Artikkelstart
Arne Bergsgård var ein norsk historikar. Han vart dr.philos. i 1933, dosent ved Noregs lærarhøgskule i 1922, og professor ved same stad i 1935.
Blant Bergsgård sine verk kan nemnast doktoravhandlinga Ole Gabriel Ueland og bondepolitikken (2 bind, 1932) som er hovudarbeidet hans, Formannskapslovene (1937), Året 1814 (2 bind, 1943–1945), Nasjonaliteten i europeisk historie (1946) og det ikkje fullførte Frå 17. mai til 9. april, norsk historie 1814–1940 (1958, avsnittet om perioden 1814–1884 kom i revidert utgåve i 1964).
Som historikar arbeidde Bergsgård særleg med 1800-talet og nasjonalitetsproblematikken. Han identifiserte seg med Venstre-tradisjonen med dei nasjonale, bondenorske idear. Noregshistoria til Bergsgård ber preg av den vekta han la på Stortinget si rolle.
Bergsgård var medlem av styret i Noregs Mållag frå 1929 til 1936, og 1934 medlemmer av den komiteen som førebudde rettskrivingsendringane i 1938. Han var også med i Undersøkelseskommisjonen av 1945, og utarbeidde for kommisjonen Utrikspolitikken til april 1940.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.