Artikkelstart
Eirik Sommer var lærar og forfattar. Han gav ut nokre av dei aller første bøkene på landsmål.
Sommer var skomakarson og tok lærarprøva ved Klæbu seminar i 1852. Den følgjande tida skal han ha arbeidd som huslærar hos presten i Bjørnør i Sør-Trøndelag og deretter åtte år som lærar på verksskulen ved Nedre Leirfoss i Strinda ved Trondheim.
I 1857 gav Sommer ut ei av dei første bøkene på landsmål etter Ivar Aasen, den vesle diktsamlinga Soga-visor om de norske Konungar og de største Hend i Norrig i den hedenske Tidi til Haaken Jarl sit Fall. Dei neste åra gav han ut to bøker til: Noregs Saga i Stuttmaal (1862), med føreord av Aasen, den første framstillinga i bokform av norsk historie på landsmål, og det første heftet av ei landsmålsomsetjing av Sverresoga (1864). Sommer var òg heilt sentral i det første mållaget i Trondheim (1862–63).
Han hadde ein augesjukdom som gjorde at han måtte gi seg som lærar, truleg tidleg i 1860-åra. Han prøvde å livnære seg av skrivinga og skal ha vore huslærar ei lita stund før han kjøpte eit lite gardsbruk i Åfjord på Fosen i 1867. Han var no veikhelsa og nærmast blind, så han måtte gi opp skrivinga. Gardsdrifta måtte han òg gi seg med etter få år, og tida i Åfjord vart heller fattigsleg for han.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.