Lokativ er i grammatikken ei bøyingsform av substantivet som i tyding typisk svarer til norske preposisjonar som i og på — og i nokre språk også til, ved og/eller frå.

Faktaboks

Uttale
lˈokativ
Etymologi
av latin locus ‘stad, plass’

I nokre språk kan lokativ reknast som ein kasus. Lokativ kan då kallast ein lokal kasus, det vil seie ein kasus som uttrykkjer noko som har med ein stad å gjere; jamfør latin locus 'stad, rom'.

Lokativ er ikkje vanleg i moderne europeiske språk — bortsett frå dei finsk-ugriske og andre uralske språk — men fanst som ein kasus i eldre indoeuropeiske språk. Eldre latin hadde ein lokativ på som overlevde seinare i faste uttrykk som desse:

  • domī 'i huset, heime' — lokativ av domus 'hus, heim'
  • humī 'på jorda, på bakken' — lokativ av humus 'jord, jordbotn'
  • rūrī 'på landsbygda' — lokativ av rūs 'landsbygd'

Elles i verda finst lokativ i mange språk, nedanfor illustrert med nordsamisk, grønlandsk, tyrkisk, swahili og cree.

Nordsamisk

Nordsamisk har ein kasus med suffikset -s i eintal (og -in i fleirtal) som moderne grammatikkar kallar lokativ, men som ikkje berre uttrykkjer 'på, i', men også 'frå':

  • fanas 'båt' – fatnasis 'i båten; frå båten'
  • goahti 'gamme, telt' – goađis 'i gammen, i teltet; frå gammen, frå teltet'
  • geaidnu 'veg' – geainnus 'på vegen; frå vegen'
  • johka 'elv' – jogas 'i elva, på elva; frå elva'

Eldre grammatikkar for nordsamisk kalte denne kasusen for inessiv-elativ. Det er eigentleg eit samanfall av to kasus som framleis er skilde i nokre andre samisk språk, mellom anna sørsamisk:

  • gåetie 'hus, gamme, telt'
    • inessiv: gåetesne 'i huset, i gammen, i teltet'
    • elativ: gåeteste 'frå huset, frå gammen, frå teltet'

Nordsamisk har òg den lokale kasusen illativ, som uttrykkjer det same som den norske preposisjonen til, som i johkii 'til elva'.

Grønlandsk

Grønlandsk har åtte kasus, og mellom dei både ein tilstadskasus (allativ), ein påstadskasus (lokativ) og ein fråstadskasus (ablativ), her illustrert med illu 'hus':

kasus eintal tyding fleirtal tyding
allativ illumut til huset, inn i huset illunut til husa, inn i husa
lokativ illumi i huset illuni i husa
ablativ illumit frå huset, ut av huset illunit frå husa, ut av husa

Tyrkisk

Også tyrkisk har kasusen lokativ, med suffikset -da / -de, som i desse døma:

  • mağaza 'butikk' – mağazada 'i butikken'
  • gemi 'båt' – gemide 'i båten'
  • yol 'veg' – yolda 'på vegen'
  • nehir 'elv' – nehirde 'i elva, på elva'

Swahili

Swahili har ikkje kasus, men har likevel eit lokativsuffiks -ni, som tyder både 'til', 'på', 'i', 'ved' og 'frå':

  • nyumba 'hus' — nyumbani 'til, ved, i, frå huset'
  • kitanda 'seng' — kitandani 'til, ved, på, i, ut av, frå senga'

Cree

Det nordamerikanske språket cree bøyer ikkje substantivet i kasus, men har likevel ein lokativ uttrykt med suffikset -ihk, som tyder 'i, på, ved, til':

  • cīmān 'kano' – cīmānihk 'i kanoen'
  • šwāp 'butikk' – šwāpihk 'i, ved, til butikken'
  • mēskanaw 'veg, sti' – mēskanihk 'på vegen, på stien'
  • sīpiy 'elv' – sīpīhk 'i, på elva'

Lokativlikande uttrykk i norsk

Norsk har fleire adverb som endar på -e og har ei tyding ein gjerne kan kalle lokativ:

  • heime 'i heimen'
  • ute 'utandørs'
  • inne 'innandørs'
  • borte 'på ein stad som ligg meir eller mindre langt frå eit utgangspunkt'
  • vekke 'borte'
  • nede 'på ein stad som ligg høgare enn ein annan'
  • oppe 'på ein stad som ligg lågare enn ein annan'
  • omme 'til ende, slutt'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg