Reformasjonen tok tid, særleg i Noreg, der lutherdomen hadde hatt dårleg grobotn. Dei gamle, katolsk skolerte prestane fekk halde fram, og Beyer var av det første leddet som hadde luthersk utdanning. Frå 1560 var han kannik og notarius ved domkapittelet i Bergen, i 1566 vart han slottsprest. Som kannik kom han i tvist med lokale embetsmenn, særleg slottsskrivaren Lauritz Hanssønn, som vart tildelt eit prebende, inntekter som eigentleg skulle gå til domkapittelet.
Beyer var prega av Melanchthons førelesingar, som gav innsyn både i klassisk filologi og naturfag, men òg streng kyrkjetukt og dommedagsspådomar. Frå preikestolen tora Beyer mot kyrkjelyden om at fjella ville dette i hovudet på dei og den endelege dagen kome.
Lite var òg gjort med opplæringa i den tida Beyer gjekk på skule. På katedralskulen i Bergen var det dermed han sjølv som måtte stå for omlegginga, då han i 1553 vart lektor og seinare rektor i tre omgangar. I Wittenberg lærte han å nytte skodespel i undervisinga, for å gjere både religion og latin meir levande. Han sette så opp stykke på dansk for vanlege bergensarar og er difor rekna som den første teaterregissøren i Noreg. Det første stykket, ei omsetjing av dei populære Adams fall, vart sett opp i 1562. Seinare kom framsyningar som var skrivne i Bergen. Fleire hadde religiøse tema, men i stykka var det òg daglegdagse emne.
Kommentarer (2)
skrev Lars Nygaard
svarte Mari Paus
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.