klassisk musikk

Klassisk musikk er ei nemning som kan ha ulike tydingar. I daglegtale er omgrepet vanlegvis brukt om europeisk kunstmusikk frå barokken til tidleg på 1900-talet.

Omgrepet klassisk musikk er ikkje ei eintydig nemning. I staden er det vanleg å seie at omgrepet klassisk musikk refererer til tre ulike tydingar:

  1. musikk som høyrer til den musikalske perioden klassisismen
  2. kunstmusikk, ofte som motsetnad til populærmusikk og folkemusikk
  3. musikk som har fått ei form for «kvalitetsstempel» og ikkje er knytt til ein bestemt epoke

Bruken av omgrepet klassisk musikk blir brukt på musikk som er blitt komponert i mange ulike stilar og tradisjonar gjennom fleire hundre år. Derfor høyrer ikkje klassisk musikk til ein bestemt musikksjanger eller historisk epoke, og det er heller ikkje mogleg å definere denne musikken ut frå konkrete musikalske trekk. Når ein bruker nemninga klassisk musikk i dag, gjer ein det heller fordi ein ønskjer å seie noko om opphavet eller tradisjonane knytte til framføringa av musikken, og ikkje til ein historisk epoke eller til andre musikalske kvalitetar. Det er òg viktig å merke seg at omgrepet hovudsakleg er brukt om europeisk musikk.

Omgrepa klassisk musikk og kunstmusikk blir ofte brukte om kvarandre, og sjølv om dei ikkje er synonym, har dei dei to omgrepa likevel mange likskapstrekk. Når ein snakkar om kunstmusikk, snakkar ein gjerne om musikk som er komponert for å bli framført på ein konsert, og som dermed kan stå åleine som eit kunstverk. Når ein snakkar om klassisk musikk på denne måten, er det viktigaste målet å skilje han frå populærmusikk og folkemusikk, som har eit anna opphav enn den klassiske musikken.

Det inneber derimot ikkje at klassisk musikk ikkje har vore «populær». Mykje av det vi i dag tenkjer på som klassisk musikk, slik som opera og kammermusikk, var underhaldningsmusikk i samtida. I tillegg var mange stykke som i dag blir rekna for å vere blant dei mest sentrale verka i musikkhistoria, utskjelte og fekk dårlege meldingar av musikk-kritikarar i samtida. Dette viser korleis musikk kan endre status med tida.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Nicholas Cook: Music. A very short introduction. Oxford 2000
  • Ulrich Michels: dtv-Atlas Musik, bd. 1 og 2. München 2008
  • Eugene K. Wolf: «Classical», i Don Michael Randel (red.): The Harvard Dictionary of Music, 4. utg. Cambridge 2003

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg