kontrapunkt

Kontrapunkt. Eksempel på bruk av det dobbelte kontrapunkt, beregnet på at stemmene (i A) kan byttes om (som i B).

Av /Store norske leksikon ※.

Kontrapunkt er eit fellesnamn for musikalske teknikkar der to eller fleire musikalske stemmer med sjølvstendig rytme og kontur dannar ein heilskap, gjerne gjennom harmonisk innhald. Omgrepet er særleg brukt i vestleg klassisk musikk, men i breiare forstand er kontrapunkt eit grunnleggjande musikalsk konsept som ein kan finne i musikk frå heile verda.

Faktaboks

uttale:
kˈontrapunkt
etymologi:
av latin punctus contra punctum, ‘note mot note’

Sentrale prinsipp

Musikk blir kontrapunktisk gjennom å ha to eller fleire stemmer som blir opplevd som sjølvstendige melodiar. Denne kjensla blir sterkast om melodiane har ulik rytmikk, men i homorytmiske melodiar kan dei oppfattast som uavhengige gjennom å ha ulike melodiske konturar, og ved introduksjon av dissonansar som blir oppløyst gjennom at stemmene bevegar seg etter gjevne reglar. Kontrapunktiske stemmer kan bli brukt i kombinasjon med reine akkompagnementsstemmer, og i mange tilfelle kan det vere tvil om ein skal forstå musikk som kontrapunktisk eller ikkje.

Genre og teknikk

Kontrapunktiske teknikkar kan eksistera i dei fleste musikalske genrar og former. Ein kan likevel trekkje fram kanon og fuge som genrar der kontrapunktisk gjentaking av ein eller fleire idéar etter særskilde reglar blir eit hovudtrekk i den musikalske utforminga. Teknikkar som diminusjon, augmentasjon, omvending og krepsgang eksisterer nesten berre i kontrapunktisk musikk.

Ein særleg viktig teknikk finn ein i omvendbart kontrapunkt (òg kalla permutasjonskontrapunkt eller dobbelt/trippelt kontrapunkt). Her har ein to eller fleire melodiar som alle kan fungera som basslinje, og som difor tillét at ein skiftar materialet fritt mellom stemmene.

Pedagogikk

Opplæring i kontrapunkt har gjerne vore basert på musikken til Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525–1594) og Johann Sebastian Bach (1685–1750), som respektive mønsterdøme på renessanse- og barokkstil. Desse er ofte kalla modalt og tonalt kontrapunkt, og samsvarar langt på veg med strengt og fritt kontrapunkt (sjå historie). Opplæringa har tradisjonelt vore basert på artskontrapunkt, der ein gradvis introduserer nye noteverdiar og dissonanstypar, men i seinare år har pedagogiske metodar basert på faktiske komposisjonar vunne terreng.

Historie

Opphav og tidleg historie

Frå 1300-talet av er kontrapunkt gjerne nytta i tekster i ei meining som omfattar moderne omgrep som satslære og komposisjonslære. Ein kan derimot finne kontrapunktisk tankegang endå tidlegare i organum-komposisjonar, der ein la til ei eller fleire stemmer til ein eksisterande kyrkjemelodi. Slike melodiar blei seinare kalla cantus firmus. Ofte var eit cantus firmus gjeve i svært lange noteverdiar, som dei nykomponerte stemmane framførte langt hurtigare materiale over. Imitasjon mellom stemmene var òg tidleg eit kontrapuktisk verkemiddel.

Renessansen og den tonale epoken

Ein kan grovt skissert koka historia til kontrapunkt som musikalsk teknikk ned til utviklinga av tre delkomponentar:

  • Noteskrift som tillét meir og meir rytmisk nyansering mellom stemmene.
  • Samklagskonsept som konsonans, dissonans og regelbunden oppløysing av dissonansar, samt treklangar.
  • Ei endring frå ei melodisk forståing av kontrapunkt, der akkordar oppstår som eit resultat av stemmeføringa, til ei harmonisk forståing, der stemmeføringa blir kontrollert av harmonikken.

Kontrapunkt var lenge eigentleg læra om korleis ein skulle kombinere stemmer, og den viktigaste eigentlege komposisjonslæra. I seinrenessansen, på enden av utviklinga skissert over, oppstod generalbassen, og samstundes oppstod harmonilære som ein teoretisk motpol til kontrapunkt. Dette gjorde at kontrapunkt fekk den snevrare moderne meininga av ordet. I den tonale tidsperioden endra reglane for kontrapunkt seg lite, men eksisterande teknikk blei tilpassa den til ei kvar tid gjeldande forståinga av harmonikk. Gjennom denne perioden skilde ein gjerne mellom strengt kontrapunkt, som var skrive i ein historiserande stil basert på modal kyrkjeleg vokalpolyfoni, og fritt kontrapunkt, som kunne vere av meir instrumentell karakter, og nytta den til ei kvar tid moderne tonale tonespråket.

1900-talet

På 1900-talet byrja ein å setja spørjeteikn ved det påstått universelle i handsaminga av dissonansar, og dette leidde til ulike kontrapunktiske eksperiment. I musikk med utvida tonalitet fekk ofte kontrapunktisk teknikk ein større rolle som eit samanbindande element enn i tidlegare musikk, som i den bitonale musikken i Richard Strauss’ (1864–1949) opera Elektra. Ein særleg underkategori av dette er lineært kontrapunkt, eksemplifisert ved oktetten til Igor Stravinskij (1882–1971), der musikken er styrt av utviklinga av ulike melodiar, utan at dei resulterande harmoniane treng å eksistera innanfor eit harmonisk system.

Kontrapunkt i verdsmusikk

Medan kontrapunkt som tema hovudsakleg har krinsa om vestleg klassisk musikk, er konseptet i si breiaste meining generelt nok til at det finst att òg i mange andre musikktradisjonar. Som eit døme kan ein nemne javanesis gamelan-musikk, som har ei cantus firmus-aktig grunnstemme (balungan) som den øvrige musikken blir forma rundt etter strenge reglar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg