Norheimsund

Faktaboks

Etymologi
Norheimsund er laget av gårdsnavnet Norheim med førsteledd norrønt nor, ‘trangt sund’. Dette sikter til den smale strømmen mellom Movatnet og fjorden som gården ligger på nordsiden av
Innbyggertall
4566 (SSB, 2022)
Landareal
3,9 km²
Tettstedsnummer
5143 Norheimsund

Norheimsund er ein tettstad i Kvam kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,9 km², og har 4566 innbyggjarar (2022).

Norheimsund er administrasjonssenter i Kvam kommune i Hardanger.

Tettstaden ligg på vestsida av Hardangerfjorden, rundt munningane av dei to elvane Steinsdalselva i vest og Øysteseelva i aust, og dessutan på halvøya mellom desse. Før 2019 var det som no blir rekna som tettstaden Norheimsund to tettstader, høvesvis Norheimsund i vest og Øystese i aust. Frå dette året er dei klassifiserte som éin tettstad med namnet Norheimsund.

Begge dei to tidlegare tettstadene har variert småindustri, verkstads-, trevare- og næringsmiddelindustri i Norheimsund og særleg trevare- og møbelindustri i Øystese. Kvam vidaregåande skule har avdelingar i begge dei to tidlegare tettstadene. Kvam bygdemuseum ligg i Øystese, likeins Ingebrigt Vik museum (skulpturmuseum). Bilethoggaren Ingebrigt Vik var herfrå. I Norheimsund ligg Hardanger Fartøyvernsenter.

Det er stor turisttrafikk og fleire hotell og overnattingsstader. Øystese kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1868, medan Norheimsund kyrkje er ei moderne arbeidskyrkje frå 1992. Nokre kilometer vest for Norheimsund er Steinsdalsfossen (Øvsthusfossen) i Steinsdalselvi, som er ein attraksjon.

Samferdsle

Gjennom tettstaden går Fv.79 langs Hardangerfjorden frå Rv.13 (indre stamveg på Vestlandet) i Granvin til Norheimsund. Herfrå held vegen fram som Fv.49 sørover langs Hardangerfjorden, og etter bilferje Tørvikbygd–Jondal kryssar han heile Folgefonnhalvøya via Jondalstunnelen (10,4 km) og Folgefonntunnelen (11,1 km) til Rv. 13 i Odda. Frå Norheimsund går Fv.49 òg vestover gjennom Steinsdalen og over Kvamskogen til Trengereid på E16 aust for Bergen.

Kart

Norheimsund
Norheimsund
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg