Arnold Schönberg var ein austerriksk komponist og målar. Han var ein pioner for både atonal og seriell musikk – dei kanskje mest banebrytande nyvinningane innanfor klassisk musikk på 1900-talet.
Schönberg kom frå ein rimeleg fattig familie, og då faren døydde i 1891, slutta han på skulen og fekk seg jobb i ein bank. Han tok aldri formell utdanning, men då han var i tjueåra, fekk han inntekt mellom anna ved å arrangere operettar og ta andre lause jobbar i musikkindustrien. Seinare arbeidde han mykje som lærar, og dei mest prominente elevane hans i Wien var Anton Webern og Alban Berg, som saman med Schönberg dannar det vi kallar «den andre wienerskulen». Sidan komposisjonsverksemda hans ikkje gav noka nemneverdig inntekt, arbeidde han med undervisning sjølv etter at han vart ein verdskjend komponist.
Schönberg var den første til å komponere atonalt, altså utan å orientere musikken rundt eit tonalt sentrum. Han hadde fleire teknikkar for å strukturere musikken, der den viktigaste var «tolvtoneteknikken» (dodekafoni). Denne teknikken la grunnlaget for den moderne serialismen, der ein organiserer alle musikalske parametrar i liknande rekkjer.
Heilt sidan musikken og teoriane hans vart kjende, har Schönberg vore ein av dei mest splittande personlegdomane i musikkhistoria. Han forma den klassiske tradisjonen på 1900-talet meir enn nokon annan, men auka samstundes gapet mellom dei profesjonelle komponistane og den lyttande allmenta. Frå Webern og Berg til Pierre Boulez, Karlheinz Stockhausen og vidare heldt påverknaden frå Schönberg stand gjennom skiftande estetikkar og komposisjonsmetodar gjennom heile 1900-talet og fram til i dag.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.