Rettskrivingsreform er ei omfattande rettskrivingsendring i eit skriftspråk, ofte gjennomført av eit offentleg organ eller eit anna organ som har ansvaret for å normere eit skriftspråk.

Rettskrivingsreformer har skjedd i dei fleste skriftspråk, men det normale er at det skjer forholdsvis sjeldan. Reint allment er stabilitet eit ideal for rettskrivingar. Når reformer likevel kjem på tale, kan det vere fleire grunnar til det. Det kan handle om for stor avstand mellom skriftspråket og akseptert standardtalemål i det aktuelle språksamfunnet. Det kan vere snakk om ein kompleksitet i skriveregelsystemet som blir opplevd som for stor i (delar av) språksamfunnet (noko som kan vere resultatet av ein langvarig stabilitet i skriftspråket mens talemålet endrar seg over tid). Det kan òg handle om påverknader eller motstand mot påverknader frå andre språk, særleg når desse andre språka blir opplevd positivt som prestisjefylt eller negativt som dominerande og undertrykkande politisk eller kulturelt.

Rettskrivingsreformer er ofte svært omstridde i språksamfunnet, men når rørslene bak dei er sterke nok og dei blir gjennomført og får verke i eit par generasjonar, blir dei normalt akseptert i samfunnet mens den rettskrivinga som gjaldt før, blir sett på som «gammaldags» eller «arkaisk».

Rettskrivingsreformer i Noreg

Dei to norske skriftmåla har gjennomgått ei rekke rettskrivingsreformer. I så måte er Noreg eit atypisk land: Reformene her har ikkje vore rekna som eingongstiltak, slik det er vanleg i andre land, men som ulike stadium i ein langvarig prosess med eit overordna språkpolitisk siktemål.

Utgangspunktet var at mot slutten av 1800-talet hadde vi to skriftmål i Noreg, som begge hadde ein posisjon som offisielt norsk skriftspråk etter jamstillingsvedtaket i Stortinget i 1885. Det eine hadde røter i dansk og var i praksis identisk med det danske skriftspråket, det vart kalla mellom anna «det almindelige Bogsprog» i 1885, seinare òg «dansk-norsk» og «riksmål». Det andre var Ivar Aasens nyskapte skriftspråk basert på norske dialektar i jamføring med gammalnorsk, og var kjent under namnet «Landsmaalet».

Behovet for ei statleg regulering av rettskrivingane til desse skriftspråka var først og fremst diktert av at begge skriftspråka skulle lærast inn og praktiserast i den offentlege folkeskulen, som var i ei rivande utvikling nettopp i denne tida, og der det frå 1892 var tillate gjennom lov for lokale skulestyre å velje eitt av dei av dei to skriftspråka som hovudmål i dei lokale skulane. Det gjorde det nødvendig å fastsette kva slags skrivereglar elevane skulle lære, både aktivt gjennom skriving og passivt i dei lærebøkene dei las. I samfunnet elles var det stor fridom i val av skrivemåtar, og det førte til mykje variasjon, men også der ville det påverke språkbruken kva som vart gjeldande i skulen. Elevane ville etter få år delta som aktive vaksne språkbrukarar, både i skrift og tale, i samfunnet.

Hovudmålsettingar med skriftspråksnormeringa

I tillegg til det å fastsette kva reglar som skulle gjelde i skulane i samtida, vart det altså òg snakk om meir overordna språkpolitiske siktemål for framtida (sjå samnorsk). Desse siktemåla var svært omstridde i samfunnet, og språkstriden kom til å bli ei viktig konfliktline i Noreg gjennom heile 1900-talet. På generelt grunnlag kan vi skissere fire hovudmålsettingar med skriftspråksnormeringa, som til dels kom til å avløyse kvarandre gjennom hundreåret:

  1. Fornorsking av det dansknorske skriftspråket, som vi frå denne fasen av kallar bokmålet (offisiell nemning sidan 1929). Det var eit viktig motiv for reformene i 1907 (som berre omfatta dette skriftspråket) og i 1917.
  2. Tilnærming mellom dei to skriftspråka med sikte på ei framtidig (langsiktig) samansmelting i eit samnorsk skriftspråk. Dette kunne sjåast som eit framhald av fornorskinga, og oppnåast ved at bokmålet tok opp i seg nynorskformer og strukturelle trekk med grunnlag i talemålet i fleire landsdelar, ikkje minst austlandsk. Landsmålet (frå 1929 kalla nynorsk) kunne på tilsvarande vis ta opp i seg austnorske talemålsformer som låg nærare bokmål til delvis fortrengsel av vestnorske former som Ivar Aasen hadde basert normalen sin på. Det handla òg om å jamne ut ulikskapar i skrivemåtar mellom målformene som ikkje direkte reflekterte skilnader i talemålet. Dette siktemålet prega reforma i 1917, men særleg den i 1938 og til dels den i 1959.
  3. Talemålstilnærming kunne òg vere eit motiv i seg sjølv, også når det ikkje var snakk om å tilnærme seg det andre skriftspråket. Det var eit mål å gjere skriftspråka så «munnlege» i sin karakter som det var mogleg innanfor eit einskapsperspektiv. Eit ledd i dette var det òg å innføre norske skrivemåtar av lånord og framandord, som sjåfør i staden for chauffeur og sentralstasjon i staden for centralstation.
  4. Tilpassing til vanleg skriftspråksbruk, også på punkt der det viste seg at gjennomførte reformer ikkje hadde slått igjennom i bruken, noko som særleg i bokmålet kom til å bli opplevd som eit problem over tid. Dette omsynet kom sterkt inn i dei seinare fasane av skriftspråksnormeringa, i tiåra rundt 2000, delvis som ein konsesjon til motstanden mot reformene som var gjennomført. Særleg bokmålsreformene i 1981 og 2005 var prega av ei delvis tilbakevending til former som var tatt ut eller degradert i rettskrivingane av 1938 og 1959.

Oversyn over rettskrivingsreformer i norsk

Større rettskrivingsreformer i norsk:

Rettskrivingsreformer i somme andre språk

Dei fleste germanske språka har stabile rettskrivingar med fleire hundre års tradisjon, og reformer har dermed vore sjeldsynte, men ikkje heilt fråverande.

Dagens svenske rettskriving baserer seg på Carl Gustaf af Leopolds Afhandling om svenska stafsättet (1801). Mot slutten av 1800-talet var det ein diskusjon om å nærme skriftspråket til talemålet, men resultatet vart ei nokså avgrensa reform i 1906, der f og fv med uttalen v skulle skrivast som v, og stum h i hv og stum d i dt skulle fjernast, slik at haf og hafva skulle skrivast hav og hava, hvad og hvitt skulle skrivast vad og vitt og rödt skulle stavast rött.

Ei tilsvarande avgrensa reform i dansk vart gjennomført i 1948, der aa vart erstatta med å, store bokstavar i substantiv etter tysk mønster vart fjerna, og verbformene kunde, skulde og vilde vart endra til kunne, skulle og ville. Det fremste motivet her var ønsket å fremme ei tilnærming til norsk og svensk som eit ledd i eit nordisk samarbeid. Dette hadde også vore diskutert og arbeidd for i fleire generasjonar, mellom anna på eit nordisk språkmøte i 1869, men det viste seg å vere vanskeleg å komme særleg langt i denne retninga.

Dominerande multinasjonale språk som engelsk, fransk og spansk har ikkje hatt større rettskrivingsreformer på fleire hundre år, og det har samanheng med at dei involverer mange statar samtidig som dei oppfattar seg som språklege og kulturelle einskapar. Det er da knapt mogleg å bli einig om reformer som skal omfatte alle, samtidig som det blir oppfatta som uheldig å skape ulike nasjonale rettskrivingar i dei enkelte landa og dermed komplisere kontakten mellom dei. Likevel har engelsk i USA visse særeigne ortografiske trekk som andre lands engelsk ikkje har, som -or for -our, -er for -re og liknande (honor og labor for britisk engelsk honour og labor, center og theater for britisk engelsk centre og theatre med meir) – og enklare skrivemåtar enn dei britiske i ein del tilfelle (catalog og program i staden for britisk engelsk catalogue og programme). Dette er eit resultat av ein viss amerikansk språknasjonalisme på tidleg 1800-tal, målbore av den sentrale leksikografen og språknormeraren Noah Webster. Somme av reformene til Webster stod seg, men dei vart ikkje vidareført.

Eit sjeldsynt døme på ei tverrnasjonal rettskrivingsreform har vi frå Malaysia og Indonesia i 1972. Desse to landa har eit felles nasjonalspråk, men som koloniar under Storbritannia resp. Nederland fekk dei cirka 1900 rettskrivingar basert på systema i kolonispråka. Indonesia endra under frigjeringsstriden mot Nederland rettskrivinga bort frå det nederlandske mønsteret på eitt punkt (oe -> u, såleis endra president Soekarno namnet sitt til Sukarno). Men i 1972 vart begge landa etter årelange forhandlingar samde om ei større reform for å skape ein einskap mellom dei to språkvarietetane. Reforma fekk namnet Ejaan Yang Disempurnakan ‘Den perfeksjonerte rettskrivinga’.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg