Kvinden skabt i Guds billede. På 80-årsdagen sin i 1904 vart ho utnemnt som æresmedlem i Norsk Kvinnesaksforening. Ho heldt fram med å halde foredrag og skrive kronikkar om kvinnesaka heilt fram til sin død i 1908.

Ettermæle

Hansteen sine idear blir gjerne rekna som vanskelege å plassere både i kulturhistoria og i den feministiske konteksten. Meir enn dei teoretiske bidraga hennar har den særeigne personlegdommen hennar, med mot og vilje til å gå eigne vegar og ikkje bøye av for forventningane samfunnet har til kvinna, vore det som har gjort henne til eitt av dei store førebileta innan kvinnerørsla. Hansteen sin originalitet gjorde henne mellom anna til modell for Lona Hessel i Henrik Ibsens Samfundets støtter og for Gunnar Heibergs Tante Ulrikke.

Hansteen vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. I 1910 vart det reist ei byste av henne på grava, hogge av Gustav Vigeland. Det er også reist ei bronsestatue av Hansteen på Aker Brygge i Oslo, utført av Nina Sundbye, av Norsk kulturråd og Oslo kvinnesaksforening. Hansteen har òg fått Aasta Hansteens vei på Stovner i Oslo kalla opp etter seg, samt gassfeltet Aasta Hansteen i Norskehavet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aure, Anton (1916): Kvinnor i den nynorske bokheimen : stutte livsskildringar. Nikolai Olsens Prenteverk
  • Lein, Bente Nilsen med fleire (1984): Furier er også kvinner: Aasta Hansteen 1824–1908

Faktaboks

Aasta Hansteen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045015624

Kommentarar (2)

skreiv Bjørnulf Aasen

I teksten under Oda Krohgs portrett er navnet feilstavet Krogh to ganger.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg