Symfoni

Kringkastingsorkesteret, Oslo Filharmoniske kor, Norges Musikkhøgskoles kor og orkester og Oslo Domkirkes Gutte-og ungdomskor speler Gustav Mahlers symfoni nr. 8, De tusens symfoni, i Oslo Konserthus. Leif Segerstam dirigerer. Foto frå 2005

Av /NTB Scanpix.

Ein symfoni er eit stort musikkverk for orkester, som vanlegvis er skrive i fire satsar. Symfonien har sidan slutten av 1700-talet vore den mest prestisjetunge forma for instrumentalmusikk og er framleis ei av dei viktigaste formene i klassisk musikk.

Faktaboks

Etymologi
frå gamalgresk symfon’ia, ‘samklang’

Dei fleste symfoniar inneheld dei fylgjande satsane:

  1. relativt hurtig, omfangsrik og intellektuelt utfordrande sats i sonatesatsform
  2. langsam sats
  3. lettare sats i tre-takt (På 1700-talet hadde desse gjerne opphav i aristokratisk dansemusikk og var kalla menuett og trio, medan ein på 1800-talet gjerne skreiv satsar kalla scherzo, som kunne gå langt bort frå dette.)
  4. hurtig, lettbeint sluttsats, eller større, oppsummerande sats

Ein symfoni skal typisk vere intellektuelt krevjande, ha stor skala, utforska mange ulike sinnsstemningar og utnytte klangrikdomen til orkesteret. Samstundes er ein symfoni gjerne basert på vidareutvikling av eit lite musikalsk ideomfang. Ein finn sjeldan direkte tematiske koplingar mellom satsar, men komponistar vil gjerne prøve å gjera ein symfoni til ein heilskap, til dømes gjennom bruk av liknande musikalske idear. Frå og med Ludwig van Beethoven blei sluttsatsane større og meir ambisiøse og skulle gjerne fungere som ein konklusjon av heile verket. På 1800-talet kan difor sistesatsar ofte vere like store og krevjande som fyrstesatsar.

Sidan 1700-talet har symfonien endra seg sterkt. I dag kan det vere brukt om verk som tilsynelatande har lite til felles med standardsymfonien, der komponisten likevel har ynskt å forankra eit verk til den symfoniske tradisjonen, eller i minsto i enkelte sider av denne.

Historie

Bakgrunn og 1700-talet

Symfonien har sitt viktigaste opphav i italienske operaouverturer frå fyrste halvdel av 1700-talet. Måleri av Theatre Argentina i Roma, måla i 1747 av Giovanni Paolo Pannini

.

Historisk har ordet symfoni vore brukt om svært ulik musikk, som kyrkjeverka til Giovanni Gabrieli (1557–1612) og Heinrich Schütz (1584–1672) kalla «Sacrae symphoniae» (heilage symfoniar), og Johann Sebastian Bachs (1685–1750) trestemte symfoniar for klaver. I løpet av 1600-talet blei symfoniomgrepet reservert for instrumentalmusikk. Genren vi i dag kallar symfoni har sitt viktigaste opphav i italienske operaouverturar frå byrjinga av 1700-talet. Desse hadde gjerne tre satsar, med ein langsam sats mellom to hurtige. Det tok ikkje lang tid før slike verk blei spela for seg sjølve, både i verdsleg og kyrkjeleg samanheng. Kring midten av 1700-talet byrja somme å leggja til ein menuett, som gav symfonien fire-satsforma som har vore vanleg sidan slutten av hundreåret.

Å skilja klart mellom operaouverturer (ofte kalla sinfoniaer) og symfoniar på historisk eller musikalsk grunnlag er eigentleg ikkje mogleg. Kva tid symfonien, i meininga at dei er artsfråskilde frå operaouverturen, oppstod har likevel vore mykje diskutert. Tidlegare har mange gjeve Johann Stamitz (1717–1757) og dei andre komponistane i Mannheim-skulen æra for å ha skapt den moderne symfonien, då det var her ein fyrst finn symfoniar med menuettar. Andre har peikt på Giovanni Battista Sammartini (1700–1775) som den rettmessige opphavsmannen. Det er ikkje tvil om at symfoniane gradvis blei større og meir ambisiøse, men dette er ikkje eit vasskilje i måten symfoniar blei brukt på.

I løpet av 1700-talet blei det skrive opp mot 20 000 symfoniar i Europa. Dei fleste av desse hadde tre eller fire satsar, men ein kan finne mange unnatak, og symfoniar med programmatiske titlar eller jamvel tilhøyrande tekster var ikkje uvanleg. Slik sett var symfonien allereie på dette punktet ikkje einskapleg, kva form gjeld.

Wienerklassikarane

Portrettmaleri av Joseph Hayden 1791
Joseph Haydn (1732–1809) er stundom kalla far til symfonien. Portrett måla av den engelske maleren Thomas Hardy i 1791

Joseph Haydn (1732–1809) har stundom vore kalla far til symfonien, og det var han som utvikla symfoniteknikken til sitt fulle. Med 108 symfoniar frå åra 1759–1795 kartlegg symfoniane hans utviklinga av sjangeren på andre halvdel av 1700-talet. Det var med dei seine symfoniane til Haydn, som var store og utfordrande verk basert på vidarespinning på små grunnidear, at symfonien vann tittelen den høgste forma for instrumentalmusikk.

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) er mindre viktig for utviklinga av symfonien enn Haydn, men dei tre siste symfoniane hans er rekna som nokre av dei beste frå 1700-talet. Ein kan i sær merkje seg det meisterlege kontrapunktet i sistesatsen i den siste symfonien hans, Jupiter-symfonien, som peikar framover mot dei monumentale symfoniske finalane på 1800-talet.

Med Ludwig van Beethoven (1770–1827) startar eit nytt kapittel for symfonien. Medan tidlegare komponistar gjerne skreiv dusinvis med symfoniar, skreiv Beethoven berre ni. Frå og med den tredje symfonien hans (kalla Eroica, den heroiske) sprengde han normene for kva som var høveleg lengd på ein symfoni: Medan tidlegare symfoniar gjerne var 15–30 minutt lange, varar Beethovens tredje nesten ein time. Beethoven utforska eit tonespråk som var kraftigare og inderlegare enn det ein finn hjå tidlegare komponistar. I den niande symfonien utfordra han på ny normene for genren, ved å skriva ein symfoni på heile 90 minutt og ved å gjera nytte av eit kor og solistar i finalen.

1800-talet: symfonien i krise

Beethoven
Ludwig van Beethoven (1770–1827) sprengde grensane for symfonien, og symfoniane hans sprengde grensene for kva ein symfoni er. Byste av Hugo Hagen

Tiåra etter Beethoven representerer eit paradoks i symfonihistoria. På den eine sida var symfonien nesten universelt akta som den mest prestisjetunge forma i musikken. På den andre sida var krava ein stilte nye symfoniar no enorme: Nye symfoniar måtte no ha ein skala som likna på symfoniane til Beethoven, samstundes som ein måtte syne særpreg og distanse frå han. Kjensla av musikalsk einskap måtte òg bli teke vare på, samstundes som at lengda til verka gjorde at krava til variasjon blei større. Ein kan seie at det no var kravd at ein ny symfoni måtte vere eit meisterverk.

Forutan Beethoven fekk berre tre komponistar frå den fyrste halvdelen av 1800-talet – Franz Schubert (1797–1828), Robert Schumann (1810–1856) og Felix Mendelssohn-Bartholdy (1809–1857) – innpass i standardrepertoaret. Mellom 1850 (Schumanns tredje) og 1876 (Brahms' fyrste) fekk ingen dette. Symfonien var no hovudsakleg sett på som typisk for tysk musikk: Dei store symfonikarane på 1700- og 1800-talet var med få unntak anten tyskarar eller austerrikarar, og jamvel utanlandske komponistar som utmerkte seg i forma blei sett på som tysk-influerte.

1800-talet: programsymfoniar

Mangelen på nye symfoniar av høgste rang fekk mange til å spørja seg om det gjekk an å leva opp til arven etter Beethoven. Enkelte byrja difor å sjå etter alternative måtar å vidareføre symfonien på. Eit alternativ var programmusikken, der komponisten skreiv musikk som skulle illustrera fenomen utanfor musikken. Den franske komponisten Hector Belioz (1803–1869) kalla verka sine for symfoniar, men la ved tekster som skulle forklara handlinga i dei. Franz Liszt (1811–1886) skreiv symfoniske dikt, orkesterverk i ein sats, som tok utgangspunkt i eit anna kunstprodukt, som eit dikt, eit måleri eller liknande. Richard Wagner (1813–1883) erklærte på si side at bruken av song i Beethovens niande var prov for at ein berre kunne vidareutvikla symfonien gjennom musikkdramaet, ein syntese av opera og symfonisk teknikk.

Tankar som dette fekk stor oppslutnad i samtida, og i sær i land der ein ynskte å distansera seg frå den tysk-dominerte symfonien. I Tsjekkia og Russland i sær brukte mange komponistar symfoniske dikt med materiale teke frå folkemusikken til å staka ut ein alternativ kurs til den tyske symfonien.

Det seine 1800-talet: ein renessanse

Johannes Brahms

Den fyrste symfonien til Johannes Brahms (1833–1897) var starten på ein ny symfonisk gullalder.

Johannes Brahms
Av /※.

Ingen kjende symfoniproblemet betre enn Johannes Brahms (1833–1897). Den fyrste symfonien hans brukte han 21 år på å fullføra, og med den synte han i 1876 at det var råd å skriva symfoniar i eit moderne tonespråk som kunne konkurrera med Beethoven. Med symfoniane til Brahms og Anton Bruckner (1824–1896) fekk genren ein ny gullalder i Wien. I kjølvatnet av desse skulle Antonín Dvořák (1841–1904) og Gustav Mahler (1860–1911) syna seg som fyrsteklasses symfonikarar. Trass i ei nasjonal motvilje mot tysk musikk fekk ein i Russland òg ein glimrande symfonikar i Pjotr Tsjajkovskij (1840–1893).

Beethovens niande hadde opna for at ein symfoni ikkje alltid trong berre vere spela av eit orkester, og ein finn mange døme på bruk av kor i 1800-talssymfoniar. På den andre sida har ein dei ti orgelsymfoniane til Charles-Marie Widor (1844–1937), som brukte klangkrafta i moderne orgel som ein parallell til symfoniorkesteret.

1900- og 2000-talet

Anne-Marie Ørbeck

Anne-Marie Ørbeck tilhøyrde ein generasjon norske komponistar som skapte individuelle stiluttrykk gjennom å kombinere modernisme med den tonale tradisjonen og trekk frå norsk folkemusikk. Ho var den første norske kvinna som komponerte ein symfoni.

Anne-Marie Ørbeck
Av /Bergen Off. Bibliotek .

På 1900-talet blei det framleis skrive verk kalla symfoniar i stort omfang, og stilistisk blei genren stadig meir allsidig. Gjennom 1800-talet hadde symfoniorkestera gradvis blitt større, men i 1906 kom ein reaksjon med Arnold Schönbergs (1874–1951) kammersymfoni, som gjorde krav på å bli kalla ein symfoni, men som var skrive for eit mindre orkester. Dette skulle bli ein viktig tendens etter den fyrste verdskrigen.

1900-talet er prega av at dei største symfonikarane ikkje lenger var tyske. Symfonien blomstra, paradoksalt nok, i Sovjetunionen, ved Sergej Prokofjev (1891–1953) og Dmitri Sjostakovitsj (1906–1975). Verka deira står i eit ambivalent forhold til den offisielle sovjetiske kulturretninga, den sosialistiske realismen. Verka til Sjostakovitsj i sær har stundom (og ikkje utan kontrovers) vore tolka som tilslørt kritikk av Sovjetunionen og Josef Stalin (1878–1953).

I USA skreiv Charles Ives (1874–1954), Aaron Copland (1900–1990) og Samuel Barber (1910–1981), den fyrste generasjonen heilt og fullt amerikanske komponistar, symfonien i svært ulike former, medan England fekk sine fyrste store symfonikarar i Edward Elgar (1857–1934) og Ralph Vaughan Williams (1872–1958). Turangalîla-symfonien til franskmannen Olivier Messiaen (1908–1992) må bli nemnd som eitt av storverka frå hundreåret.

Symfonien er framleis ei attraktiv form for mange komponistar, både på grunn av den historiske prestisjen til genren og dei mange moglegheitene orkesteret gjev. Ein moderne symfoni kan ha eit nokså perifert forhold til dei tradisjonelle normene for genren, men vil vanlegvis ha referansar til den symfoniske tradisjonen i seg som rettferdiggjer namnet.

Symfonien i Noreg og Skandinavia

Harald Sæverud
Harald Sæverud (1897–1992) er gjerne rekna som den viktigaste norske symfonikaren i moderne tid.
Harald Sæverud
Av /NTB Scanpix ※.

Dei fyrste symfoniane i Noreg var skrivne av trondheimskomponistane Johan Daniel (1714–1787) og Johan Henrich Berlin (1741–1806) på 1700-talet. Etter desse isolerte verka var den neste norske symfonien skriven av Otto Winter-Hjelm (1837–1931) i 1861. Edvard Grieg (1843–1907) skreiv berre ein symfoni, som han gav ordre om aldri måtte framførast. Denne reaksjonen kom etter at han høyrte den fyrste symfonien til Johan Svendsen (1840–1911), som meir enn nokon kan kallast gudfaren til symfonien i Noreg. Av seinare norske symfonikomponistar står Harald Sæverud (1897–1992) i ei særstilling, men Johan Halvorsen (1864–1935), Fartein Valen (1887–1952) og Klaus Egge (1906–1979) har alle utmerkt seg i forma.

Av skandinaviske komponistar har verka til den finske Jean Sibelius (1865–1957) og den danske Carl Nielsen (1865–1931) fått ein plass i det internasjonale repertoaret.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brown, A. Peter et al.: The Symphonic Repertoire, fem bind, 2002–2012, Finn boka
  • Rosen, Charles: The Classical Style: Haydn, Mozart and Beethoven, 1997 (originalt 1972), Finn boka
  • Rushton, Julian (red.): The Cambridge Companion to the Symphony, 2013, Finn boka
  • Vollsnes, Arvid O. (red.) et al.: Norge musikkhistorie, fem bind 1999–2001, Finn boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg