Faktaboks

Ludwig van Beethoven
Uttale
bˈetåfən
Fødd
16. desember 1770, Bonn, Tyskland
Død
26. mars 1827, Wien, Austerrike
Levetidskommentar
Beethoven blei døypt 17. desember 1770 og ein går ut frå at han blei fødd dagen før.
Ludwig van Beethoven
Ludwig van Beethoven
Ludwig van Beethoven
Av .
Beethoven, Ludwig van (partitur)

Ein del av originalpartituret til Beethovens 9. symfoni

Av /KF-arkiv ※.
Beethoven
Byste av Beethoven på ein plint
Ludwig van Beethoven
Ludwig van Beethoven
Ludwig van Beethoven
Av .

Ludwig van Beethoven var ein tysk komponist. Han er eit av dei mest dominerande einskildmenneska i musikkhistoria, og markerer overgangen til den romantiske musikkepoken.

Beethoven bygde musikken sin vidare på wienerklassikarane Joseph Haydn og Wolfgang Amadeus Mozart. Han ville vere uavhengig frå fyrstar for slik å kunne komponere fritt. Som fri kunstnar og som kraftfull og sjølvkritisk komponist vart han prototypen på kunstnargeniet til romantikken. Beethoven vart døv då han var i 30-åra, levde åleine og vart oppfatta av mange som ein vanskeleg personlegdom. Ikkje noko av dette avgrensa hans skaparevne.

Liv

Heiligenstadt-testamentet
Heiligenstadt-testamentet er skrive til Ludwig van Beethoven sine to brør, men blei aldri sendt til dei. I teksten fortell Beethoven om korleis den byrjande høyrselssvekkinga påverkar han.
Heiligenstadt-testamentet
Av .

Ludwig van Beethoven var fødd i Bonn i dagens Tyskland. Slekta var opphavleg frå Flandern. Beethoven sin bestefar kom til Bonn i 1733, der han vart hoffkapellmeister. Sonen Johann, Beethovens far, var tenorsongar i hoffkapellet, men alkoholmisbruk førte til at han i 1789 vart oppsagd. Ludwig hadde seks søsken, men berre Ludwig og to yngre brør nådde vaksen alder.

Heimen til Beethoven var ikkje god, og Beethoven sin akademiske skulegang vart forsømd. Men dei musikalske talenta hans viste seg tidleg, og faren ville gjere han til eit vedunderbarn som Mozart. Han fekk difor allsidig musikkundervisning i klaver, orgel, fiolin, bratsj og musikkteori, først av faren, deretter av andre middelmåtige lærarar. Elleve år gammal fekk han ein utmerkt lærar i Christian Gottlob Neefe. Neefe underviste han i klaver, orgel, generalbass og komposisjon, gav han ei god teoretisk skolering og introduserte han til Johann Sebastian Bach si verd gjennom Bach sitt verk Das Wohltemperierte Klavier, som den gong berre fanst i avskrifter.

Suksessen

Allereie åtte år gammal opptredde Beethoven offentleg som pianist i Köln. Elleve år gammal gav han konsert i Nederland, og tretten år gammal gav han ut tre klaversonatar. I 1783 vart han cembalist i hofforkesteret og året etter vart han utnemnd til hofforganist. Etter dette hadde han inga fast tilsetjing, men levde som fri kunstnar. I 1787 reiste han med støtte frå kurfyrsten til Wien for å studere hjå Mozart, men måtte etter to veker reise heim igjen då mora vart dødssyk. I 1789 vart han innskriven ved universitetet. Han hadde etter kvart fått mange venner i dei høgare sosiale og økonomiske krinsane i Bonn.

Etter at Beethoven flytta til Wien i 1792 etablerte han seg raskt som meisterpianist og komponist av pianomusikk. I Wien fekk han betre lærarar i Joseph Haydn, Johann Georg Albrechtsberger, Antonio Salieri og Johann Baptist Schenk. Ved hundreårsskiftet dreia interessa hans over på strykekvartettar, og han skreiv då også dei to første symfoniane sine. I 1795 gav han ut tre klavertrioar som opus 1 og tre klaversonatar, dediserte til Haydn, som opus 2.

Wien var på den tida rekna som Europa sitt musikksentrum. Dit kom komponistar og utøvande kunstnarar frå heile Europa, og det var eit rikt konsertliv. Dette miljøet verka svært stimulerande på Beethoven si skaparevne, og i åra framover komponerte han ei lang rekkje udødelege verk. Han vart snart svært verdsett i Wien, ikkje minst i høgadelege krinsar.

Beethoven utvikla eit svært godt forhold til dei velståande wienerane og greidde fort å få seg levebrød som sjølvstendig pianist, komponist og lærar. Seinare, då høyrselen vart svakare, tok komponeringa heilt over, og han vart den første kjende komponisten i historia som levde av berre å skrive musikk når han sjølv ville. Han vart mellom anna kjend med adelsfamilien Brunsvik, fyrstane Lichnowsky, Kinsky, Lobkowitz og erkehertug Rudolf. Dei tre sistnemnde gav han til og med ei æreslønn på 4000 florinar i året. Han fekk òg gode honorar av forleggjarane sine, og klaverelevane hans betalte godt.

Han opptredde ofte som pianist og vart berømt for sitt virtuose, men djerve og temperamentsfulle spel og dei fantasifulle improvisasjonane sine. Verka hans vart lengre og meir ambisiøse, og han tok til å utvide grensene for den wienerklassiske forma. Snart var han den mest namngjetne og kritikarroste komponisten i verda, og verka hans vart spela over heile Europa.

Kriser

Rundt 1802 gjekk han igjennom ei personleg krise, utløyst av innsikta om at han var i ferd med å verte heilt døv. Så tidleg som i 1796 merket han svikt i høyrselen, og i 1802 skreiv han det såkalla Heiligenstadt-testamentet, der han seier: «Å, de menneske som held meg for fiendtleg, trassig eller misantropisk, kva urett de gjer meg, for de kjenner ikkje den hemmelege årsaka». Ørelidinga auka etter kvart. Han søkte legar og prøvde å skjule høyrselshemminga, men vart stadig verre. Andre sjukdommar kom òg til.

Beethovens to yngre brør hadde òg slått seg ned i Wien. Johann vart ein velholden mann, medan Karl hadde liknande problem som far sin, og han skaffa Beethoven mykje bryderi og store utlegg. Då Karl døydde i 1815 vart Ludwig formyndar for nevøen og fekk store utlegg og prosessar med på kjøpet. Etter kvart vart Beethoven meir innovervend, både personleg og i musikken sin. Han hadde mist nesten all høyrsel, og den politiske depresjonen som følgde etter Napoleon sitt nederlag gjorde det vanskeleg å få framført musikk. Alt dette gjorde at han trekte seg tilbake og vart einsam, bitter og menneskesky. Han konsentrerte seg om strykekvartettar og skreiv den mest utfordrande og innovative musikken sin i denne perioden.

I 1814, få år før han hadde vorte heilt døv, opptredde han for siste gong som pianist, og i 1824 «dirigerte» han for siste gong ein konsert. Det vil seie at han stod ved dirigentpulten medan koret og orkesteret til den 9. symfonien hans vart leidd av to andre. Heilt til sine siste dagar var han oppteken med å skape nye verk, både ein opera, eit oratorium og 10. symfoni, som aldri vart ferdige. I 1826 tok sjukdommane hans ei alvorleg vending. Sjukdom svekte han meir og meir, og han døydde i 1827 i Wien, sannsynlegvis av komplikasjonar frå leversjukdom. Beethoven vart gravlagd på Wäringer Friedhof, men vart i 1888 overførte til Zentralfriedhof.

Verk

Beethoven sin skaparprosess blir ofte delt inn i tre periodar. Inndelinga må berre reknast som omtrentleg, men er nyttig for å få fram det svært viktige utviklingsperspektivet for skapargjerninga hans.

Den klassiske perioden

Den første perioden strekkjer seg fram til 1802, men omfattar ikkje dei tidlegare verka frå tida i Bonn. I denne perioden blanda Beethoven samtida sin musikalske stil og søkte seg fram mot eit personleg tonespråk. Viktige verk frå denne perioden er dei seks strykekvartettane opus 18, dei ti første klaversonatane og dei to første symfoniane.

Beethoven studerte i denne perioden under Haydn og vart snart lagd merke til, med eit kjensleregister som alt no var større enn vanleg. Dette kjem tydeleg fram i Sonata Pathétique, opus 13, frå 1799, som startar med store, dramatiske akkordar i det låge registeret, som til då hadde vore uhøyrde i ein pianosonate. Først rundt 1800 torde han å komponere i Haydn sine paradegreiner: strykekvartettar og symfoniar.

Den heroiske perioden

Den andre perioden går fram til omkring 1816, og det karakteristiske for denne perioden er Beethoven sitt kunstnariske sjølvstende. Det er verka frå denne perioden som vart dei viktigaste for komponistgenerasjonen etter Beethoven: mellom anna symfoni nr. 3–8, operaen Fidelio og klaverkonsert nr. 4 og 5.

Rundt 1802 var høyrselen hans så dårleg at han tok til å isolere seg frå det offentlege livet. Han var nær ved å ta livet sitt av skam og frykt, og som han skreiv i eit brev til brørne: «Berre kunsten heldt meg attende.»

Tredjesymfonien, Eroica, opus 55, var lengre enn nokon tidlegare symfoni og eit svært personleg uttrykk for Beethoven sin eigen stridsvilje. Sjølv om han forundra nokre lyttarar, sende symfonien den klassiske musikken inn på ein ny kurs, der komponisten kunne utfordre publikum til å lytte og ta stilling til musikk på eit djupare plan enn berre underhaldning.

Beethoven skreiv den einaste operaen sin, Fidelio, opus 72, i 1805. Han treivst betre med instrumentalmusikk, og i 1808 fullførte han den femte symfonien, Lagnadssymfonien, opus 67, nok eit uttrykk for komponisten sin vilje til å overvinne lagnaden. Det fremste kjenneteiknet ved dette verket er den tematiske einskapen i førstesatsen, der det umiskjennelege rytmiske motivet (kort-kort-kort-lang) vert teke opp att og opp att nesten utan avbrot i ulike variantar gjennom heile satsen.

Den sjette symfonien, Pastorale, opus 68, var like innovativ, men på ein annan måte. Kvar sats har ein skildrande tittel, slik som «Scene ved bekken» eller «Torevêr og storm». Dette er òg reflektert i komposisjonen, som fleire gonger imiterer til dømes vêrfenomen og fuglelydar. Skilnaden mellom tematisk einskap i den femte symfonien og deskriptiv naturromantikk i den sjette illustrerer korleis Beethoven paradoksalt nok kunne verte det store idealet for begge dei stridande hovudretningane i romantikken, absolutt og programmatisk musikk.

Den introverte perioden

Den tredje perioden, der verka blir meir reflekterande og introverte, omfattar mellom anna Diabellivariasjonane, Missa solemnis og 9. symfoni. Generasjonen etter Beethoven oppfatta verka frå den siste perioden som nyskapande; ein stilte seg nærast uforståande til hans siste strykekvartettar og klaversonatar.

Napoleon hadde vore det store idealet for den yngre Beethoven. Etter det endelege franske nederlaget i 1814 kom komponisten, som var ein open sympatisør av ideala frå den franske revolusjonen, under overvaking i Austerrike. Dei siste restane av høyrselen forsvann, og helsa vart dårlegare. Han vart humørsjuk og isolert.

Den heroiske stilen var no uaktuell, og Beethoven vende seg i staden innover, for å undersøkje nye musikalske former, først og fremst i dei såkalla «seine strykekvartettane», nr. 12–16. Aldri før var han så open om å kaste vrak på dei gamle reglane, og mottakinga frå publikum og kritikarar var svært blanda.

Symfoni nr. 9, opus 125, frå 1824 var Beethoven si endelege avvising av den tradisjonelle symfoniforma, med det uhøyrde grepet å ta inn kor og solistar i ein «ekstra» femtesats. Den meisterlege kombinasjonen av innovasjon og akting for tradisjonen gjorde at dette verket har stått som eit ruvande ideal for komponistar i ettertida.

Ettermæle

Beethoven sitt ettermæle i musikkhistoria er særs stort. For dei romantiske komponistane på 1800-talet var Beethoven idealet, som heroisk kjempa seg igjennom personleg liding for å gi menneska eit glimt av den guddommelege musikken. Han endra biletet av kva ein komponist kan vere, frå ein arbeidstakar som lydig skriv for å underhalde, til ein fri kunstnar som kompromisslaust skriv for å uttrykkje sine eigne indre kjensler. Dette hadde vore ein draum for mellom anna Mozart. Beethoven kunne leve av å komponere utan fast tilknyting til ein arbeidsgivar, sjølv om han vart støtta av sentrale kunstelskende fyrstar. Dermed kunne den indre skapande nødvendigheita vere drivkrafta for Beethoven sine komposisjonar.

Beethoven var ein meister når det gjaldt form. Spesielt viser dette seg i behandlinga hans av sonateforma, og symfoniforma vart i Beethoven sine hender gjort til det mediet som til fulle kunne vise meisterevna til ein komponist. Beethoven gjorde den wienerklassiske instrumentale musikkstilen fullendt, men han førebudde òg romantikken i musikken. Slik var han inspirasjon for mellom andre Franz Schubert, Robert Schumann, Johannes Brahms. Ein kan seie at musikken hans vart grunnlaget for omtrent heile den seinare europeiske symfoniske musikken på 1800-talet, til dels òg inn på 1900-talet.

Verk

Orkestermusikk

Symfoniar Opusnummer År
Nr. 1 i C-dur 21 1799–1800
Nr. 2 i D-dur 36 1801–1802
Nr. 3 i Ess-dur, Eroica 55 1803–1804
Nr. 4 i B-dur 60 1806
Nr. 5 i c-moll, Skjebnesymfonien 67 1804–1808
Nr. 6 i F-dur, Pastorale» 68 1807–1808
Nr. 7 i A-dur 92 1811–1812
Nr. 8 i F-dur 93 1811–1812
Nr. 9 i d-moll (med korfinale) 125 1822–1824
Leonore-ouverture nr. 2 og 3 72a 1805
Leonore-ouverture nr. 1 138 1805–1806

Konsertar

Klaverkonsertar Opusnummer År
Nr. 1 i C-dur 15 1798
Nr. 2 i B-dur 19 1795–1798
Nr. 3 i c-moll 37 1800
Nr. 4 i G-dur 58 1805–1806
Nr. 5 i Ess-dur, Keiserkonserten 73 1809
Konsert for fiolin, cello og klaver i C-dur 56 1804
Fiolinkonsert i D-dur 61 1806

Kammermusikk

Strykekvartettar Opusnummer År
6 kvartettar 18 1798–1800
3 kvartettar, Rasumowsky 59 1806
Nr. 10 i Ess-dur 74 1809
Nr. 11 i f-moll 95 1810
Nr. 12 i Ess-dur 127 1822–1825
Nr. 13 i B-dur 130 1825
Nr. 14 i ciss-moll 131 1825–1826
Nr. 15 i a-moll 132 1825
Nr. 16 i F-dur 135 1825
Grosse Fuge i B-dur 133 1825
Fiolinsonatar Opusnummer År
Nr. 5 i F-dur, Vårsonaten 24 1801
Nr. 9 i A-dur, Kreutzersonaten 47 1803
Klavertrioar Opusnummer År
Nr. 4 i Ess-dur 37 1790–1791
Nr. 5 i B-dur, Erkehertugen 97 1811
2 cellosonater, C-dur og D-dur 102 1815

Klavermusikk

32 klaversonatar (utvalg) Opusnummer År
Nr. 8 i c-moll, Pathétique 13 1798–1799
Nr. 12 i Ass-dur (med sørgemarsj) 26 1800–1801
Nr. 14 i ciss-moll, Måneskinnssonaten 27, nr. 2 1800–1801
Nr. 21 i C-dur, Waldstein 53 1803–1804
Nr. 23 i f-moll, Appassionata 57 1804–1805
Nr. 26 i Ess-dur, Les adieux 81a 1809–1810
Nr. 29 i B-dur, for hammerklaver 106 1817–1819
Nr. 30 i E-dur 109 1820
Nr. 31 i Ass-dur 110 1821
Nr. 32 i c-moll 111 1822

Scenemusikk

Verk Opusnummer År
Die Geschöpfe des Prometheus 43 1800–1801
Fidelio (opera) 72 1805–1814
Egmont (musikk til Johann Wolfgang von Goethes skuespill) 84 1809–1810
Die Ruinen von Athen (musikk til August von Kotzebues skuespill) 113 1811

Kor og orkester

Verk Opusnummer År
Christus am Ölberg (oratorium) 85 1803–1804
Messe i C-dur 86 1807
Missa solemnis 123 1818–1823

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Baker, Anne Pimlott: Ludwig van Beethoven, 2002
  • Beethoven, Ludwig van: The letters of Beethoven, collected [...] by E. Anderson, 1961, 3 b.
  • Beethoven, Ludwig van: Selected letters of Beethoven, ed. by A. Tyson, 1967
  • Geck, Martin: Beethoven, 2003
  • Grout, Donald Jay et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001
  • Landon, H.C. Robbins: Beethoven : his life, work and world, 1992
  • Lockwood, Lewis: Beethoven : the music and the life, 2003
  • Solomon, Maynard: Beethoven, 2nd ed., 1998
  • Stanley, Glenn, red.: The Cambridge companion to Beethoven, 2000
  • Wyn Jones, David: The life of Beethoven, 1998

Faktaboks

Ludwig van Beethoven

Kommentarar (8)

skreiv Rune Hokland Madsen

God informasjon om Beethoven. Hr en oppgave på skolen, så jeg bruker denne artikkelen.

skreiv Georg Kjøll

Det er hyggelig å høre, Rune! Lykke til videre med oppgaveskriving. Hilsen Georg

skreiv Mona Karlsen

Hei !Veldig mye nyttig info!Jeg skal skrive om han i et prosjekt og det her var veldig nyttig !Mona(12)

skreiv jens Småge

tredje setning andre avsnitt er det ein skrivefeil
det er den i en som er ↓
Elleve år gammel fikk han en utmerket lærer i Christian Gottlob Neefe.

Jens K. Småge(15)

svarte jens Småge

Trykte publiser flere ganger derfor blei det to. Ops.

svarte Halvor K. Hosar

Hei, og takk for innspill! Om det var i-en du tenkte på, er nok ikke dette direkte feil, men kanskje en noe gammeldags uttrykksmåte. Tips fra publikum er uansett noe vi setter pris på!

Halvor

skreiv jens Småge

tredje setning andre avsnitt er det ein skrivefeil
det er den i en som er ↓
Elleve år gammel fikk han en utmerket lærer i Christian Gottlob Neefe.

Jens K. Småge(15)

svarte jens Småge

e hadde litt skrivefeil e å

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg