Faktaboks

Uttale
vˈepsisk
Språkkodar
vep (VEP)
ISO-639:3
vep
Det vepsiske flagget.
Det vepsiske flagget, eit nordisk krossflagg, har vore i bruk sidan juni 1992.
Av .

Vepsisk er eit austersjøfinsk språk. Dei austersjøfinske språka høyrer til den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien. Vepsisk er med andre ord ein nær slektning av mellom anna finsk, karelsk og estisk, og er det austlegaste av dei austersjøfinske språka.

Vepsisk blir snakka av rundt 3600 av dei rundt 6000 etniske vepsarane (folketeljing, 2010), som bur i Russland, i området mellom innsjøane Ladoga, Onega og Belojesjøen.

Språket blir delt i fire hovuddialektar:

  1. den nordlege dialekten på sørvestsida av Onega
  2. sentraldialekten mellom den nordlege dialekten og elva Ojat' (Оять)
  3. den sørlege dialekten sønnanfor elva Ojat'
  4. den austlege dialekten ved Belojesjøen

Historie

Dei eldste tekstane på vepsisk er folkloristiske tekstar frå 1800-talet. Den fyrste vepsiske grammatikken blei utgjeven på fransk i 1875 av den ungarske språkforskaren Károly Újfalvy.

På 1930-talet blei det laga ei vepsisk rettskriving, og den fyrste vepsiske boka, ei lesebok, kom i 1932. Om lag 40 bøker blei utgjevne på vepsisk på 1930-talet, i hovudsak skulebøker, som blei nytta på 57 vepsiskspråklege grunnskular med over 3000 elevar. I 1934 kom det ut ein vepsisk grammatikk på vepsisk, Vepskijan kelen grammatik.

Frå 1937 miste vepsarane alle dei språklege rettane sine, i lag med fleire andre minoritetar som blei sette på som «upålitelege«.

Ikkje før på 1990-talet blei det tillate att å gje ut bøker på vepsisk. I 1991 fekk språket ei ny rettskriving. Sidan 1993 har månadsskriftet Kodima 'Heimlandet' kome ut i byen Petrozavodsk (Петрозаводск), med tekstar på vepsisk og russisk. Kodima blei grunnlagt av Nikolai Viktorovič Abramov (1961–2016), som blir rekna som ein av dei største vepsiske forfattarane. I dag finst det fem grunnskular der over 350 born lærer vepsisk.

Vepsisk, estisk og finsk

Likskapen mellom vepsisk og dei austersjøfinske systerspråka estisk og finsk kan ein til dømes sjå ved å jamføre talorda frå 1 til 10 i desse tre språka:

vepsisk estisk finsk
1 üks' üks yksi
2 kaks' kaks kaksi
3 koume kolm kolme
4 nel'l' neli neljä
5 viž viis viisi
6 kuz' kuus kuusi
7 seičeme seitse seitsemän
8 kahesa kaheksa kahdeksan
9 ühesa üheksa yhdeksän
10 kümne kümme kymmenen

Apostrofen i dei vepsiske orda markerer at konsonanten han står etter, er palatalisert. Denne palataliseringa finst òg i estisk, der ho ikkje er markert i rettskrivinga.

Vepsisk grammatikk

Som andre austersjøfinske språk – eller uralske språk i det heile – har vepsisk eit omfattande bøyingssystem. Nominale ord som substantiv, adjektiv, pronomen og determinativ blir bøygde i tjuetre kasus – fleire enn i nokon andre austersjøfinske språk – og to numerus.

Vepsisk fonologi og ortografi

Vepsisk blir skrive med det latinske alfabetet, med 29 bokstavar og ein apostrof som uttrykkjer palatalisering og står etter 14 av konsonantane:

bokstav uttale bokstav uttale bokstav uttale
a [ɑ] j [j] s [s]
b [b] k [k] s' [sʲ]
c [ʦ] k' [kʲ] š [ʃ]
c' [ʦʲ] l [l] z [z]
č [ʧ] l' [lʲ] z' [zʲ]
d [d] m [m] ž [ʒ]
d' [dʲ] m' [mʲ] t [t]
e [e] n [n] t' [t']
f [f] n' [nʲ] u [u]
g [ɡ] o [o] v [v]
g' [ɡʲ] p [p] v' [vʲ]
h [h] p' [pʲ] ü [y]
h' [hʲ] r [r] ä [æ]
i [i] r' [rʲ] ö [ø]

Apostrofen er ikkje med føre e, i, ü, ä, ö, der desse 14 konsonantane alltid er palataliserte – med nokre unnatak for e. Til dømes blir vepsän kel' 'det vepsiske språket' uttala [vʲepsʲæn kʲelʲ].

Vepsisk skil seg frå andre austersjøfinske språk ved å mangle stadieveksling i konsonantane.

Språket har vokalharmoni, men i mindre grad enn til dømes finsk. Vepsiske vokalar blir delte i tre grupper i samband med vokalharmonien:

  • Bakre vokalar: a, o, u
  • Fremre vokalar: ä, ö, ü
  • Nøytrale vokalar: e, i

Vepsisk vokalharmoni fungerer slik:

  1. Dersom den fyrste stavinga i eit ord har ein bakre vokal, må også den andre stavinga ha ein bakre vokal.
  2. Dersom den fyrste stavinga i eit ord har ein fremre vokal, må også den andre stavinga ha ein fremre vokal, men dette er ikkje konsekvent gjennomført.
  3. Nøytrale vokalar kan kombinerast med både bakre og fremre vokalar.
  4. Frå og med tredje staving finst ikkje dei fremre vokalane.
  5. Vokalharmonien fungerer i liten grad i bøyingssuffiks.

Nokre døme:

  • Adjektivet hüvä 'god' heiter hüväha i illativ eintal. Jamfør dei tilsvarande finske formene hyvä og hyvään.
  • Substantivet 'hovud' heiter päha i illativ eintal. Jamfør dei tilsvarande finske formene pää og päähän.

Vepsisk skil – i motsetnad til andre austersjøfinske språk – ikkje mellom korte og lange vokalar.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg