Ein orkesterkonsert er ei musikalsk form med opphav på slutten av 1600-talet. Medan solokonserten og concerto grosso hadde eit hovudensemble og ein eller fleire solistar, har orkesterkonserten berre eit strykarensemble. Fyrstefiolinen år difor gjerne ei solistaktig rolle. Giuseppe Torelli er rekna som opphavsmannen til forma. Archangelo Corelli og Antonio Vivaldi skreiv òg slike verk. Forma var viktig for utviklinga av symfonien og strykekvartetten

Slike verk er gjerne skrivne i tre satsar, med ein langsam sats mellom to hurtige. Stundom finn ein verk som er skrivne som kyrkjesonater, som i tillegg har ein langsam introduksjonssats; her er den fyrste raske satsen ofte skriven som ei fuge.

På 1900-talet gjennomstod ei liknande form under det same namnet. Her har ein heller ingen eigentlege solistar, men ulike orkesterinstrument får gjerne solistiske parti i løpet av verket. Blant dei tidlege komponistane av slike verk finn ein Paul Hindemith og Béla Bartók.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg