essiv (grammatikk)

Artikkelstart

Essiv er eit kasus som uttrykkjer ein tilstand, ein stad eller eit tidsrom som noko er i. Kasuset finst i fleire uralske språk, som dei samiske, dei austersjøfinske og ungarsk.

Faktaboks

Uttale
ˈessiv
Etymologi

av latin esse 'vere'

Essiv i nordsamisk

I nordsamisk står predikativet i essiv når det uttrykkjer ein mellombels eller tidsavgrensa tilstand. Jamfør desse to setningane, der oahpaheaddjin er essiv og oahpaheaddji er nominativ av ordet som tyder 'lærar':

  • Dál dán jagi Máret lea oahpaheaddjin. 'No i år er Marit lærar.'
  • Máret lea oahpaheaddji. 'Marit er lærar.'

I denne setninga er nuorran 'som ung' essiv av adjektivet nuorra 'ung':

  • Nuorran son lea dan juo oahppan. 'Ho/han lærte det alt som ung (i ung alder).'

Essiv blir òg nytta i ein del stads- og tidsuttrykk, som desse, der guhkkin 'langt borte, langt bortanfrå' er essiv av guhkki 'lang', davvin 'nordpå, nordfrå' er essiv av davvi 'nord' og bassin 'på ein helgedag' er essiv av bassi 'helgedag':

  • Guhkkin davvin Dávggáid vuolde 'Langt mot nord under Karlsvogna'
  • Bassin ii galggaše bargat. 'På ein helgedag burde ein ikkje arbeide.'

Essiv i finsk

Eksempel frå finsk er tidsuttrykk som jouluna 'i jula' (essiv av joulu 'jul') og stadsuttrykk som kotona 'heime' (essiv av koti 'heim'):

  • Jouluna olin kotona. 'I jula var eg heime.'

Akkurat som i samisk svarer uttrykkjer essiv ofte det same norske uttrykk av typen 'som …' eller 'i eigenskap av …'. Jamfør turistina 'som turist' (essiv av turisti 'turist') i denne setninga:

  • Olen Suomessa turistina. 'Eg er i Finland som turist.'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg