sonatesatsform

Sonatesatsform er ei musikalsk form som oppstod på midten av 1700-talet. Forma er rekna som den viktigaste i klassisk musikk frå og med klassisismen, og har vore sentral både for musikkhistoria og den breiare åndshistoria dei siste 250 åra.

Faktaboks

også kjent som:

sonateform, sonata allegro-form

Form

Sonatesatsforma er bygd på eit grunnleggjande formprinsipp, kalla sonateprinsippet, som krev at alle idear som blir introdusert i ein annan toneart enn grunntonearten må bli spela i grunntonearten før satsen er over. Denne idéen kan ein finne i andre former som slektar på sonatesatsforma.

Ei sonatesatsform inneheld tre overordna seksjonar, som er kalla eksposisjon, gjennomføring og reprise. Kvar av desse inneheld eigne underdelar, og har ulike roller i ein sats.

På eit grunnleggjande plan presenterer eksposisjonen materiale (vanlegvis minst to tema) som modulerer frå grunntonearten (tonika) til ein annan toneart (dominanten i dur, vanlegvis parallelltonearten i moll). Gjennomføringa spinn vidare og intensiverer materialet, medan reprisen presenterer det på nytt i grunntonearten.

Ein kan tenkje på forma som ein parallell til eit klassisk drama i tre akter, der aktane introduserer, vidarefører og løyser ein konflikt.

Eksposisjon

Eksposisjonen inneheld minst to tema, kalla fyrstetema og andretema, som er spela i kvar sin toneart, vanlegvis tonika og dominanten. Desse er skilde av ein overgang, som har som rolle å modulera frå den eine tonearten til den andre. Eksposisjonen presenterer difor både det tematiske materialet i satsen og eit tonalt «problem» som må bli løyst seinare i satsen. Temaa vil ofte ha ulik musikalsk karakter. Soleis kan ein samalikne temaa med karakterar, og skiftet i toneart med ein konflikt som må løysast.

Tematisk oppbygdnad av eksposisjonen.

Sonatesatsform – oversyn over eksposisjon

Gjennomføring

Gjennomføringa vil vanlegvis vere basert på ei musikalsk vidarespinning på idéar frå eksposisjonen, men i andre toneartar og med eit meir intensivt, uføreseieleg tonespråk. Temaa blir her gjerne kutta opp i fragment, og at desse blir sett saman på kreative vis.

Gjennomføringar sluttar gjerne med eit attendeføringstema, ein eigen bolk som har i oppgåve å bu lyttaren på at reprisen er på veg.

Reprise

I reprisen gjentek ein vanlegvis temaa frå eksposisjonen, men då med båe temaa i grunntonearten. På dette viset løyser ein det «tonale» problemet i eksposisjonen. Fyrstetemaet kan bli gjenteke eksakt, men ein må skrive om andretemaet for å passa i grunntonearten.

Sidan temaa ikkje modulerar, mistar overgangen rolla si frå eksposisjonen, og han må difor bli skrive om. Ein vanleg strategi er å byrja han i subdominanten. Distansen mellom subdominant og tonika er like stor som mellom tonika og dominant, og i slike tilfelle kan ein difor i store trekk bruka opp att overgangen. Vel så ofte ser ein derimot at han blir skrive fullstendig om.

Tematisk oppbygnad av reprise.

Sonatesatsform – oversyn over reprise

Repetisjonar og tillegg

På 1700-talet var det vanleg å repetera eksposisjonen for seg, men gjennomføringa og reprisen i lag. For å få ei form for symmetri var dei to sistnemnde gjerne noko kortare enn eksposisjonen. Mot slutten av hundreåret forsvann den sistnemnde repertisjonen, og repetisjon av eksposisjonen blei uvanlege utover 1800-talet.

I større satsar finn ein stundom fleire element enn det som er skissert over. Kvar toneart kan ha meir enn eitt tema, og då kallar ein dei gjerne temagrupper. Stundom opnar satsar med ein langsam introduksjon. Denne kan ha musikalske koplingar til resten av verket, men blir sjeldan spela opp att.

Somme satsar har i tillegg ein koda til slutt, slik at ein får nytt materiale til slutt i satsen. I slike tilfelle er ofte ein del av musikken frå eksposisjonen utelate i reprisen.

Historie

Sonateprinsippet oppstår i løpet av den fyrste halvdelen av 1700-talet, og sonatesatsforma får den vanlege forma si i løpet av den andre halvdelen. I denne perioden finn ein mange døme på former som liknar på sonatesatsform, men som skil seg frå den kodifiserte forma på ulike vis.

Framveksta av slike former kan ein forstå i ljos av ei ny forståing av korleis ein skulle framstille menneskeleg kjensleliv i musikk. På byrjinga av hundreåret skulle ein sats vanlegvis skildra ein affekt, men kring 1730 blei det meir og meir vanleg å sidestilla framstillingar av ulike kjensler. Å modulera til dominanten hadde lenge vore ein sjølvsagt del av den musikalske praksisen, og denne blei no ein måte å framstilla eit slikt skilje – modulasjonen gjekk frå å vera sjølvsagt til å bli framheva som eit brot i musikken.

Mindre former og Scarlatti-form

Domenico Scarlatti brukte ofte ein variant av sonatesatsform i klaververka sine.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Ein kan soleis finne alternative satsformer som med tida forsvann. Som synt over har eksposisjonen tre ulike seksjonar, som kvar har ei rolle. Ein finn lenge døme på satsar der desse framleis ikkje er heilt fråskilde, og eitt tema kan her tene fleire funksjonar. Dette tok forma av at det ikkje var nokon overgang, men at anten fyrste eller andretemaet fekk i oppgåve å modulera.

Den viktigaste slektningen til sonatesatforma frå 1700-talet er den såkalla Scarlatti-forma. Denne liknar på ei sonatesatsform utan gjennomføring, men når fyrstetemaet kjem att i reprisen er dette framleis i dominanten. Vegen attende til grunntonearten blei ofte dramatisert med utsving til andre toneartar, som stundom kunne bli nokså lange, slik at overgangen i reprisen kunne likne ei gjennomføring. Sidan fyrstetemaet i utgangspunktet var presentert i tonika kan ein forstå dette som ein variant av sonatesatsform, sjølv om «reprisen» byrjar i feil toneart.

Scarlatti-form – tematisk oppbygnad.
Scarlatti-form – tematisk oppbygnad

Tidleg sonatesatsform og formkompleksitet

Når ein ser på sonatesatsformer frå den same tida, ser ein at gjennomføringa gjerne byrja med at ein spela opp att fyrstetemaet i andretonearten. Den store skilnaden på denne forma og Scarlatti-forma er difor om fyrstetemaet til slutt blir gjenteke i tonika, slik at både grunntonearten og fyrstetemaet dukkar opp att samstundes. Denne «doble heimkoma» har ofte vore sett på som trekket ein bruker for å skilja sonatesatsform frå liknande former.

Det er ikkje automatisk slik at satsar i eigentleg sonatesatsform er meir avanserte enn dei som ikkje er det: Satsar som har færre komponentar er stundom basert på idear som er rikare i omfang og kreativitet, og komponisten har difor vald ei kortare form for å unngå at satsen blei for lang. Valet av form var difor lenge ein balansegang basert på kor stor satsen skulle vere og kva for musikalsk materiale ein skulle bruke.

Tidleg sonatesatsform – tematisk oppbygnad.
Tidleg sonatesatsform – tematisk oppbygnad.

Den wienerklassiske sonatesatsforma

Joseph Haydn hadde ein særeigen innfallsvinkel til sonatesatsform; aller mest kjent er bruken hans av monotematiske sonatesatsformer.

Etter om lag 1770 vann den kodifiserte sonatesatsforma nesten universelt fram. Dette er langt på veg eit resultat av at enkeltsatsar stadig blei lengre og meir ambisiøse, og den Scarlatti-forma og andre mindre variantar blei difor mindre aktuelle.

Som eit resultat av denne utvidinga blei det òg stadig vanlegare at fyrste- og andretemaet fekk ulik karakter. Fyrstetema var gjerne skrivne for å gje satsen ei klar og kraftfull opning, medan andretemaet fekk ein rolegare, syngande karakter. Mange komponistar enda eksposisjonen med andretema med ein hurtig, munter karakter, og dette er stundom kalla eit «sluttema».

Joseph Haydn er eit særtilfelle innanfor historia til sonatesatsforma, og syner farane ved å binda seg for sterkt til denne forståinga. Han er særleg kjend for bruken av monotematiske satsar, der fyrste- og andretemaet er basert på den same grunnidéen, som blir utvikla på ulikt vis, som for å syna det mangfaldige potensialet i materialet. For mange repetisjonar av det same materialet kunne lett bli keisamt, og Haydn skriv difor om reprisane langt meir enn andre komponistar. Dette kom av ei forståing av at det musikalske materialet skulle skapa den endelege forma, og ikkje av ei primitiv forståing av sonateprinsippet.

Sonatesatsform på 1800-talet

Beethoven skreiv langt lengre sonatesatsformer enn nokon komponist før han.
Ludwig van Beethoven
Av .

Med Beethoven og generasjonen etter han går sonatesatsforma inn i ein ny periode. Frå og med Eroica-symfonien sprengte Beethoven proporsjonane musikken fram til då hadde vore skrive innanfor. Sjølv om han med det strengt tala ikkje tilførte sonatesatsforma noko nytt, hadde det store konsekvensar for måten ho var brukt på. Det blei med dette meir vanleg å ha fleire tema i kvar gruppe av eksposisjonen. Codaen blei òg ein meir vanleg del av reprisen, for på det viset å bryta opp symmetrien i forma, som elles hadde kunne blitt føreseieleg.

Når formene blei større, og tonespråket samstundes blei rikare og meir kromatisk, blei toneartsspenninga mellom temagruppene mindre viktig. Mange komponistar byrja å bruke andretoneartar som hadde færre felles tonar med grunntonearten enn dominanten (i sær mediantane). Det tonale aspektet ved forma forsvann likevel meir og meir, og skilnad i karakteren til ulike tema blei difor viktigare. Ein kan grovt seie at ein i løpet av karrieren til Beethoven går frå at sonatesatsform var ein tonal konstruksjon til at det blir ein tematisk konstruksjon.

Kodifisering og forsteining

Det er denne versjonen av sonatesatsforma som blei kodifisert av teoretikarar som Antonín Reicha og Adolf Bernhard Marx. Teoriane deira var meint å syne studentar korleis dei kunne skrive nye komposisjonar i stilen til Beethoven (og i mindre grad Mozart), ikkje korleis dei kunne forstå eksisterande satsar. Dette gjorde på den eine sida at sonatesatsform blei etablert som ein konservativ form, på den andre sida at formnyansane i 1700-talsmusikken i liten grad blei forstått.

For eit moderne publikum er kjønnsaspektet ved denne forståinga det vanskelegaste å akseptera: Energiske fyrstetema og syngande andretema blei no sett på som essensielle aspekt ved forma, og respektivt kalla «maskuline» og «feminine» tema; at andretemaet til slutt blei gjenteke i tonearten til fyrstetemaet kunne då bli tolka som at det mannlege anten overvann eller blei frelst gjennom det kvinnelege. I praksis kan denne forståinga bli ført attende til ouverturen til Carl Maria von Webers opera «Jegerbrura» (Der Freischütz; 1820), der fyrste- og andretemaet refererer til hovudpersonane Max og Agathe, men ikkje lenger enn dette. I samtida var dette nær universelt akseptert, og for å fylgje forma til dei store sonatesatformane frå 1800-talet er det ofte enklast å fylgja karakteren til dei ulike temaa.

Stereotyp oppfatting av samsvar mellom tema og affekt.
Stereotyp oppfatting av samsvar mellom tema og affekt

Intellektuell prestisje og kontrovers

Trass i tendensane mot forsteining var sonatesatsforma enormt viktig for musikkforståinga på 1800-talet. Medan musikk tidlegare var sett på som ei lågare kunstform, som var hugeleg men måtte bli kombinert med sang for å få eigentleg meining, gjorde sonatesatsforma det mogleg å skapa absolutt musikk, musikk som kunne skapa sine eigne handlingar utan å måtte referera til noko utanfor seg sjølv.

Mykje av debatten om musikkens natur på andre halvdel av hundreåret dreia seg om denne evna var faktisk eller illusorisk. Sjølv komponistar som meinte at slike «handlingar» blei for lite konkrete, og at ein måtte kombinera dei med eikor form for tekstleg program (så som Liszt, Berlioz og Wagner), kravde alle å vera etterkomarar av Beethoven, og skreiv sjølve verk i sonatesatsform. For formelt konservative komponistar som Schumann og Brahms var sonatesatsforma den sjølvskrivne forma for instrumentalsatsar i stor skala.

Sonatesatsform på 1900-talet

Komponistar som Dmitrij Sjostakovitsj har synt at sonatesatsform kan vere eit formgjevande prinsipp sjølv i sein-tonal og post-tonal musikk.

Av /NTB Scanpix ※.

Sonatesatsform har vore brukt òg av seinare komponistar, ofte i modifiserte variantar for at forma skal fungere i eit tonespråk som ikkje lenger er reint tonalt. I slike verk har komponistar gjerne prøvd å kombinera kontrastane i tema og storform – kort sagt å presentera ulike tema og ta dei frå kvarandre for så å setja dei i hop att på vis som liknar tidlegare sonatesatsformer.

Ein finn òg mange døme på komponistar som har prøvd å etterlikna dei tonale kontrastane i eit moderne tonespråk. Desse løysingane er gjerne personlege, og dei har ikkje endra forståinga vår av forma. Ein kan difor finne verk i «sonatesatsform» i dei fleste stilartar, utan at dei treng ha så mykje til felles utover dette namnet.

Slike forsøk kan i seg sjølv vere kunstnarisk viktige er openbart frå verk som symfoniane til Mahler og Sjostakovitsj, men dei har ikkje ført til større skifte korkje i måten sonatesatsform har vore forstått eller komponert på. Trass i at opphavet ofte knapt er attkjenneleg, stimulerer likevel sonatesatsforma framleis til musikalsk nyskaping og kreativitet hjå moderne komponistar.

Variantar av sonatesatsforma

Sonatesatsform utan gjennomføring

Dette er ein sonatesatsform med berre eksposisjon og reprise. Denne forma er gjerne brukt i satsar i langsame tempo, så som andresatsar i symfoniar, som ville bli for lange om ein hadde med ei gjennomføring.

Sonatesatsform utan reprise – tematisk oppbygnad.
Sonatesatsform utan reprise – tematisk oppbygnad

Sonate-rondo

Dette er ein rondo-aktig sats med eit gjennomgåande ritornell som òg fungerar som fyrstetema, der den fyrste episoden òg fungerer som eit andretema som blir gjenteke til slutt.

Sonate-rondo – tematisk oppbygnad.
Sonate-rondo – tematisk oppbygnad

Konsertform

Konsertar i sonatesatsform har ikkje repetisjonar, men i staden to eksposisjonar: ein orkestereksposisjon, som held seg i grunntonearten, og ein soloeksposisjon som modulerer til andretonearten. Trass i namnet spelar solisten sjeldan heile soloeksposisjonen utan orkesteret.

Konsertformeksposisjon – tematisk oppbygnad.
Konsertformeksposisjon – tematisk oppbygnad

Sonatesatsform i vokalmusikk

Sonatesatsform høyrer fyrst og fremst til instrumentalmusikken, men ein finn òg døme i vokalmusikk. Her legg ofte det tekstlege innhaldet legg føringar for utforminga.

Som døme kan ein bruka Kyrie-sats frå ei messe. Her blir dei ytre «Kyrie eleison»-bolkane gjerne skrivne som eksposisjon og reprise, men i staden for å skriva ei vanleg gjennomføring sette komponistar gjerne «Christe eleison» som ein mellomdel.

Sonatepåverka Kyrie-sats – tematisk oppbygnad.
Sonatepåverka Kyrie-sats – tematisk oppbygnad

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bonds, Mark Evan, Absolute Music – The History of an Idea, 2014
  • Caplin, William E., A Theory of Formal Functions for the Instrumental Music of Haydn, Mozart, and Beethoven, 1997
  • Diergarten, Felix og Markus Neuwirth, Formenlehre Ein Lese- und Arbeitsbuch zur Instrumentalmusik, 2016
  • Hepokoski, James og Warren Darcy, Elements of Sonata Theory: Norms, Types, and Deformations in the Late-Eighteenth-Century Sonata, 2006
  • Rosen, Charles, Sonata Forms, 1981

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg