Faktaboks

ingrisk
Språkkodar
izh (IZH)
ISO-639:3
izh

Ingrisk er eit språk som høyrer til dei finsk-ugrisk språka i den uralske språkfamilien. Ingrisk blir snakka blant ingrarar i Ingermanland i Russland, men dei fleste har russisk som fyrstespråk.

Ved ei folketeljing i 1989 vart det anslått at rundt 300 personar snakka språket, av ei etnisk gruppe på rundt 800. Dei fleste som kan snakke ingrisk i dag er eldre folk, og språket er sterkt truga.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg