Evje

Artikkelstart

Evje er ein tettstad i Evje og Hornnes kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,2 km², og har 2508 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
2508 (SSB, 2020)
Landareal
3,2 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
3603 Evje

Evje er administrasjonssenter i Evje og Hornnes kommune, og ligg ved elva Otra, der Fv. 42 (Arendal–Egersund) møter Rv. 9 (Kristiansand–Haukeligrend). Tettstaden har variert industri, mellom anna treindustri og båtproduksjon, og eit industrivekstanlegg (SIVA). Feltspatbrôt. Evje er eit viktig handelssenter for Setesdal.

Det er ei rekkje sjeldne mineralar i Evje og Hornes og Iveland, i samband med dette er det oppretta ei avdeling av Setesdalsmuseet, Evje og Hornnes Geomuseum. Dette har ei stor mineralsamling, fagbibliotek og utstilling som viser den lokale gruvehistoria, i tillegg til noko av Marie Curies mineralsamling og laboratorieutstyr.

Kart

Evje
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg