Genitiv er eit namn på eigeforma av eit ord eller ein nomenfrase. Eit eksempel på genitiv er forma kongens i setningane «det er kongens hest» og «den hesten er kongens». I nomenfrasen kongens hest står kongens for eigaren, mens hest står for det som blir eigd. Vanlegvis blir genitiv rekna som ein kasus.

Faktaboks

Uttale
gˈenitiv
Etymologi
av latin genetivus / genitivus, frå gresk génesis (γένεσις) 'opphav'

Fleire europeiske språk har konstruksjonar som liknar på kongens hest. Her er nokre eksempel, alle med tydinga 'kongens hest', der genitivsforma («kongens») står i kursiv:

Litt meir om tydinga til genitiv

Sjølv om genitivforma av eit ord eller ein nomenfrase alltid kan vere ei eigeform, kan ho også ha fleire andre tydingar. Her er nokre eksempel:

  1. husets vegger
  2. jordas overflate
  3. gutens mor
  4. Karis mann
  5. husets eigar

I eksempel 1 er ikkje veggene noko huset eig, dei er ein del av huset, og i eksempel 2 er overflata ein del av jorda. Her har vi ein relasjon mellom ein heilskap og ein del: Huset og jorda er heilskapar som veggene og overflata er delar av.

I eksempel 3 eig ikkje guten mor si, og i eksempel 4 eig ikkje Kari mannen sin. Her har vi slektskaps- eller familierelasjonar, og genitiv kan brukast begge vegar: Ola er Karis son = Kari er Olas mor.

I eksempel 5 uttrykkjer genitivsforma heilt tydeleg ikkje eigaren, for det eigde eig ikkje eigaren sin. Her har vi å gjere med ei meir abstrakt tilknyting.

Genitiv og alternative konstruksjonar

Norrøne substantiv, adjektiv, pronomen og determinativ hadde eigne genitivformer, som 'kongens hest' på norrønt viser:

  • hestr konungsins

Her er konungsins genitiv, eintal, bunden/bestemt av konungr 'konge'.

I dei fleste norske dialektar har genitiv blitt borte som ein bøyingskategori ved substantiv, adjektiv og determinativ for mange hundre år sidan, truleg alt på 1400-talet, og er erstatta av ei rekkje andre konstruksjonar:

  • hesten til kongen
  • hesten åt kongen
  • kongen sin hest
  • hesten hans Harald

Mange andre europeiske språk manglar også genitivsformer, og i staden brukar dei konstruksjonar der «eigaren» står etter ein preposisjon:

Også i færøysk har genitiv stort sett gått av bruk, og ein nyttar i staden ein konstruksjon med preposisjonen hjá 'hjå, hos' føre ein nomenfrase i dativ:

  • hesturin hjá konunginum 'hesten til kongen'

Den norske konstruksjonen med genitiv-s liknar den norrøne genitiven:

  • kongens hest

Her er likevel ikkje kongens ei bøyingsform av konge slik konungsins er ei bøyingsform av konungr. S-en i kongens er ein enklitisk genitiv-partikkel som står heilt sist i ein nomenfrase, som [kongen av Noreg]:

  • [kongen av Noreg]s hest

Den engelske genitiv-s-en må analyserast på same måten:

  • [the king]'s horse
  • [the king of Norway]'s horse

Japansk har ein heilt parallell konstruksjon, der の no er ein genitiv-partikkel, medan 王 ō tyder 'kong' og 馬 uma tyder 'hest':

  • 王の馬 Ō no uma

Konstruksjonen med -s er lite brukt i norske dialektar og er difor mindre vanleg i nynorsk enn i bokmål, som har lånt konstruksjonen frå dansk.

Genitiv og kasus

Det er vanleg å rekne genitiv som ein kasus, sidan genitiv på mange språk står i motsetnad til kasus som nominativ, akkusativ og dativ, slik at dei gjensidig utelukkar kvarandre: Eit substantiv står anten i nominativ, akkusativ, dativ eller genitiv. Dette gjeld ikkje minst i dei klassiske språka latin og gresk, som tradisjonell europeisk grammatikk skriv seg frå.

Mange språkforskarar meiner likevel at genitiv ikkje er ein kasus, fordi det skil seg på fleire vis frå nominativ, akkusativ, dativ og andre kategoriar som utan tvil er kasus.

Dersom kasus blir definert som ein grammatisk kategori som uttrykkjer kva syntaktisk funksjon eit setningsledd har i ei setning, er ikkje genitiv ein kasus. Genitiv uttrykkjer ikkje kva funksjon eit setningsledd har i ei setning, men i staden ein grammatisk relasjon mellom ledd inne i ein nomenfrase.

Utvilsame kasus som nominativ, akkusativ og dativ utelukkar kvarandre alltid gjensidig, slik at eit ord ikkje kan ha fleire kasus samtidig. Men genitiv skil seg frå desse ved at det finst språk – mellom anna i Afrika og Australia – der ord kan stå i både genitiv og til dømes nominativ, akkusativ eller dativ. Dette er mogeleg nettopp fordi genitiv gjeld ein relasjon innanfor nomenfrasen, medan kasus gjeld funksjonen til nomenfrasen i ei setning.

Nedanfor er eit eksempel frå det omotiske språket kafa. Setninga tyder 'Gjev Gud det som høyrer Gud til!' (Markus 12,17) — eller direkte omsett: 'Gjev Guds til Gud!' Forma Yeerichon er ei genitivform som har kasusen akkusativ.

Yeeri-ch-o-n Yeeri-ch imbote!
Gud-GENITIV-MASKULINUM-AKKUSATIV Gud-DATIV gjev

Ordet Yeerichon er akkusativ av Yeericho, som er genitiv, eintal, maskulinum av Yeeri 'Gud'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg