Tokagjelet
Veien gjennom Tokagjelet fra 1907 ligger i dag utenfor dagens tunneler på fylkesvei 49.
Tokagjelet
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Tokagjelet er eit trongt og vilt elvegjel i Kvam kommune i Hardanger i Vestland fylke, vest for kommunesenteret Norheimsund. Gjennom gjelet renn Steinsdalselvi som på strekninga gjennom gjelet også går under namnet Tokagjelselva.

Eit imponerande veganlegg fører fylkesveg 49 (tidlegare riksveg 7) gjennom Tokagjelet og opp til Kvamskogen med høgaste punkt på 454 moh. Første del av vegen vart bygd i 1898–1906. Vegen vart omlagd i 1953–1956 då det vart laga til fire tunnelar i Tokagjelet. På vestsida av Kvamskogen fører fylkesveg 49 ned til Tysse i Samnanger.

Første ledd av namnet kjem av norrønt tǫk, fleirtal av 'tak'.

Kart

Tokagjelet
Tokagjelet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg