Vaksdal er ein typisk industrikommune. I 2019 utgjorde industrien 20 prosent av dei lokale arbeidsplassane, eller 32 prosent viss ein reknar med byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Dette gjer industrien, nest etter offentleg administrasjon og tenesteyting (39 prosent) til den viktigaste næringa til kommunen målt etter sysselsetjinga. Til samanlikning hadde primærnæringane 2 prosent av arbeidsplassane i 2019.
Tradisjonelt dominerer næringsmiddelindustri, med 35 prosent av dei sysselsette i industrien i 2019, og tekstilindustri, med 33 prosent av dei sysselsette i industrien. Innanfor begge desse bransjane har kommunen ei dominerande bedrift, høvesvis Norgesmøllene i Vaksdal tettstad og Dale AS i Dale tettstad. Begge er blant dei største i sitt slag i Noreg og hadde til saman 68 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen. Elles finst noko småindustri.
Vaksdal er ein stor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1390 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 14 kraftverk i kommunen. Bergsdalen har store vasskraftressursar utbygd av Bergenshalvøens kommunale Kraftselskap i fire kraftstasjonar kor dei tre nedste ligg i Vaksdal: Dale, Fosse og Kaldestad. Desse er utbygd med til saman 199 MW. Myster kraftverk i Eksingedalselva er utbygd med 107 MW. Dessutan er delar av Eksingedalsvassdraget overført til Evanger kraftverk i Voss. Elles i kommunen er det utbygd fleire mindre kraftverk.
Av dei busette yrkestakarane i Vaksdal hadde 48 prosent arbeid utanfor kommunen i 2020, 29 prosent i Bergen, 6 prosent i Voss og 4 prosent i resten av nordhordlandskommunene.
Kommentarar (2)
skreiv Sigmund Simmenes
svarte Redaksjonen i Store norske leksikon
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.