Strandebarm

Strandebarm

Hardangerfjorden sett frå Strandebarm.

Strandebarm er eit sokn og ein tidlegare kommune i Hardanger i Vestland fylke.

Strandebarm kommune blei oppretta i 1837 som eit ledd i innføringa av det lokale sjølvstyret. Då omfatta kommunen, forutan noverande Strandebarm sokn i Kvam kommune, også noverande Varaldsøy sokn i Kvinnherad kommune, likeins Kysnesstranda i den seinare Jondal kommune, som frå 2020 utgjer ein del av Ullensvang kommune.

Strandebarm kommune blei i 1862 delt ved at Jondal kommune blei skild ut, og i 1902 fekk Strandebarm ei ny deling ved at Varaldsøy kommune blei skild ut. Etter denne delinga utgjorde Strandebarm 112 km2 og hadde 1661 innbyggjarar.

I 1965 blei Strandebarm kommune nedlagd ved at området nord for Hardangerfjorden med 1545 innbyggjarar blei lagt til Kvam kommune, medan Kysnesstranda på sørsida med 100 innbyggjarar blei lagt til Jondal (etter 2020 Ullensvang) kommune. Strandebarm hadde ved nedlegginga som eigen kommune 1645 innbyggjarar.

Noverande Strandebarm sokn omfattar Kvams del av den tidlegare kommunen og har 1704 innbyggjarar (2020).

Namnet kjem av strand og barmr, her i tydinga 'vik'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg