Jon Fosse

Faktaboks

Jon Fosse

Jon Olav Fosse

Født
29. september 1959, Haugesund, Rogaland
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Artikkelstart

Jon Fosse er ein prislønna norsk forfattar og dramatikar. Fosse har skrive romanar, dikt, barnelitteratur, essay og skodespel, i tillegg til at han har omsett og gjenfortalt fleire klassiske verk. Han er mellom dei mest spela nolevande dramatikarane i verda. Fosse er ofte omtalt som «den nye Henrik Ibsen» og teaterstykka hans er omsette til meir enn 50 språk.

Bakgrunn

Jon Olav Fosse er fødd i Haugesund i Rogaland og voks opp i Strandebarm i Kvam kommune i Hordaland (no Vestland). Han studerte ved Universitetet i Bergen og er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har jobba som journalist, litterær konsulent og lærer ved Skrivekunst-akademiet i Hordaland. Fosse er busett statens æresbustad Grotten i Oslo, men òg i Hainburg i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen. I 2013 konverterte Fosse til Den katolske kyrkje.

Romanar

Stengd gitar av Jon Fosse. Det Norske Samlaget, 1985
Bokomslag

Fosse debuterte med romanen Raudt, svart (1983) og har etablert seg som ein av våre fremste og mest produktive forfattarar gjennom ei lang rekkje bøker i alle sjangrar. Stor rørsle i språket, indre monologar, musikalitet, minimalisme og ein utbreidd bruk av repetisjonar kjenneteiknar romanane hans, mellom anna Stengd gitar (1985), Naustet (1989), Flaskesamlaren (1991), Bly og vatn (1992), Prosa frå ein oppvekst (1994) og Morgon og kveld (2000). Desse bøkene er òg prega av ein vilje til å foredle språket og skrive «så enkelt eg berre kan få det til», som Fosse sjølv seier i essayet «Negativ mystikk» (Gnostiske essay, 1999).

Melancholia

Melancholia 1 (1995) og Melancholia II (1996) dreier seg rundt livet til målaren Lars Hertervig (1830–1902), med særleg fokus på forsøket hans på å måle lyset. Her demonstrerer Fosse til fulle rikdommen og moglegheitene i den litterære metoden sin. Den konvensjonelle romanhandlinga trer i bakgrunnen for ei utforsking av moglegheitene i språket og sjangeren. Samtidig evnar Fosse å måle ei nyanserik innsirkling av opptil fleire menneskesinn som har mykje til felles med den typen forteljarteknikk som lesaren møter i modernistisk litteratur. Melancholia I er delt inn i tre hovudkapittel, der lesaren møter tre stemmer og synsvinklar: Først Lars Hertervig i Düsseldorf, så på Gaustad asyl og til slutt blir introdusert for ein fiktiv forfattar som skriv om Hertervig. I Melancholia II blir ein kjende med ei oppdikta søster, Oline, og Hertervig sjølv hamnar i bakgrunnen. Den indre monologen til Oline er prega av gjentakingar og fragmentert forståing av seg sjølv og omgjevnadene. Melancholia vart uroppført som opera i Paris i 2008 (libretto av Jon Fosse, komponist Georg Friedrich Haas).

Kortromanar

Sterk og gripande er òg kortromanen Morgon og kveld (2000), som på overflata handlar om fødsel og død, men som likevel omsluttar heile livet. Også denne er delt inn i fleire delar. I den første møter lesaren Olai, som er redd og forventningsfull i møte med fødselen til sonen Johannes. Del to er forteljinga om Johannes si ferd over til den andre sida, der døden ventar. Igjen gjer Fosse god bruk av gjentakingar i den realistiske skildringa si av menneskesinnet, og lesnaden blir driven vidare av musikaliteten i språket i ein tekst som nesten ikkje inneheld punktum.

Med den kritikarroste kortromanen Det er Ales (2004), fører Fosse vidare den særeigne rytmiske skrivemåten sin og reflekterer over sakn og død gjennom erfaringane til fleire generasjonar. Liva blir presenterte i korte, fortetta scener og boka vekslar elegant mellom ulike tidsplan og sinnstilstandar.

Trilogien

Trilogien av Jon Fosse
Trilogien av Jon Fosse
Av /Det norske Samlaget.

Andvake (2007) er ei intens kjærleiksforteljing som er lagd eit par hundre år tilbake i tid, og som saman med Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) utgjer ein trilogi. I Andvake får spelemannen Asle og kjærasten Alida eit barn, men også eit liv går tapt, og konsekvensane av dette speler seg ut i Olavs draumar. I Kveldsvævd blir historia fortald gjennom Alidas dotter, Ales. Heile verket vart i 2014 gitt ut samla med tittelen Trilogien, og for denne vart Fosse tildelt Nordisk råds litteraturpris. Allereie i nominasjonen verka han som ein favoritt: «Med det formale raffinementet sitt og utforskande forhold til historia utgjer Trilogien samla sett eit høgdepunkt i nyare norsk romanlitteratur.» I grunngivinga skriv komiteen: «Årets prisvinnar er eit sjeldan godt døme på korleis formmessig nyskapning kan gå hand i hand med eit innhald som maktar å berøre på tvers av tid og stad.»

Septologien

Eg er ein annan. Septologien III-V. Det Norske Samlaget, 2020.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Det mest omfattande verket Fosse har skrive til no er kunstnarromanen Septologien, som består av sju bind samla i tre bøker med titlane Det andre namnet. Septologien I-II (2019), Eg er ein annan. Septologien III-V (2020) og Eit nytt namn. Septologien VI-VII (2021). På handlingsnivå utmanøvrerer verket seg i løpet av adventstida, der menneska ventar på Kristi komme. Lesaren blir introdusert endå ein gong for ein hovudperson ved namn Asle. Her møter ein den aldrande målaren og enkjemannen Asle, men møte òg ein annan målar ved namn Asle, som er alkoholikar og vurderer å ta sitt eige liv. Lesaren følgjer dermed to lagnader som kryssar kvarandre, men som også kan tolkast som to ulike variasjonar av eit liv.

Dette dobbeltgjengarmotivet er eit av fleire døme på Fosse sin bruk av gjentakinga som kompositorisk og tematisk grep i Septologien. Kvart av dei sju kapitla i Eit nytt namn blir sett i gang med dei same sju orda «Og eg ser meg stå og sjå» og kvar del blir avslutta med bønn. Repetisjonen av talet sju speglar den symbolske verdien det har i Bibelen, der det tradisjonelt blir rekna for å representere fullkommenhet. Repetisjonen pregar vidare òg forteljarstilen. Fosse har omtalt den særeigne teknikken sin som «langsam prosa», og ein kjenner igjen den monotone og manande tonen frå tidlegare bøker. Verket samla sett stiller grunnleggjande spørsmål om subjektivitet, menneskelighet og kunst. Gjennom alle desse sju bøkene peikar Fosse mot ein åndeleg heilskap som sameiner motsetningsforholdet til alle livet. Eg er ein annan. Septologien III-V (2020) og Eit nytt namn. Septologien VI-VII (2021) vart begge nominert til den prestisjetunge internasjonale Bookerprisen.

Lyrikk

Fosse sine diktsamlingar Engel med vatn i augene (1986), Hundens bevegelsar (1990) og Hund og engel (1992) kom i samla utgåve i 1995. I 1997 kom Nye dikt ut, som i særleg grad tematiserer religiøse og åndelege spørsmål. Fleire av dikta har form av bønn og Fosse gjer utbreidd bruk av bibelske allusjonar. I diktet «Den døde guden» tek forfattaren for seg paradokset til kristendommen, at døden døyr samtidig med livet, noko han uttrykkjer som «liv forvandla i død». I 2003 gav han ut Auge i vind. Dikt i samling kom i 2009 og inneheld alle Fosse sine samlingar og dessutan sju enkeltdikt frå åra 2003 til 2009.

Drama

Stykket Svevn av Jon Fosse hadde verdspremiere ved Nationaltheatret i 2005. Frå venstre: Espen Reboli Bjerke, Ulrikke Døvigen, Lise Fjeldstad, Birgitte Larsen og Thorbjørn Harr. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Fosse rekna seg ikkje som teatermann i byrjinga av karrieren, men oppdaga det særmerkte talentet sitt for dramatikk etter eit kurs i regi av Skrivekunst-akademiet i Hordaland. Det første teaterstykket Fosse forfatta var Nokon kjem til å komme i 1992, og var inspirert av Samuel Becketts Mens me ventar på Godot (1952). Det første skodespelet som vart sett opp på ei scene var Og aldri skal me skiljast (1994) ved Den Nationale Scene i Bergen. Stykket kom ut i bokform same år. Dette vart innleiinga til ein «dramatisk raptus» som har gjort Fosse til ein internasjonalt berømt dramatikar, og til den mest omtalte og spelte norske dramatikar etter Henrik Ibsen.

Så langt har Fosse skrive over 40 teaterstykke, og stykka er sett opp på ulike scener over tusen gonger verda over. Dramatikken rommar dei same rytmiske elementa som prosaen og liknar kammerspel på grensa mellom hyperrealisme og absurd teater. Handlinga er sekundær, tempoet er skrudd ned og karakterane er få og gjerne navnløse. Dialogen er knapp og Fosse blir gjerne omtalt som «meisteren til pausane» fordi fråværet av språk er like viktig som det som blir sagt. Stilla og fråværet av kommunikasjon tvingar tilskodaren til å reflektere over rolla til språket i menneskeleg samhandling, noko som har vore ei viktig problemstilling i postmoderne språkfilosofi. Skodespela blir prega vidare av den underfundige humoren ein òg kjenner igjen frå Fosse sine romanar.

Essay

Fosse har gitt ut samlingane Frå teljing via showing til writing (1989), Gnostiske essay (1999) og Essay (2011). I 2014 kom Når ein engel går gjennom scena og andre essay, som er eit redigert utval tekstar henta frå Frå teljing via showing til writing og Gnostiske essay. I alle desse essaysamlingane gjer greie for Fosse for eigne tankar rundt vesenet til litteraturen og funksjon på undrande og innsiktsfullt vis. I «Negativ mystikk» (Gnostiske essay) skisserer han utviklinga av eiga romanforståing i tre ulike stadium, og det siste inneber ei innsikt i at «[m]eining er eit under» og at romanen er ein «insistering på at underet finst» og slik fungerer som «ei opning mot det guddommelege». For Fosse kan det altså synest som om romansjangeren har i seg å opne for ein moderne gudsforståelse, ei erkjenning ein særleg kan finne spor av i verket Septologien. Fleire av desse essaysamlingane er omsette til andre språk.

Litterære trekk

Skrift og skrivaren

I den tidlege essayistikken sin finn Fosse ny meining til omgrepet skrift. Fosse knyter skrifta til ein instans han kallar skrivaren, som i ein tekst i første person korkje er forfattaren eller forteljaren. Litteraturen var, slik Fosse såg det kring 1989, i rørsle frå «telling», der forfattaren sa korleis ting var, via «showing», der forfattaren synte korleis det hang saman, til «writing» der skrifta, ein personleg rytme og språkmelodi, er det mediet kunstnaren uttrykkjer seg gjennom. Dette plasserer Fosse i den postmoderne epoken, men definerte sin eigen ståstad uavhengig av dei næraste omgivnadene og utvikla si eiga retning.

Eksistensielle rom

Dei første romanane til Fosse var med fyrste augekast plassert i samtida, med omgrep frå moderne liv i teksten. Dette vart meir nytta som kulissar, der det eksistensielle rommet var det viktige, og der Fosse skreiv seg nedover mot eit minimum av naudsynte omgrep. I dramatikken blir dette understreka av tomme scener og eit persongalleri med menn og kvinner med få replikkar og med ord dei gjentek ofte. Fosse er slik ein meister i å finne dei minste einingane for naudsynt språk og kode mellom menneske i avgjerande situasjonar. Samstundes er personane der representerte ved skodespelarane, og ikkje berre som tekst, og denne fysiske identiteten til røystene løftar dramaet frå abstrakt idé til konkret personleg engasjement.

Fosse kan minne både om Samuel Beckett og Thomas Bernhard i dramatikken, få personar med eit lite og endåtil minkande språk rører seg mellom enkle kulissar. Men der Bernhard skriv eit masketeater med politisk agenda i store og stive rørsler, og Beckett plasserer handlinga utanfor dei rasjonelle røynslene forfattaren deler med publikum, for å setje ein idé i scene, presenterer Fosse scenene som røntgenbilete av det daglege.

Prisar

Utmerkingar

Bibliografi

Romanar og forteljingar

  • Raudt, svart, 1983
  • Stengd gitar, 1985
  • Blod. Steinen er, 1987
  • Naustet, 1989
  • Flaskesamlaren, roman 1991
  • Bly og vatn, roman 1992
  • To forteljingar, 1993
  • Prosa frå ein oppvekst, kortprosa, 1994
  • Melancholia I, roman, 1995
  • Melancholia II, roman, 1996
  • Eldre kortare prosa (med bilder av Camilla Wærenskiold), 1998
  • Morgon og kveld, roman, 2000
  • Det er Ales, roman, 2004
  • Andvake, forteljing, 2007
  • Olavs draumar, forteljing, 2012
  • Kveldsvævd, forteljing, 2014
  • Levande stein, kortare prosa og ei hymne, 2015
  • Kortare prosa (To forteljingar, Prosa frå ein oppvekst, Eldre kortare prosa), 2011
  • Trilogien (Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd), 2014
  • Det andre namnet. Septologien I-II, roman, 2019
  • Eg er ein annan. Septologien III-V, roman, 2020
  • Eit nytt namn. Septologien VI-VII, roman, 2021

Dramatikk

  • Og aldri skal vi skiljast, 1993
  • Namnet, skodespel, 1995
  • Nokon kjem til å komme, 1996
  • Barnet / Mor og barn / Sonen, tre skuespill, 1997
  • Gitarmannen, monolog, 1997
  • Natta syng sine songar / Ein sommars dag, to skuespill, 1998
  • Draum om hausten, skuespill, 1999
  • Besøk / Vinter / Ettermiddag, tre skuespill, 2000
  • Vakkert, skuespill, 2001
  • Dødsvariasjonar, 2002
  • Jenta i sofaen, 2003
  • Lilla / Suzannah, to skuespill, 2004
  • Dei døde hundane / Sa ka la, to skuespill, 2005
  • Svevn / Varmt, to skuespill, 2006
  • Rambuku / Skuggar, to skuespill, 2007
  • Eg er vinden, 2008
  • Desse auga, 2009
  • Jente i gul regnjakke, 2010
  • Kortare stykke, 2011
  • Hav, skuespill, 2014
  • Tre librettoar, 2015

Samleutgåver av dramatikken

  • Teaterstykke 1, 1999
  • Teaterstykke 2, 2001
  • Teaterstykke 3, 2005
  • Teaterstykke 4, 2009

Lyrikk

  • Engel med vatn i augene, dikt 1986
  • Hundens bevegelsar, dikt, 1990
  • Hund og engel, dikt, 1992
  • Nye dikt, 1997
  • Auge i vind, dikt 2003
  • Songar, 2009
  • Stein til stein. 39 dikt og 1 salme, 2013
  • Dikt 1986–1992, 1995
  • Dikt 1986–2000, 2001
  • Dikt i samling, 2009

Essay

  • Frå telling via showing til writing, essay, 1989
  • Gnostiske essay, 1999
  • Essay, 2011
  • Når ein engel går gjennom scenen og andre essay, 2014

Barnelitteratur

  • Uendeleg seint, 1989
  • Kant, 1990
  • Dyrehagen Hardanger, 1993
  • Vått og svart, 1994
  • Nei å nei. Hundemanuskripta 1, fabel, 1995
  • Du å du. Hundemanuskripta 2, fabel, 1996
  • Fy å fy. Hundemanuskripta 3, fabel, 1997
  • Søster, kortprosa, 2000
  • Spelejenta, 2009

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jakobsen, Rolv Nøtvik: "Det namnlause : litteratur og mystikk med utgangspunkt i dramatiske tekstar av Jon Fosse" i NLÅ 1997, 225-38
  • Andersen, Hadle Oftedal: Ikkje for ingenting. Jon Fosses dramatikk, Helsinki, 2004
  • Bjørneboe, Therese: "Jon Fosse på europeiske scener" i Samtiden, nr. 1 (2003), 101-14
  • Hagen, Alf van der: Dialoger, [b. 1], 1993, 83-115
  • Hareide, Jorunn & Drude von der Fehr, red.: Tendensar i moderne norsk dramatikk, 2004 (om bl.a. Barnet og Ein sommars dag)
  • Heith, Anne: "Fenomenet Jon Fosse" i Norsk dramatisk årbok (1997), 34-4
  • Kaldestad, Per Olav: "'Ein barndom skal vere ein trygg plass, så langt det lèt seg gjere'" i Årboka Litteratur for barn og unge 2002, 29-41
  • Landro, Jan H.: "Eg er ein tragikomisk diktar", Syn og Segn 04, 2013, s. 4-15
  • Langås, Unni: "Intet er hans stoff : om Jon Fosses dramatikk" i Edda (1998), 197-211
  • Larsen, Leif Johan: "Smerte, sorg og dristighet : om Jon Fosses forfatterskap" i Norsklæraren 19, nr. 4 (1995), 46-54
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998
  • Seiness, Cecilie N.: Jon Fosse : poet på Guds jord, 2009
  • Stueland, Espen: Å erstatte lykka med eit komma : essay om cesur, rituell forseintkomming i produksjonen til Jon Fosse, 1996
  • Sætre, Lars: "Modernitet og heimløyse : det moderne dramaets ironi : form og tematikk i Namnet av Jon Fosse" i NLÅ 2001, 149-78
  • Zern, Leif: Det lysande mørket – Om Jon Fosses dramatikk, 2005
  • Bøygen, årg. 14, nr. 1/2, 2002 (tema: Jon Fosse: s. 58-100)
  • Jon Fosse, vedlegg til Dag og tid 22. nov. 2003, nr. 47 (36 s.: artikler og intervju)

Kommentarer (6)

skrev Kjell Arild Welde

Jon Fosse vil i løpet av 2011 flytte inn i Grotten.

skrev Amund Børdahl

Min kommentar er generell, og artikkelen om Fosse bare et eksempel: SNL praktiserer ikke det skillet mellom beskrivelse og vurdering som f.eks. nettleksikonet Wikipedia håndhever med størst mulig konsekvens: "Sterk og gripende er også kortromanen Morgon og kveld ... feirer Fosse nye triumfer med sin særegne rytmiske skrivemåte" o.l. Denne måten å skrive på er svært utbredt i SNL - og det gjør kanskje ikke noe? I Wikipedia skal ros og ris fremgå av andres - f.eks. bokanmelderes - vurderinger, ikke fremstå som rene leksikonopplysninger. SNL, kan man si, legger seg her på en linje som er i slekt med eldre leksika som Salmonsens Konversationsleksikon, der det er fritt frem for artikkelforfatteres estetiske og etiske dommer for egen regning; mens Wikipedia etterstreber hva man vel må kunne kalle en nyere standard for hva en leksikonartikkel er. -- Men denne kommentaren er som sagt ikke en kritikk av denne bestemte artikkelen om Fosse (og burde derfor muligens vært anført annetsteds). Mvh.

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei Amund. Takk for fint innspill. Denne formuleringen er uleksikalsk . Jeg ber fagansvarlig se på det. Den har overvintret fra papirutgaven. Men mer overordnet så tillater vi mer vurderinger. SNL og Wikipedia har litt ulik tradisjon for vurderinger og ulik måte å sikre seg på. Wikipedia har ikke signerte artikler, så jeg synes de har valgt en god løsning med å vise til anmeldelser. Men det er også litt vanskelig da det blir veldig mange brukne lenker og lenker som fører det til en side med betalingsmur. SNL rekrutterer fagfolk, og signerer alle bidrag, og har tradisjon for å skrive analytisk i estetiske fag, men det skal skje på en annen måte enn her. Takk for at du bryr deg om godt innhold og påpeker dårlig praksis. Alt godt, Kjell-Olav, redaktør for litteraturen i SNL

skrev Amund Børdahl

Den er god, takk for svar, og stå på. ds

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei igjen Amund. Nå har fagansvarlig justert. "Med den kritikarroste kortromanen Det er Ales (2004), viderefører Fosse den særeigne rytmiske skrivemåten sin og reflekterer over sakn og død gjennom erfaringane til fleire generasjonar. Liva blir presenterte i korte, fortetta scener og boka vekslar elegant mellom ulike tidsplan og sinnstilstandar." Meld gjerne fra om du ser flere blødmer og panegyriske omtaler. Du må også gjerne sende inn forslag direkte i teksten, så vil fagansvarlig eveluere forslaget for publisering. Ønsker deg en god helg!

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg