Faktaboks

Adolph Tidemand
Fødd
14. august 1814, Mandal
Død
8. august 1876, Oslo
Verke
Kunstmålar
Familie

Foreldre: Tollinspektør og kammerråd Christen Tidemand (1779–1838) og Johanne Henriette Henrikke Haste (1779–1859).

Gift 12.1.1845 med Claudine Marie Birgitte Jæger (8.8.1817–6.1.1887), dotter av infanterikaptein, seinare overtollbetjent Niels Winther Luth Jæger (1772–1840) og Elen Bolette Beer (1783–1855).

Bror av Emil Tidemand (1812–1865); grandnevø (brorsons son) av Nicolai Tidemand (1766–1828); brorsønns sønnesønn av Ole Tidemand (1710–1778).

Sjølvportrett, 1838
Sjølvportrett, 1838
Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY 4.0
De ensomme gamle

Husandakt. Måleri frå 1849. Nasjonalmuseet.

Adolph Tidemand var ein norsk målar på 1800-talet. Han blir rekna for å vere Noregs fremste folkelivsmålar, og han gjorde det til si livsoppgåve å framstille livet og skikkane til den norske bondestanden. Han var ein viktig kunstnar i nasjonalromantikken,og inspirerte mange av diktarane i tida med bileta sine, mellom andre Andreas Munch og Bjørnstjerne Bjørnson.

Tidemann har blant anna måla Brudeferd i Hardanger (1848, saman med Hans Gude), Haugianarane (1848) og Dei einsame gamle (1848). Desse tidlege bileta ber preg av ein idealiserande framstilling av den norske bondebefolkninga. Seinare bilete slår an ein meir dramatisk og alvorleg tone. Det gjeld bilete som Tvikamp i eit bondebryllaup (1864) og Fanatikarane (1866), båe hovudverk frå hans seinare produksjon.

Kunstnarisk utdanning

Norsk juleskikk, 1846

Tidemand vart fødd i Mandal i 1814. Han studerte i åra 1832–1837 ved Kunstakademiet i København, og i 1837 reiste han til Düsseldorf for å halde fram med studia. Tidemands ambisjon var å bli historiemålar, og i 1841 vekte han oppsikt med sin første historiske komposisjon: Gustav Vasa taler til dalkarlene i Mora kyrkje, eit bilete med motiv frå svensk historie.

Med eit norsk reisestipend reiste Tidemand i 1841 til Roma saman med broren Emil. Like før han reiste, hadde han fått tilbod om å måle ei altertavle til Vår Frelsars kyrkje i Christiania (i dag Oslo domkyrkje). Turen gjekk via München, der han studerte historiemåleri hos München-kunstnarar som Wilhelm von Kaulbach og Peter von Cornelius.

Frå historiemålar til folkelivsskildrar

Etter heimkomsten i 1842 mista Tidemand altertavlebestillinga, då han nekta å bøye seg for Johann Sebastian Welhavens krav om at han måtte utføre biletet i Roma. Tidemand ønska i staden å opphalde seg i Noreg fordi han ville samle inn materiale til framstillingar av Noregs eldre historie. Han hadde planlagt reiser i Noreg for å bli kjent med folkelivet og samle stoff til historiske bilete. Vinteren 1842–1843 teikna han utkast til fleire historiske komposisjonar, mellom anna Olav den Heilage styrtar over ende Torsbiletet på Hundorp.

Tidemand la ut på si første studiereise sommaren 1843. Han slo følge med forfattaren og folkelivsskildraren Nikolai Ramme Østgaard til Østerdalen, før han reiste til Hundorp og vidare til Lom. Sidan reiste han over fjellet til Granvin og Voss, og vidare til Hardanger, der han enda opp i Vikøy. Her laga han sin første studie av ei røykstove, eit rom som han seinare skulle kome til å bruke i mange av sine kjende bilete, mellom anna i Haugianarane (1848).

I 1844 la han ut på ei ny reise, denne gongen gjennom Telemark saman med broren Emil. Her viste han interesse for den gamle norske byggeskikken og livet til bøndene. I Sauland teikna Tidemand den gamle stavkyrkja, som vart rive få år seinare, i 1860. I Heddal studerte han interiøret i stavkyrkja, og overalt teikna og måla han studiar av landskap, av bondestover og av folka han møtte, gjerne kledd opp i sine finaste klede.

Tidemand fullførte ikkje dei planlagde historiske komposisjonane i etterkant av studiereisene sine. I staden vart han ein skildrar av det norske folkelivet. I ein artikkel i Illustreret Nyhedsblad i 1854 kommenterte han sjølv at studiereisa i 1843 hadde fått han til å slå inn på ein ny veg i kunsten. Han ville no skildre karaktertrekka til det folket han møtte i dei norske bygdene, samt seder og skikkar. I 1844 måla han sitt første folkelivsbilete, Eventyrfortellersken, medan han seinare same året fullførte Søndag ettermiddag i ei hardangersk røykstove, båe frukter av studiereisene hans. Folkelivsmåleriet hos Tidemand var del av eit nasjonalt prosjekt. Det handla om å få grep om ein norsk identitet i etterkant av Noregs sjølvstende i 1814, og Adolph Tidemands folkelivsbilete var eit viktig bidrag i dette prosjektet.

Samarbeid med Hans Gude

Brudeferd i Hardanger

I 1845 flytta Tidemand igjen til Düsseldorf og der utvikla han eit fruktbart samarbeid med den unge landskapsmålaren Hans Gude, som var komen dit i 1841. Tidemand hadde møtt Gude på noregsreisa si i 1843, i Granvin i Hardanger. Det første fellesbiletet Tidemand og Gude måla var da også eit folkelivsbilete frå Hardanger, med eit bondebryllaup som motiv. Gude måla landskapet, medan Tidemand framstilte figurane. Brudeferd i Hardanger er eit idyllisk og lyrisk bilete, eit typisk eksempel på nasjonalromantikkens høge vørdnad av den norske bonden.

Revolusjonen som braut ut i Paris i februar 1848, spreidde seg også til tyske byar, noko som gjorde at Tidemand og Gude reiste heim til Christiania (Oslo). Med seg hadde dei Brudeferd i Hardanger, som vart kjøpt inn av Christiania Kunstforening. I mars 1849 vart biletet stilt ut som eit tablå i Christiania Theater.

Vinteren 1848/1849 laga Tidemand eit utkast til ein serie som han kalla Norsk bondeliv. I denne serien framstilte han livssyklusen til den norske bondestanden. Serien vart bestilt til Oscar 1.s lystslott Oscarshall, oppført 1847–1852. Biletserien sto ferdig i 1850, og utsmykkinga av Oscarshall markerte saman med festkveldane året før høgdepunktet for nasjonalromantikken i Noreg.

Suksessen med Brudeferd i Hardanger gjorde at Tidemand og Gude fortsette samarbeidet, og dei måla fire andre fellesbilete, alle med motiv som syner menneske ute i båt: Aften på Krøderen (1851), Lystring på Krøderen (1851), Likferd på Sognefjorden (1853) og Fiskarar i havsnød (1859). Tidemands og Gudes fellesarbeid vart så populære at dei laga gjentakingar av fleire av dei, gjerne med små variasjonar.

Haugianarane og inspirasjonen frå historiemåleriet

Dei einsame gamle, 1859
Av /Nasjonalmuseet.
Gudsteneste i ei norsk landskyrkje, 1845

På nyåret i 1848, samtidig som Tidemand arbeidde på Brudeferd i Hardanger, fullførte han biletet Haugianarane, eit bilete som skulle sikre hans definitive gjennombrot som kunstnar. Biletet framstiller ein ung mann, ein lekpredikant knytt til hauge-rørsla, som taler til ei forsamling inne i ei røykstove. Lyset i biletet kjem frå opninga i taket, ljoren, og blir filtrert gjennom røyken i rommet og fell mjukt på figurane.

Den klassiske trekantkomposisjonen til figurane vert gjenteken i dei opplyste taksperrene, og lyset frå ljoren blir også eit guddommeleg lys over den unge predikanten. Biletet er ei folkelivsskildring som låner verkemiddel frå historiemåleriet, og får slik ei verdigheit som går ut over sjangermåleriet. Den kvardagslege røykstova får gjennom komposisjonen og lyset preg av å vere eit religiøst rom.

Tidemand nytta røykstova som handlingsrom i mange av sine folkelivsbilete. Den atmosfæriske verknaden og særskilte stemninga som det røykfylte lyset skapte, var noko Tidemand visste å utnytte. Han nytta eksempelvis røykstova som bakgrunn for handlinga i ei biletrekke frå norsk kristenliv som han laga i 1860-åra, dei såkalla Nattverdsbilda. Soknebod, Hardanger (1960) og Soknebod: utdelinga av nattverden i ei hardangersk røykstove (1862) er typiske eksempel.

Haugianerne

Haugianerne av Adolph Tidemand fra 1852. Olje på lerret, 147 × 183 cm. Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo.

Haugianerne
Av /J. Lathion/Nasjonalmuseet.
Lisens: fri

Sosiale og politiske tema

Slagsmål i eit bondebryllup. Fargelitografi på papir, 1861.

I pakt med nasjonalromantikken ser ein ei respektfull og idealiserande framstilling av den norske bondebefolkninga i Tidemands bilete. Samtidig var Tidemand også oppteken av den sosiale situasjonen på landsbygda. I penneteikninga Utvandring (1843) har Tidemand handsama eit brennande politisk spørsmål i samtida, nemleg utvandringa til Amerika. I andre bilete kjem den sosiale brodden til syne i satiriske framstillingar. I Melding til konfirmasjon (1846) og Ein katekisasjon (1847) råkar satiren prest og skulemeister.

Særleg etter 1850 er sosiale og politiske tema tydeleg til stade i Tidemands produksjonar. Teikninga Eit fantefølge i ei bondestove (1852) syner ein konfrontasjon mellom ein bondefamilie og reisande fattigfolk. Det er mogleg at denne dramatiske komposisjonen, som aldri vart måla, var inspirert av samfunnsforskaren Eilert Sundt si bok Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge (1850). Tidemand framstilte også dramatiske og valdelege sider ved bondekulturen. Tvikamp i eit bondebryllaup (1864) var inspirert av Jørgen Moes dikt Fanitullen (1849). Scena finn stad i ei røykstove, og lyset frå ljoren og eldstaden lyser opp den dramatiske scena etter tvikampen.

Fanatikarane (1866) kan sjåast som eit motstykke til Haugianarar, då biletet viser korleis den religiøse forkynninga kan føre til irrasjonell ekstase og fanatisme. Også her har Tidemand nytta røykstova som scene for handlinga, men i staden for den stille og opphøgde stemninga i Haguianarar, har han i Fanatikarar nytta ein horisontal komposisjon som gjev meir drama. Det er større trengsel og meir agiterte kjensler hos tilhøyrarane.

Altertavler og historiske komposisjonar

Sinclairs landing i Romsdal, 1876
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Tidemand fekk mot slutten av livet høve til å framstille fleire altertavler og historiske komposisjonar. I 1867 fekk han bestilling på ei altertavle til Treeiningskyrkja (Trefoldighetskirken) i Christiania (Oslo). Året etter var Kristi dåp ferdig og kunne monterast i kyrkja. Biletet fekk gode omtalar, og Tidemand fekk snart bestilling på ei ny altertavle, denne gongen til den nyreiste Bragernes kyrkje i Drammen. Kristi oppstode sto ferdig til innviinga av kyrkja, 12. juli 1871. Den siste altertavla måla Tidemand for Tyristrand kyrkje. Motivet er Kristus i skya, og framstillinga av Kristus med dei framstrekte hendene og med tittelen Kommer hid til mig viser at Tidemand var inspirert av Bertel Thorvaldsens berømte Kristus-skulptur.

I 1874 bestilte Hans Rasmus Astrup eit bilete av skottetoget i Romsdalen. I 1876 sto biletet George Sinclair går i land i Romsdal ferdig. Det var eit samarbeid mellom Tidemand og Morten Müller, der Tidemand måla figurane, medan Müller hadde framstilt landskapet. I 1874 var det 250 år sidan Christiania var grunnlagt, og Oscar 2. bestilte eit bilete av Tidemand som skulle framstille grunnlegginga av byen. Tidemand rakk ikkje å fullføre Christianias grunnlegging før han døydde i 1876, men det finst fleire skisser og utkast til biletet.

Samtida og ettertida sin dom

Eventyrforteljaren
Fargelitografi frå 1854
Av .
Brudekronen, 1873
Brudekronen, 1873
Av .

Tidemand var ein populær målar i si eiga samtid og vart hyppig kjøpt inn av kunstforeiningane i Noreg. Mange av hans motiv vart så populære hos publikum at han laga fleire gjentakingar av dei, gjerne med små variasjonar. Det gjeld bilete som Avskjeden frå dei gamle foreldra (1851 og seinare), Bestemors brudekrone (1865 og seinare) og det dramatiske Bjørnejegerens heimkomst (1856 og seinare).

Etter at Tidemand gjekk bort i 1876, vart kunsten hans raskt kritisert av yngre kunstnarar og kritikarar. Allereie i nekrologen over Tidemand skreiv biografen hans, Lorentz Dietrichson, at Tidemand hadde hatt for lite kontakt med det norske folket han ville skildre. Han hadde skildra søndagen til det norske folket, men aldri kvardagen. Denne kritikken vart vidareført under naturalismen, då Tidemand vart kritisert for å gje eit forskjønna bilete av folkelivet, altså ikkje eit sant bilete.

Etter 1980 har fleire forfattarar søkt å gje eit nyansert bilete av Tidemands kunstnarskap. Aagot Noss viste i boka Adolph Tidemand og folk han møtte (1981) at Tidemands teikningar og akvarellar frå studiereisene har ein kulturhistorisk verdi ved at dei viser drakttradisjonar som ein elles ikkje ville hatt like god innsikt i. I seinare tid har fleire søkt å nyansere Tidemands kunstnariske innsats. I norsk kunsthistorieskriving var Magne Malmanger tidleg ute, då han i Norges kunsthistorie (1981) forsvarte Tidemands interesse for søndagen og merkedagane i bøndenes liv, då det var desse dagane som gav meining til og forklarte kvardagslivet, som var fylt av arbeid. Malmanger har også interessert seg for Tidemands dramatiske bilete frå tida etter 1850 og vist korleis målaren der handsama alvorlege problem i det norske samfunnet.

Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet har 117 måleri og studiar og ei mengd teikninger av han.

Les meir i Store norske leksikon

Adolph Tidemand

Måleri frå 1860. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Adolph Tidemand
Av /※.

Litteratur

  • Askeland, Jan: Adolph Tidemand og hans tid, 1991, isbn 82-03-16670-9
  • Dietrichson, L.: Adolph Tidemand : hans Liv og hans Værker, 1878-79, 2 b.
  • Haverkamp, Frode: Adolph Tidemand 1814-1876, Hans Fredrik Gude 1825-1903, 1984 (utstilling: Blaafarveværket, 1984), isbn 82-990568-6-1
  • Haverkamp, Frode & Marit Lange, red.: Der aander en tindrende Sommerluft varmt over Hardangerfjords Vande-, 2003 (utstilling: Nasjonalgalleriet, 2003), isbn 82-90744-87-0
  • Noss, Aagot: Adolph Tidemand og folk han møtte : studiar frå reisene i norske dalføre – akvarellar, målarstykke og teikningar, 1981, isbn 82-00-05840-9

Faktaboks

Adolph Tidemand
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000007234472

Kommentarar (2)

skreiv Jan-Tore Egge

Det er et pussig faktum at Tidemands fornavn i nesten alle sammenhenger staves Adolph. Jeg har i og for seg ingen grunn til å tro at det er galt, men det står faktisk Adolf på gravsteinen i Gamlebyen gravlund.

svarte Georg Kjøll

Hei Jan-Tore. Kom tilfeldigvis over dette innspillet nå, og beklager at jeg ikke har sett det før! Jeg har lagt inn 'Adolf' som alternativt navn i starten av brødteksten, men det hadde vært interessant å vite om det finnes noen som diskuterer stavemåten og hva det kan skyldes at to alternativer er brukt. Har du noen litteraturtips å komme med? Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg