Abessiv er ein grammatisk kasus med tydinga 'utan'. Jamfør finsk rahatta 'utan pengar', som er abessiv av raha 'pengar'. Denne kasusen går til dels òg under namna privativ og karitiv.

Faktaboks

Uttale
ˈabessiv
Etymologi
av latin abesse, ‘vere fråverande’

Abessiv er ein mindre vanleg kasus, og påfallande mykje mindre vanleg enn antonymet komitativ, som har tydinga 'med'. Til dømes har baskisk tolv kasus, mellom anna både komitativ og instrumentalis, mens tydinga 'utan' er uttrykt med postposisjonen gabe.

I ein del språk er det ikkje så lett å skilje substantiv i abessiv, til dømes med tydinga 'utan pengar', frå adjektiv med ei tyding som 'pengelaus'.

Nedanfor er det ein del døme på abessiv og abessivliknande konstruksjonar i uralske språk.

Uralske språk

Abessiv finst frå gamalt av i fleire uralske språk, men nokre uralske språk har abessivliknande konstruksjonar som er mindre brukte eller kan analyserast på alternative måtar.

Estisk

I estisk er kasusen abessiv vanleg, og blir danna ved å leggje suffikset -ta til ei stamme som er lik genitiv eintal. Til dømes har substantivet päike 'sol' genitivforma päikese. Abessivforma er päikeseta 'utan sol', som illustrert i denne setninga:

  • Päikeseta on külm.
  • 'Utan sol er det kaldt.'

Ofte er abessivforma kombinert med preposisjonen ilma 'utan', til dømes ilma päikeseta 'utan sol'.

Finsk

Abessiv finst i finsk, og har suffikset -tta / -ttä (vokalen vekslar vokalharmonisk), som i dømet nedanfor, der rahatta 'utan pengar' og passitta 'utan pass' er abessiv eintal av høvesvis raha 'pengar' og passi 'pass':

  • Hän lähti ulkomaille rahatta ja passitta.
  • 'Han drog til utlandet utan pengar og utan pass.'

Konstruksjonen er likevel lite brukt i standardfinsk, og det normale er å nytte preposisjonen ilman 'utan' i staden, som i ilman rahaa 'utan pengar' (rahaa er partitiv av raha 'pengar').

Derimot er abessiv av tredje infinitiv heilt vanleg. Eit døme på første infinitiv er itkeä 'gråte', som i tredje infinitiv blir itkemä. Til denne legg vi så -tta / -ttä og får itkemättä 'utan å gråte'.

Mordvinsk

Begge dei mordvinske språka – ersa (эрзя erzia) og moksja (мокша mokša) – har kasuset abessiv. Til dømes er кудовтомо (kudovtomo) 'utan hus' abessiv av кудо (kudo) 'hus' på ersa.

Ein finn former frå begge dei mordvinske språka i til dømes Parlons mordve. Une language finno-ougrienne de Russe (2006) av Ksenija Djordjević og Jean-Léo Leonard.

Nordsamisk

I eldre nordsamiske grammatikkar, til dømes Lærebok i lappisk (1926–1929) av Konrad Nielsen, blir ei form som áhčihaga 'utan far' analysert som abessiv av substantivet áhčči 'far'.

Nyare grammatikkar skriv dette i to ord, áhči haga 'utan far', og analyserer det som eit substantiv i genitiv/akkusativ pluss postposisjonen haga 'utan'. (Konrad Nielsen diskuterer også denne alternative analysen.) Her er eit døme frå North Sámi. An Essential Grammar (2017) av Riitta-Liisa Valijärvi og Lily Kahn:

  • Guovža galgá birget guhká biepmu haga.
  • 'Ein bjørn må klare seg lenge utan mat.'

Nyare nordsamiske grammatikkar operer likevel med kategorien verbabessiv. Frå infinitiven mannat 'gå' kan ein danne verbabessiven manahaga 'utan å gå', alternativt manakeahttá. Suffikset -haga har med andre ord nøyaktig same form som den nemnde postposisjonen haga 'utan'. Denne setninga illustrerer bruken av verbabessiv:

  • Oskkokeahttá ii beasa albmái.
  • 'Utan å tru slepp ein ikkje inn i himmelen.'

Sørsamisk

Som Knut Bergsland skriv i Sydsamisk grammatikk (1982), kan eit ord som aehtjehth i sørsamisk anten analyserast som eit adjektiv med tydinga 'farlaus' eller som ei bøyingsform med tydinga 'utan far' i kasuset abessiv av substantivet aehtjie 'far'.

Analysen som adjektiv er truleg å føretrekkje. Eit karakteristisk drag ved samiske adjektiv er at dei òg har ei attributiv form, og ved sida av former som aehtjie finst det – som Bergsland også skriv – attributive former som aehtjehts, til dømes aehtjehts maana 'farlaus unge'.

Ungarsk

Ungarsk har eit suffiks -(a)t(a)lan / -(e)t(e)len (vokalen vekslar vokalharmonisk) som til dels blir omtala som eit abessivsuffiks, men som helst bør analyserast som eit adjektivisk avleiingssuffiks.

Når ein legg dette suffikset til eit adjektiv som komoly 'seriøs', får ein komolytalan 'useriøs'.

Dersom ein legg dette suffikset til verbstamma vár 'vente', får ein adjektivet váratlan 'uventa'.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg