Pitesamisk er eit sterkt trua eller nesten forsvunne samisk språk. I Sverige er det om lag 30 personar som snakkar språket i dag, på norsk side er det grunn til å tru at pitesamisk er forsvunne. Det pågår arbeid for å revitalisere språket. UNESCO klassifiserer språket som kritisk trua.
Det tradisjonelle pitesamiske språkområdet omfatta kommunane Beiarn, Saltdal, Gildeskål, Meløy og Rødøy og delar av Bodø og Fauske i Noreg og dei nordlege delane av kommunane Arvidsjaur og Arjeplog – langs Piteälven – i Sverige. I dag blir pitesamisk berre snakka i Sverige, av om lag 30 menneske av ei etnisk gruppe på kring 2000. Tidleg på 1900-talet fanst det òg dei som snakka pitesamisk i Noreg. Dei fleste som snakkar pitesamisk i dag, er over 60 år gamle.
Det pitesamiske språkområdet ligg i det svenske förvaltningsområdet för samiska språket, der samisk er offisielt minoritetsspråk, og pitesamisk har den offisielle statusen som følgjer med dette.
Sábme og sámegiella er dei pitesamiske orda for ‘same’ og ‘samisk språk’. Det pitesamiske språket kallar dei bidumsámegiella. Bidumedno er namnet på Piteälven, medan byen Piteå heiter Bidám og kommunen Arjeplog heiter Árjepluovve. Sverige og Noreg heiter høvesvis Sverrje og Vuodna – det siste tyder også ‘fjord’. Pitesamisk blir til dels også kalla arjeplogsamisk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.