Skoltesamisk er eit alvorleg trua samisk språk som høyrer til den austsamiske språkkgruppa. I Finland er det rundt 300 som bruker språket i dag, i Russland er skoltesamisk nær ved å forsvinne, og i Noreg er det forsvunne. UNESCO klassifiserer skoltesamisk som eit alvorleg truga språk fordi dei yngste talarane er middelaldrande.
Skoltesamane er ei etnisk gruppe på om lag 700 menneske i Finland, Russland og Noreg: Dei fleste bur i Enare kommune (Sevettijärvi og Nellim) i Finland, i Russland bur dei på om lag 20 ulike stader i Murmansk fylke, og i Noreg bur dei fleste i Neiden, men også nokre i Kirkenes og Pasvikdalen.
Det finst kring 300 aktive språkbrukarar, alle i Finland, men om lag halvparten av skoltesamane i Russland har ein viss kjennskap til språket. Den norske gruppa med skoltesamar er liten og representerer den einaste beraren av austsamisk kultur i Noreg.
Skoltesamisk har status som offisielt språk i Enare kommune, som er ein del av samernas hembygdsområde / saamelaisten kotiseutualue i Finland. Dei underviser i skoltesamisk i grunnskulen i Enare, for både skoltesamar og andre.
Ein skoltesame kallar seg sää´mm eller sä´mmlaž, det vil seie ‘same’. Til dels blir òg nemninga nuõrttsää´m ‘austsame’ nytta. Språket heiter sää´mǩiõll ‘samisk’, ‘samespråket’ – eller nuõrttsää´mǩiõll ‘austsamespråket’. Dei fleste skoltesamane budde opphavleg i Peäccam ‘Petsamo’. Če´vetjäu´rr ‘Sevettijärvi’ og Njeä´llem ‘Nellim’ er skoltesamebygder i kommunen Aanar ‘Enare’. Bygda Njauddâm ‘Neiden’ ligg i Sør-Varanger. Sametinget heiter Sää´mte´ǧǧ.
På norsk snakkar vi tradisjonelt om skoltesamisk og skolt eller skoltesame, men medlemene av gruppa kallar seg berre samar, og språket sitt kallar dei samisk. Skoltar eller skoltesamar (finsk koltat eller kolttasaamelaiset, russisk skol'ty скольты eller skol'to-saamy скольто-саамы) er namn andre har sett på dei. På nordsamisk kallar dei skoltesamane nuortasápmelaččat ‘austsamar’ eller nuortalaččat ‘austmenn’, ‘austfolk’ og språket deira nuortalašgiella ‘austmannspråk’. Ein ser òg nemningane austsame og austsamisk på norsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.