Eksempel på endringar i rettskrivinga som vart gjennomført frå 1917
Eksempel på endringar i rettskrivinga som vart gjennomført frå 1917
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Rettskrivingsreforma av 1917 var den første rettskrivingsreforma som omfatta begge dei to norske målformene, den gongen kalla riksmål og landsmål, i dag bokmål og nynorsk. Reforma var meint som eit steg mot ortografisk samordning av dei to målformene og ei gjensidig tilnærming i ordformer og bøyingssystem på grunnlag av utbreidde drag i folkemålet (dialektane).

Faktaboks

Også kjend som

1917-normalen

Tilnærminga mellom målformene skulle skje gradvis, noko som innebar mykje valfridom for språkbrukarane. Rettskrivinga kom på sett og vis til å innebere ei kløyving i to normalar av begge målformene: Eit sett moderate endringar i dei tradisjonelle rettskrivingane vart gjort obligatoriske, og eit sett meir radikale endringar vart gjort valfrie.

Dei viktigaste obligatoriske endringane i bokmål var innføringa av dobbel konsonant etter kort vokal i ord som topp, hatt, takk der ein tidlegare etter dansk mønster hadde stava top, hat, tak, og skrivemåtar som fjell, mann, menn, lese der det tidlegare hadde heitt fjeld, mand, mænd, læse. Dei viktigaste valfrie endringane var a-ending i hokjønnsord (bygda i tillegg til bygden) og diftongar i ein del ord (stein og røik i tillegg til sten og røk).

Dei viktigaste obligatoriske endringane i nynorsk var gjennomføringa av former utan -r- i bestemt form fleirtal av substantiv (båtane og bygdene i staden for båtarne og bygderne) og former på -e i svake hokjønnsord i staden for -a (ei vise og ei gjente, tidlegare ei visa og ei gjenta). Dei viktigaste valfrie endringane i nynorsk var endinga -a ved sida av -i i bestemt form av sterke hokjønnsord og i fleirtal av inkjekjønnsord (boka, sola og husa i tillegg til boki, soli og husi) og infinitiv på -e ved sida av -akaste i tillegg til å kasta).

Bakgrunn

Teikning i satirebladet Exlex 1919
I 1917 vart stavemåten revolution erstatta av revolusjon.
Teikning i satirebladet Exlex 1919
Av .

Dei to første rettskrivingsreformene etter 1900, nynorskreforma i 1901 og bokmålsreforma i 1907, hadde avgrensa føremål. For nynorskens del var målet å fastlegge ei einskapleg språkform til bruk i skulen, for bokmålets del å gjennomføre ei fornorsking der skriftspråket skulle baserast på det daglege talemålet til den samfunnsberande urbane eliten i Noreg i staden for normene i det danske skriftspråket.

Etter 1907 kom eit nytt føremål til å stå stadig meir i sentrum, nemleg å fremme eit samarbeid mellom brukarane av dei to målformene som også skulle innebere ei samordning og på lengre sikt ei tilnærming mellom dei. Ein slik prosess skulle ta sikte på ei framtidig samansmelting i eit fellesnorsk skriftspråk som i språkdebatten fekk namnet samnorsk. At ei slik samansmelting måtte skje gradvis gjennom fleire generasjonar, stod klart for alle. Litt av bakgrunnen for denne ideen var at nynorsken i desse åra ekspanderte som skulemål over store område, men berre på bygdene. I byane stod bokmålet støtt som skriftspråk og opplæringsspråk, men talemålet blant vanlege folk også der hadde sentrale drag til felles med bygdemåla og til dels nynorsken. Både for å styrke samarbeidet mellom språkgruppene og for å styrke bokmålet i konkurransen med nynorsken var det krefter på bokmålssida i desse åra som ønskte å opne målforma meir for utbreidde former og bøyingstypar i dialektane, særleg på Austlandet. På nynorsksida var det både på Austlandet og i Trøndelag krefter som ønskte sterkare opning for austnorske former i nynorsknormalen.

Alt i 1908 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei nemnd som fekk i oppdrag å greie ut korleis ein kunne få til «et muligt samarbeide mellem riksmaal og landsmaal i retskrivningen». Leiaren vart skulemannen Hans Eitrem, som hadde agitert sterkt for eit slikt samarbeid, og med seg i nemnda fekk han dialektforskaren Amund B. Larsen, som var den mest kjente eksperten på bydialektar i landet, og ordboksmannen Steinar Schjøtt, som var nynorskbrukar.

Nemnda la fram ei utgreiing med konkrete framlegg året etter, i 1909. Blant framlegga var desse for bokmålet:

  1. Meir konsekvent gjennomføring av dobbelkonsonant etter kort vokal: Døme på det er takk og topp der 1907-rettskrivinga framleis påbaud dei danske skrivemåtane tak og top.
  2. Skrivemåtar med ll og nn for ld og nd i ord som fjell og mann (i staden for fjeld og mand).
  3. Diftongar i ord som lauv, stein og høi for løv, sten og .

For nynorsken foreslo nemnda mellom anna dette:

  1. avskaffing av stum d der bokmålet ikkje hadde det: li og snau i staden for lid og snaud;
  2. former som be, by (verb), bryta og lys i staden for beda, bjoda, brjota og ljos;
  3. bøyingsformer som gutane, ei vise og å kaste for gutarne, ei visa og å kasta.

Nokre av framlegga for nynorsk vart gjennomført som tillatne former for skuleelevar i 1910 (gutane, ei vise, bryta). For bokmålet sin del vart det ikkje gjort endringar i 1907-rettskrivinga, men i Riksmålsforbundet vart det ein strid mellom ei fløy som ønskte ei vidare fornorsking for å demme opp for nynorsken, og ei fløy som motsette seg dette og heldt fast på tradisjonsformene. Eit utval oppnemnt av forbundet la i 1913 fram ei radikal tilråding, der framlegga frå Eitrem-komiteen fekk støtte og vart supplert med det enda meir vidtgåande framlegget å opne for hokjønnsformer på -a i ein del ord (gjeita for gjeten). Formann i utvalet var Hjalmar Falk, og medlemmer var Ivar Alnæs, Hans Eitrem, Alf Torp og August Western, dei fremste språkekspertane forbundet rådde over på den tida. Framlegga viste seg likevel å vere for radikale, og dei vart avvist av Riksmålsforbundet i 1914.

Men da hadde regjeringa tatt opp saka. I 1912 fekk Venstre reint fleirtal i Stortinget, og Gunnar Knudsen danna tidleg i 1913 ei regjering som kom til å sitte i sju år. Denne regjeringa gjekk snøgt i gang med å førebu ei ny rettskrivingsreform som skulle omfatte begge målformene.

Prosedyren

Alf Torp

Hausten 1913 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ein komité som fekk i oppdrag å utarbeide ei ny rettskriving for både bokmål og nynorsk. Formannen i komiteen var professor Alf Torp.

Alf Torp
Av /NBL ※.
Hjalmar Falk

Etter at Torp døydde i 1916, oppnemnde departementet ein ny komité med professor Hjalmar Falk til formann.

Hjalmar Falk
Av /UiO.
Jørgen Løvland

Komiteen la fram ei omfattande innstilling mot slutten av 1917. Kyrkje- og undervisningsminister Jørgen Løvland var ein sterk pådrivar i rettskrivingsarbeidet. Han godkjente innstillinga etter eit par veker og gjorde ho offisiell som ny rettskriving ved ein kongeleg resolusjon rett før jul i 1917.

Jørgen Løvland
Av /※.
Sproget i fare, Knut Hamsun
Rettskrivingsreforma førte til kraftige reaksjonar frå språkkonservative, her eit eksempel frå Aftenposten, som brukte heile framsida på Knut Hamsuns essay Sproget i Fare.
Sproget i fare, Knut Hamsun
Av .

Hausten 1913 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ein komité som fekk i oppdrag å utarbeide ei ny rettskriving for både bokmål og nynorsk. Mandatet var å fremme «størst mulig tilnærmelse mellem vort lands to skriftsprog gjennem en sund, naturlig og lovmessig utvikling av dem begge. […] komiteen maa altid ha for øie at den skal aapne veien for en utvikling frem imot national samling paa grundlag av folkets virkelige talesprog».

Med det var det for det første gong offisielt markert at også bokmålet skulle bygge på eit breiare grunnlag enn berre det «dannede talesprog».

Formannen i komiteen var professor Alf Torp, og med seg fekk han frå bokmålssida overlærar Ivar Alnæs og statsadvokat Haakon Løken og frå nynorsksida folkehøgskulestyrar Lars Eskeland, dosent i folkeminnevitskap Knut Liestøl og forfattaren Jens Tvedt. Denne komiteen arbeidde sakte, truleg mest på grunn av helsesvikt hos formannen Alf Torp. Han døydde i 1916, og kort etter nemnde departementet opp ein ny komité med professor Hjalmar Falk til formann. Dei andre medlemmene var Ivar Alnæs og professor Didrik Arup Seip frå bokmålssida og Marius Hægstad og Knut Liestøl frå nynorsksida.

Denne komiteen arbeidde snøgt og effektivt, og la fram ei omfattande innstilling mot slutten av 1917. Kyrkje- og undervisningsminister da var Jørgen Løvland, som var ein sterk pådrivar i rettskrivingsarbeidet, og han godkjente innstillinga etter eit par veker og gjorde ho offisiell som ny rettskriving ved ein kongeleg resolusjon rett før jul i 1917.

Dette rettskrivingsvedtaket førte til kraftige reaksjonar frå språkkonservative, men fekk òg støtte, til dømes frå den nyskipa organisasjonen Østlandsk Reisning, som arbeidde for ei styrking av austlandske former i begge skriftspråka. I 1918 var det stortingsval, og der gjekk Venstre sterkt tilbake og Høgre fram. Saka kom opp i Stortinget i 1919, med eit framlegg frå Høgre-representanten C. J. Hambro om å trekke tilbake heile rettskrivingsreforma. Det fall med 68 mot 58 røyster. Deretter kom eit utsettingsframlegg som fekk 63 mot 63 røyster. Men stortingspresidenten Anders Buen (frå Arbeidarpartiet) hadde dobbeltrøyst ved stemmelikskap, og han stemte mot utsetting. Rettskrivinga vart dermed ståande som gyldig. Med dette var det sett ein presedens: For første gong vart ei ny rettskriving innført (i alle fall stadfesta) ved stortingsvedtak. Dette prinsippet kom til å bli ståande ved framtidige rettskrivingsreformer.

Innhaldet i reforma

Den nye rettskrivning (1917)
Bøkene «Den nye rettskrivning. Regler og ordlister utarbeidet ved Den departementale rettskrivningskomite. I Riksmål.» og «Den nye rettskrivning. Reglar og ordlistor utarbeidde ved Den departementale rettskrivningskomite. II Landsmål. Kristiania: Det Mallingske Bogtrykkeri 1918.»
Av .

Obligatoriske og valfrie endringar

Rettskrivinga som vart vedtatt i 1917, hadde ein annan struktur enn tidlegare – og for så vidt også seinare – norske rettskrivingar. Sidan reforma var tenkt som eit steg i ei meir langsiktig utvikling mot ei framtidig språkleg samling, vart det aktuelt å føre inn ein omfattande valfridom i rettskrivinga i begge målformene, slik at ein kunne opne for mange tilnærmingsformer og folkelege talemålsformer utan å forby dei tradisjonelle formene som dei fleste var vant til å bruke i skrift. Dette vart gjort på den måten at dei nye formene som kom inn i rettskrivinga skulle grupperast i to, som vart omtala med adjektiva obligatoriske og valfrie.

I utgangspunktet skulle det heite obligatoriske og valfrie endringar. Dei obligatoriske endringane var slike som vart innført i normalane til fortrengsel for dei tradisjonelle. Dei var såpass moderate at dei skulle kunne godtakast og gjennomførast av alle; det var da mest snakk om innføring av nye skrivemåtar som ikkje fekk konsekvensar for uttalen. Dei valfrie endringane var meir radikale, ofte innført direkte frå det andre skriftmålet, eller frå dialektane, særleg dei austlandske. Dei skulle stå i rettskrivinga saman med dei tradisjonelle formene som alternativ til desse.

Ein så omfattande valfridom var noko nytt, og det viste seg å vere ganske uklart korleis denne normeringa skulle tolkast. Den eine moglegheita var at brukarane kunne plukke fritt kva former dei ønskte å bruke frå heile «menyen» av tillatne former. Den andre tolkinga var at dette ikkje skulle vere mogleg, det skulle berre vere høve til å velje dei valfrie endringane samla som ein eigen separat normal – eller halde seg til dei obligatoriske endringane og gjennomføre dei samla. Etter denne tolkinga hadde språkbrukarane fått fire rettskrivingsnormalar å velje mellom: obligatorisk bokmål, valfritt bokmål, obligatorisk nynorsk og valfritt nynorsk. Med meir moderne termar kan ein da erstatte «obligatorisk» med «moderat» og «valfritt» med «radikalt».

Denne nemningsbruken var forvirrande, og det vart ikkje betre av at det etter kvart vart vanleg å bruke termane obligatoriske og valfrie former, ikkje endringar. Denne forvirringa vart eit stort problem for gjennomføringa av den nye rettskrivinga.

Endringar som gjaldt begge målformene

Obligatoriske endringar

  1. Bokstaven å vart innført i staden for aa (tillate i bokmål alt i 1907).
  2. I ord som på begge målformer vart skrivne med -gt (magt) skulle ein heretter skrive med -kt (makt). Unntaka var bøyingsformer på -t i ord på -gg (framleis trygt av trygg og så vidare).
  3. Det vart gjennomført ei vidare fornorsking av mange framandord (til dømes nasjon, sjokolade, sigar i staden for nation, chocolade, cigar).

Endringar i bokmål

Obligatoriske endringar

Dei obligatoriske endringane i bokmålet gjekk i stor grad ut på å rette opp inkonsekvensar i 1907-rettskrivinga, altså gjennomføre meir konsekvent dei endringane som hadde fått innpass med mange unntak i 1907, men på ein del punkt vart det òg innført heilt nye former:

  1. Det kom inn fleire harde konsonantar som til dels hadde vorte valfrie i 1907: bok, eple, saklig, tillit i staden for bog, æble, saglig, tillid.
  2. Dobbelkonsonant etter kort vokal vart gjennomført over heile lina (unntatt nokre småord som at, den, nok, op, vil). Det skulle altså heite hatt, topp, takk, gress, hull, kjønn, tørr, dugg, labb, bekk, rygg og så vidare.
  3. Dei danske skrivemåtane -ld og -nd skulle erstattast med -ll og -nn der det vart samsvar med norrønt og nynorsk: Det skulle altså heite full, mann, fjell, kalle og kjenne i staden for fuld, mand, fjeld, kalde og kjende, men det skulle framleis heite kveld, land, mild, holde, sende, fordi d-en her hadde rot i norrønt og framleis vart brukt i nynorsk.
  4. På same måten vart vokalen æ erstatta med e i ord der nynorsk (og norrønt) hadde e: menn, vegg, lese, drepe (tidlegare mænd, væg, læse, dræpe). Framfor r vart æ ståande, som i være.
  5. I substantivbøyinga vart fleirtal på -er i ubestemt form og -ene i bestemt form gjennomført der det hadde vore unntak frå denne regelen i 1907: bakkene, visene, eplene. Men -erne skulle framleis vere tillate i omlydsformer som bøkerne (av bok) og bønderne (av bonde).
  6. I ein del enkeltord med tilknyting til bygdeliv vart norske talemålsformer gjort obligatoriske: ku, kje, molte, beite, maur.

Valfrie endringar

  1. Mange ordformer frå dialektane kom inn som valfrie. Det handla da mest om vokalismen i orda. Det kunne vere u for o: bru, ku, tru; o for u: brott, golv, dokke, hogge; det kunne òg vere diftongar: stein, laus, røik, og så vidare.
  2. Endinga -a i bestemt form eintal av hokjønnsord (til dømes bygda) vart tillaten, men frårådd i litterære ord.
  3. Også a-endinga i fortid av a-verb (kasta) vart generelt tillaten, da særleg med tanke på visse emne og stiltypar, helst knytt til bygdelivet.

Endringar i nynorsk

Obligatoriske endringar

  1. I bestemt form fleirtal av hankjønns- og hokjønnsord skulle endinga heretter vere -ane og -ene, altså båtane og bygdene, ikkje lenger båtarne og bygderne. Som i bokmål skulle det likevel vere tillate å ha med r-en i omlydte fleirtalsformer, som bøkerne av bok og bønderne av bonde.
  2. I svake hokjønnsord skulle endingsvokalen heretter vere -e: ei vise og ei gjente (men det skulle vere høve for skuleelevar til å bruke -a som før, altså ei visa og ei gjenta).
  3. Stum d skulle ikkje skrivast i ord der han ikkje vart skriven i bokmål, såleis i ord som brei, li og hei (tidlegare breid, lid, heid).
  4. Ein del ord fekk endringar i vokalismen, som eit ledd i tilnærminga til bokmål og austlandsk folkemål, såleis bort, leva, nepe, støvel (tidlegare burt, liva, næpe, styvel).

Valfrie endringar

  1. Sterke hokjønnsord skulle heretter kunne få endinga -a i bestemt form eintal: boka, sola og geita i tillegg til dei tradisjonelle formene boki, soli og geiti). Det same skulle gjelde bestemt form fleirtal av inkjekjønnsord, altså husa ved sida av husi.
  2. Svake hokjønnsord skulle kunne ende på -er og -ene i fleirtal: viser og gjenter i tillegg til dei tradisjonelle formene visor og gjentor.
  3. Svake inkjekjønnsord (som det var få av, dei viktigaste var og er auga, hjarta og øyra) skulle kunne få endinga -e i grunnforma og bøyast slik: eit auge – auget – auge – auga som alternativ til det tradisjonelle mønsteret auga – auga – augo – augo.
  4. Adjektiv og perfektum partisipp av sterke verb, som enda på -en og hadde -i i hokjønn, skulle kunne få -en også i hokjønn: ei open dør (tradisjonelt ei opi dør).
  5. Infinitiv skulle kunne ende på -e: kaste og leve i tillegg til det tradisjonelle kasta og leva. Om kløyvd infinitiv (altså kaste, men leva) òg skulle vere tillate, var uklart og emne for ei tautrekking i den nære ettertida.
  6. Svake verb med -de i preteritum etter -l, -m og -r skulle kunne få -te: kvilte, førte og stemte i tillegg til kvilde, førde og stemde.
  7. Supinum (partisippform etter har/hadde) i verb som enda på diftong, lang vokal, g eller v skulle kunne få endinga -d for det tradisjonelle -t: har bygd, levd, greitt, trudd i tillegg til har bygt, levt, greidt, trutt.
  8. Presens av sterke verb skulle kunne få endinga -er: biter og kjemer ved sida av bit og kjem.
  9. Refleksiv- og passivformer på -st skulle kunne skrivast med berre -s: minnas i tillegg til minnast.
  10. Ein del ord skulle kunne skrivast med andre (lågare) vokalar enn dei tradisjonelle, i samsvar med uttalen i mange dialektar, til dømes mellom, før, om, så i tillegg til millom, fyrr, um, so.
  11. Ein del ord med diftong skulle kunne få monoftong som i mange austnorske dialektar, til dømes drøm, høst, høra i tillegg til draum, haust, høyra.
  12. Mange ord som hadde lang vokal i vestnorske dialektar og tradisjonell nynorsk, men kort vokal i austnorske dialektar og bokmål, skulle kunne skrivast med dobbel konsonant i tillegg til enkel, til dømes venn, kritt, fattig, gammal i tillegg til ven, krit, fatig, gamal.

Gjennomføring og resultat

Dei obligatoriske endringane i 1917-rettskrivinga slo relativt snøgt igjennom i språkbruken, både i bokmål og nynorsk. Dei fleste avisene gjekk over til dei tidleg i 1920-åra, berre dei mest konservative heldt stand fram til 1932.

I skulen vart det meir komplisert. Forvirringa om kva omgrepet «valfrie former» skulle innebere, heldt fram, utan at departementet og fagmiljøet som stod bak rettskrivinga greidde å avklare det. Etter lova var det dei lokale skulestyra som hadde det avgjerande ordet når det gjaldt målform i skulen i kvar sine distrikt; det gjaldt valet mellom bokmål og nynorsk, men av mange vart det tolka slik at det òg gjaldt valet mellom obligatoriske og valfrie former innanfor den målforma ein valde. Mange lokale skulestyre på Austlandet valde bokmål med valfrie former, andre valde obligatoriske. Det innebar eit krav om lærebøker med dei formene skulestyret hadde valt, og det innebar sterk målstrid i mange lokalsamfunn. Etter nokre år viste det seg at det ikkje vart laga lærebøker med valfrie, altså radikale, former på bokmål, og dermed vart det vanskeleg å gjennomføre desse formene i undervisninga. Før tjueåra var omme, hadde derfor dei fleste skulane gått tilbake til dei obligatoriske formene.

Innanfor nynorsk var stoda litt annleis. Nynorsken vann fram i skulen mange stader i tjueåra fordi mange skulestyre kom til at det var betre å gå rett over til nynorsk når dei likevel måtte skifte rettskriving med nye lærebøker. Og fleksibiliteten i formvalet var større her. Ein del sentrale valfrie former, ikkje minst a-formene i hokjønn, fekk ei sterkare utbreiing i distrikt der desse formene var dei vanlege i talemålet. Det var òg større fleksibilitet når det gjaldt høve til å basere seg på dei formene som låg nærast den lokale dialekten utan dermed å måtte godta heile pakka med «valfrie» former.

Eit drøftingspunkt innanfor nynorsk var kløyvd infinitiv. Dette systemet hadde ikkje vore med i rettskrivingsvedtaket, men mange meinte at når både infinitiv på -a og -e var tillatne, måtte det også vere lovleg å veksle mellom dei etter systemet i dialekta. Det var på Austlandet og i Trøndelag at denne problemstillinga vart sett på som viktig. Motlegget mot den kløyvde infinitiven var at han var svært komplisert å gjennomføre, også for dei som hadde dette systemet i talemålet. Det vart såleis tidleg presisert at kløyvd infinitiv ikkje kunne brukast i lærebøker. Men det vart ikkje sett stenge for at elevane kunne bruke dei infinitivformene i ulike verb som låg nærast talemålet deira. På den måten fekk den kløyvde infinitiven status som «sideform» etter den terminologien som vart innført som ein del av den offisielle rettskrivingsstrukturen i 1938.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg