triosonate

Eit klassisk eksempel på ein sonata da chiesa av Archangelo Corelli, kor ein lyrisk gravesats med lange forhaldningar blir etterfølgt av ein livleg dobbeltfuge (kor fiolinane introduserer begge fugetema samtidig). Kammermusikk blei sjeldan utgitt i partitur på 1700-talet. Denne posthume partiturutgåva av Corelli sitt Opus 1 blei gitt ut over tjue år etter han var gått bort, og vitnar om kor tydingsfulle triosonatane hans var.

Av .

Artikkelstart

Triosonate er ei sonateform som var svært utbreidd i barokken. Som namnet tilseier er triosonaten ein instrumentalkomposisjon for tre stemmer.

Ein typisk triosonate er for to sopranstemmer og generalbass. Dette betyr også at 'trioen' ofte består av fleire enn tre musikarar, ettersom basslinja gjerne blir utfylt av både akkord- og melodiinstrument. Dei to lyse stemmene kan vere skrivne for like instrument, for eksempel eit par fiolinar, fløyter eller oboar, men i mange triosonatar er instrumentasjonen meir open. Triosonaten var i barokken eit like skatta formprinsipp som kammermusikksjanger, gjennom at trioforma gav likevekt til harmonikk og kontrapunkt. Ein triosonate kan dermed også vere skriven for færre enn tre: komponistar som Bach og Telemann skreiv eksempelvis sonatar for obligat cembalo og ulike melodiinstrument som fiolin, fløyte og gambe, der kor cembaloet vekslar mellom å akkompagnere melodiinstrumentet continuo og utfylle den andre overstemma i trioen. Bach skreiv også ei rekke triosonatar for solo orgel.

Tidleg på 1600-talet var triosonaten ganske fritt oppbygd, til forveksling lik canzonaen. Mot andre halvdel av 1600-talet blei triosonaten meir formalisert i satsar, gjennom komponistar som Corelli og Legrenzi. Det oppstod også eit skilje mellom sonata da chiesa ('kyrkjesonate') og sonata da camera ('kammersonate'). Dette skiljet knytte seg meir til form enn bruksområde, sjølv om forskjellen mellom dei to sjangrane ofte var ganske vag. Ein sonata da chiesa er likevel typisk inndelt i fire satsar, med ein langsam første- og tredjesats, som begge gjerne blir avløyste av ein raskare, ofte fugert, sats. Oppbygninga til ein sonata da camera minner derimot meir om ein liten suite, kor eit preludium ofte blir etterfølgt av små dansesatsar av varierande karakter og tempi.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg