Sergej Prokofjev

Faktaboks

Sergej Prokofjev
Sergej Sergejevitsj Prokofjev
russisk: Сергей Сергеевич Прокофьев
Uttale
prokˈofjev
Født
27. april 1891, Sontsovka (nå Sontsivka), Donetsk oblast, Ukrania
Død
5. mars 1953, Moskva, Sovjetunionen (nå Russland)
Sergej Prokofiev var en av de ledende russiske komponister på 1900-tallet
Av /US Library of Congress.

Sergej Prokofjev

Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Sergej Prokofjev var ein av dei leiande russiske komponistane på 1900-talet og er mellom dei mest folkekjære i den modernistiske tradisjonen.

Tidlege år

Prokofjev var fødd i Sontsovka, som då var del av det russiske tsarriket og i dag ligg i Aust-Ukraina. Han bygde karrieren i 1920-åra i Europa frå basen sin i Paris, med modernistiske verk som balletten Chout (op. 21), tredje klaverkonsert (op. 26) og operaen Kjærleik til tre appelsinar (op. 33).

Tilbake til Sovjetunionen

Det mest påfallande ved biografien til Prokofjev er avgjerda om å flytte heim att til Russland i 1936, midt under «Den store terroren» under Josef Stalin. Ein kan forklare dette valet med eit samanfall mellom den sovjetiske kulturpolitikken og Prokofjev si eiga musikalske utvikling. Den sovjetiske såkalla sosialistiske realismen innebar innanfor musikken storslått, men tydeleg og lettfatta, tematikk og melodi. Dette var som musikk i øyret til Prokofjev, som var desillusjonert i møtet med avantgarde-musikken i Europa i mellomkrigstida (jf. til dømes Arnold Schönberg). Han ønskte å trå etter det han kalla ei «ny enkelheit», som innebar mindre dissonans, mindre aggressivitet, meir lyrisk melodi og meir gjennomsiktig orkestrering – men i eit nytt tonespråk for ei ny tid. Eit av dei første, og mest illustrerande, verka i denne nye stilen er balletten Romeo og Julie (op. 64).

Vanskelege arbeidsforhold

Prokofjev oppdaga snart at dei kulturpolitiske rammene i Sovjetunionen var langt trongare og lunefulle enn det han hadde innbilt seg og vorte førespegla. Stilen hans var for særmerkt, og stjernestatusen for høg, til eit stabilt og lukkeleg liv og virke i Sovjetunionen. Dei 17 åra der vart ein berg- og dalbane mellom fordømming og lovprising – sensur og rehabilitering. Mykje av programmusikken og fleire av dei dramatiske verka hans, som operaen Krig og fred (op. 91), vart kritiserte for ikkje å vere heroiske og patriotiske nok. Femte symfoni (op. 100) vann den prestisjetunge stalinprisen. Sjette symfoni (op. 111), trass svært likt tonespråk, fekk påklistra merkelappen «formalisme» og vart bannlyst. Samstundes vaks det i 1950-åra fram ein ny generasjon sovjetiske musikarar som forsvarte Prokofjev standhaftig, leidd av pianisten Svjatoslav Richter og cellisten Mstislav Rostropovitsj.

Trass i dei vanskelege arbeidsforholda er det frå denne sovjetiske perioden at mange av dei i ettertid mest lovpriste verka til Prokofjev stammar. I tillegg til verka ovanfor kjem ein ikkje utanom å nemne Peter og ulven (op. 67), filmmusikken til Alexander Nevskij (op. 78) og dei fire siste klaversonatane. Prokofjev sjølv sette, ifølgje Richter, den femte symfonien aller høgast.

Føregangsmann

«Enkelheita» til Prokofjev inneber på ingen måte minimalisme, og musikken hans er tydeleg forankra i den modernistiske tradisjonen. Han var ein føregangsmann òg for moderne scenekunst, særleg gjennom den slåande operaen Kjærleik til tre appelsinar, frå 1919. Denne operaen innførte fleire modernistiske trekk nokre år før dei byrja å dukke opp på teateret, slik som metateater og det å bryte den fjerde veggen. Banebrytande var òg samarbeidsprosjekta med filmskaparen Sergej Eisenstein to tiår seinare.

Skjebnens ironi ordna det slik at Prokofjev døydde i Moskva 5. mars 1953, same dag som Stalin.

Hovudverk

Operaer

op. År
Kjærligheten til de tre appelsiner 33 1919
Krig og fred 91 1941–43

Ballett

op. År
Romeo og Julie 64 1938
Askepott 87 1945

Orkester

op. År
Symfoni nr. 1 i D-dur (Klassisk symfoni) 25 1916–17
Symfoni nr. 2 i d-moll 40 1924–25
Symfoni nr. 3 i c-moll 44 1928
Symfoni nr. 4 i C-dur 47 1929–30
Symfoni nr. 5 i B-dur 100 1944
Symfoni nr. 6 i Ess-dur 111 1945–47
Symfoni nr. 7 i ciss-moll 131 1951–52
Klaverkonsert nr. 1 i Dess-dur 10 1911–12
Klaverkonsert nr. 3 i C-dur 26 1917–21
Klaverkonsert nr. 4 i B-dur 53 1931
Klaverkonsert nr. 5 i G-dur 55 1931–32
Fiolinkonsert nr. 1 i D-dur 19 1916–17
Fiolinkonsert nr. 2 i g-moll 63 1935
Cellokonsert i e-moll 58 1933–38
Suite fra Kjærligheten til de tre appelsiner 33 1919/1924
Suite nr. 1 og 2 fra Romeo og Julie 64 1936
Suite nr. 3 fra Romeo og Julie 101 1946
Suite nr. 1, 2 og 3 fra Askepott 107–09 1946
Peter og Ulven for orkester og forteller 67 1936

Kammermusikk

op. År
Strykekvartett nr. 1 i h-moll 50 1930
Strykekvartett nr. 2 i F-dur 92 1941
Sonate i C-dur for 2 fioliner 56 1932
Fiolinsonate i f-moll 80 1938–46
Fløytesonate i D-dur 94 1943
Cellosonate i C-dur 119 1949
9 klaversonater 1909-47

Filmmusikk

op. År
Aleksandr Nevskij 1938
Ivan den grusomme 116 1944

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jaffé, Daniel (1998). Sergey Prokofiev. London: Phaidon Press
  • Minturn, Neil (1997). The Music of Sergei Prokofiev. New Haven: Yale University Press
  • Morrison, Simon (2009). THe People's Artist: Prokofiev's Soviet Years. Oxford University Press
  • Nestyev, Israel V. (1960). Prokofiev. Stanford: Stanford University Press
  • Nice, David (2003). Prokofiev: From Russia to the West 1891-1935. New Haven: Yale University Press
  • Press, Stephen (2008). «'I Came Too Soon'. Prokofiev's Early Career in America», i Simon Morrison (red.): Sergey Prokofiev and His World. Princeton: Princeton University Press
  • Prokofiev, Sergei og David H. Appel (1979). Prokofiev by Prokofiev: A Composer's Memoir. New York: Doubleday & Co.
  • Prokofiev, Sergei (2006, 2008, 2012). Diaries. 3 bind. Redigert og oversatt av Anthony Phillips. London/Ithaca: Faber and Faber/Cornell University Press
  • Robinson, Harlow (1987). Sergei Prokofiev: A Biography. Boston: Northeastern University Press
  • Robinson, Harlow (red., 1998). Selected Letters of Sergei Prokofiev. Boston: Northeastern University Press
  • Schipperges, Thomas (2003). Prokofiev. London: Haus
  • Seroff, Victor (1968). Sergei Prokofiev: A Soviet Tragedy. London: Leslie Frewin
  • Taruskin, Richard (2010). Music in the Early 20th Century Music. Oxford History of Western Music. Oxford: Oxford University Press Inc

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg