Økonomi og næringsliv i Sudan

Sudans jordbruk er heilt avhengig av kunstig vatning. I Nildalen ligg små kunstvatningsområder rundt pumpestasjoner som tappar grunnvatnet. Bildet viser vatn fra Nilen som renn i Nourris kanalsystem. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Sudan av /NTB Scanpix ※. Gjengitt med tillatelse

Elva Nilen renn gjennom Sudan frå sør til nord. Den blå- og Den kvite Nil møtast ved Khartoum. Store strekningar er seglbare. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Sudan av /NTB Scanpix ※. Gjengitt med tillatelse

Sudan er Afrikas tredje største land etter areal. Sjølv om den nordlege delen av landet hovudsakleg er ørken, så har Sudan fleire naturressursar, mellom anna store område eigna for jordbruk og betydelege førekomstar av fleire mineral. Langvarige valdelege konfliktar har likevel hindra utvikling og vekst, og Sudan er framleis mellom dei minst utvikla landa i verda. Store avstandar, klimatiske forhold og delvis internasjonal isolasjon som følgje av politikken til det sittande regimet, har også bidrege til dårlege vilkår for utvikling av samfunnet og levekåra til befolkninga. På indeksen for menneskeleg utvikling er Sudan rangert som land nummer 167 av 189 (UNDP 2018).

Eksport av olje starta i 1999, og det vart raskt den viktigaste inntektskjelda. Som følgje av dette fekk Sudan ein betydeleg vekst i bruttonasjonalproduktet (BNP) frå 1999 til 2011, men ein stor del av oljeinntektene forsvann då Sør-Sudan vart sjølvstendig i 2011. Bruttonasjonalproduktet per innbyggjar var 4100 amerikanske dollar i 2017, og det har vore omfattande inflasjon dei siste åra. I desember 2018 braut det ut protestar i mange byar i Sudan som følgje av prisauke på naudsynte varer som brød og drivstoff.

Årsaker til underutvikling og stagnasjon

Særleg på 1980- og 1990-talet førte borgarkrigane mellom det sørlege og nordlege Sudan saman med tørke til hungersnaud og store flyktningstraumar – både internt fordrevne flyktningar og tilflukt i nabolanda. Krigshandlingane utspant seg for det meste i sør, så dette området vart hardast ramma. Borgarkrigen førte også til at utvinning av olje- og gassførekomstane, som først vart påvist i 1977, ikkje kom i gong før i 1999. Ein av årsakene til krigen i sør var usemje om korleis desse ressursane skulle kontrollerast og utnyttast. Borgarkrigen hindra også fullføringa av Jongleikanalen, som ville ha redusert fordampinga av vatnet frå Nilen i Sudd-deltaet. Vatn frå Nilen er av avgjerande betydning for irrigert landbruk i både Sudan og Egypt.

Ein ny borgarkrig braut ut i Darfur i 2003, og dette skapte igjen ein av kontinentets alvorlegaste humanitære katastrofar i Sudan.

Bistand

På grunn av borgarkrigane, der den ramma befolkninga ikkje lenger har hatt moglegheit til å dyrke jorda si, har Sudan vore sterkt avhengig av utanlandsk bistand og naudhjelp.

All ny utviklingshjelp frå USA vart halde tilbake frå 1990 i protest mot manglande demokratisering og støtte til organisasjonar som USA ser på som terroristar. I 1991 suspenderte også Storbritannia bistanden sin, og deretter EU. Bistanden frå Kuwait og Saudi-Arabia vart også innstilt som følgje av Sudans stilling i Golfkrigen i 1991. Naudhjelp, særleg til det sørlege Sudan og seinere til Darfur, vart unnateke sanksjonane, men det vart vanskeleg å nå fram med hjelpa både på grunn av krigen og motarbeiding frå den sudanske regjeringa. USA heva sanksjonane mot Sudan først i 2017.

Jordbruk og primærnæringane

Sudan er hovudsakleg eit landbrukssamfunn, dels med jordbruk, dels husdyrhald, og mindre skogbruk. Sektoren sysselset framleis kring 80 prosent av yrkesbefolkninga (CIA, 2017 estimat), men langt fleire er avhengige av noko jordbruksproduksjon for å overleve. Mesteparten av produksjonen skjer på sjølvbergingsnivå, og sektoren står for omlag 40 prosent av bruttonasjonalproduktet (CIA, 2017 estimat).

Sudans eksport er dominert av landbruksprodukt, med unntak av perioden 1999 til 2011 då det var eksport av olje.

Jordbruk

Jordbruket er viktigaste næringsveg i Sudan både med omsyn til sysselsetting og inntekter. Mykje av landbruket er innretta mot sjølvberging, men Sudan eksporterer også bomull, sukker og peanøtter.

Rundt 30 prosent av Sudans areal kan brukast til jordbruk, medan 40 prosent er beiteland og skog. Dei dyrkbare områda ligg hovudsakleg i sør mellom dei store elvene Den kvite Nilen, Den blå Nilen og Atbarah. Anna jordbruksland finst langs Nilen og på slettene vest i landet. Av det totale jordbruksarealet til Sudan er berre omlag 21 prosent oppdyrka, med varierande produktivitet. Delar av det dyrkbare arealet ligg ofte brakk i årelange periodar, ofte på grunn av vassmangel.

Dei viktigaste jordbruksprodukta er bomull, peanøtter, durra, hirse, kveite og sukkerrør. Det vert også dyrka bønner, linser, mango, papaya, banan, søtpotet og sesamfrø.

Mellom dei store elvene i sør vert det drive mekanisert jordbruk basert på irrigasjon i stor skala. Mellom Den kvite og Den blå Nilen søraust for Khartoum ligg Gezira-anlegget, der vatnet vert ført i kanalar frå demningar til eit stort bomullsdistrikt. Her er det også ein omfattande bomullsindustri. Sudan har omlag to millionar hektar irrigert land; cirka halvparten ved Gezira – som er verdas største jordbruksanlegg under éi leiing.

Langs Nilen vert den fruktbare elvebredda dyrka med vatn pumpa opp frå elva. I dei seinare åra har det også vorte oppretta mekanisert jordbruk i ørkenen der ein tappar grunnvatnet og bruker det til irrigasjon.

I vest vert jorda dyrka etter regntida.

Kontroll med Nilens vassressursar er eit stridsspørsmål med Egypt, som i likskap med Sudan er heilt avhengig av vatnet frå Nilen for både jordbruket spesielt og økonomien meir generelt.

Nomadisme

Dyrehald med ein nomadisk eller halvnomadisk livsstil er viktig for ein del av befolkninga, særleg i dei nordlege delane av landet. Dei viktigaste husdyra er geit, sau, kamel og kveg. Eksport av levande dyr – særleg til Egypt, Saudi Arabia og andre arabiske land – har tradisjonelt vore ei viktig inntektskjelde. Omlag 25 prosent av landarealet vert nytta til beite. I tillegg til nomadane held også mange småbrukarar nokre husdyr.

Skogbruk

Sudan har omkring 80 prosent av dei totale førekomstane i verda av arabisk gummi. I Sudan vert dette i hovudsak produsert frå treet Acacia senegal, og arabisk gummi er det einaste skogbruksproduktet i Sudan som gir eksportinntekter av betydning. Omlag tolv prosent av landarealet er klassifisert som skog. Nesten all produktiv skog er statseigd, og det meste av hogsten går til brensel.

Fiske

Sudan har berre ei kort kyststripe i aust, og fiske i Raudehavet er ikkje utvikla i særleg grad. I innlandet har fisket frå både Nilen og Nassersjøen ei viss betydning, og det er særleg nilabbor som vert fiska.

Bergverk og energi

Utviklinga av petroleumssektoren var høgt prioritert i andre halvdel av 1990-åra med investorar frå Kina, Malaysia og Canada. Oljefelta som vart sett i produksjon var Heglig og Unity, som begge ligg i eit omstridt grenseområde med dagens Sør-Sudan. For å få eksportert oljen vart det bygd ei 1610 kilometer lang oljeleidning frå oljefelta i det sørlege Kordofan til den nye utskipingsterminalen Marsa Bashayir sør for Port Sudan ved Raudehavet. President Omar al-Bashir opna eksportterminalen den 31. mai 1999, og den første oljetankaren forlot hamna med 600 000 fat olje den 27. august same år. Oljeeksporten førte til at Sudan fekk sitt første handelsoverskot i 1999.

I 2006 hadde Sudan påviste oljeførekomstar på omlag 560 millionar fat, medan landets energidepartement anslo dei samla reservane til omlag fem milliardar fat. Leiting etter olje har vore avgrensa til nokre område i det sørlege Sudan og dagens Sør-Sudan, men det er venta at store førekomstar også finst i den nordvestlege delen av Sudan og ved Raudehavet i aust. Døgnproduksjonen av olje i 2005 var på gjennomsnittleg 363 000 fat, og olje stod for omlag 70 prosent av samla eksportverdi.

Sudan har rike mineralførekomstar, men dei vert i liten grad utvunne kommersielt. Mangelfull infrastruktur og manglande investeringar har hindra utnytting av førekomstar av mellom anna jernmalm, mangan, sølv, krom, gips og marmor. Sudan har også rike førekomstar av gull, som har vore utvunne sidan bronsealderen.

Sudan hadde i 2016 ein installert kapasitet for produksjon av elektrisk energi på 3227 MW, omtrent likeleg fordelt på varmekraftverk og vasskraftverk. Landet har fem vasskraftverk med ei samla yting på 1593 MW. Det største kraftverket er Merowe-anlegget, som har ei installert yting på 1250 MW. Kraftverket ligg ved Nilen, 350 kilometer nord for hovedstaden Khartoum. Utbygginga av kraftverket var svært omstridt sidan rundt 60 000 menneske måtte tvangsflyttast. Planar om å bygge eit nytt 300 MW vasskraftverk lenger nord ved Nilen, omtalt som Kajbar-anlegget, er også møtt med protestar i hovudstaden.

I Sudan har mangel på strøm lenge vore eit hinder for økonomisk utvikling. Dei siste åra har forbruket av elektrisk energi auka frå 1,28 TWh i 1990 til 12,6 TWh i 2016, som inneber ein årlig vekst på over ni prosent. Til trass for denne veksten har framleis berre 35 prosent av Sudans befolkning tilgang på elektrisk kraft (tal frå 2018).

Industri

Sudans industrisektor er lite utvikla, og er vesentleg basert på jordbruket, framfor alt bomullsdyrking som starta opp i stor skala allereie i 1926. Sudan har verdas største bomullsveveri som sitt fremste industrikompleks. Sukkerraffinering er ein annan viktig industri.

Industrien er elles i stor grad dominert av bearbeiding av mat og drikke. Med oljeboomen i det første tiåret av 2000-talet, opna både Coca-Cola og Pepsi nye og større fabrikkar i Sudan, og eit tyrkisk firma opna eit stort handelssenter i Khartoum.

Landet produserer også mellom anna sement og kunstgjødsel, samt forbruksvarer til erstatning for import, til dømes såpe, planteolje og sko. Eit oljeraffineri nord for Khartoum vart opna i 2000, og det dekker Sudans behov for petroleumsprodukt.

Fire frihandelssoner vart oppretta i 1992 i eit forsøk på å tiltrekke seg investeringar, og ein frihandelssone ved Raudehavet vart etablert i 1999.

Utanrikshandel

Sudan har store underskot i handelsbalansen med utlandet; og landet er avhengig av utanlandsk bistand, som i periodar har vore halde tilbake frå fleire donorar grunna politiske forhold.

Sudans viktigste eksportvarer er olje, bomull, peanøtter, arabisk gummi og levande dyr, samt huder. Importen omfattar mellom anna maskiner, petroleum og petroleumsprodukter, kjemikalier og næringsmiddel. Dei viktigaste handelspartnarane er Kina, Egypt, Saudi-Arabia og De forente arabiske emirater.

Samferdsle

Transportnettverket i Sudan er mangelfullt utbygd og representerer eit alvorleg hinder for økonomisk utvikling. Det finst omlag 48 000 kilometer med vegar, derav reknast 3160 kilometer som hovudvegar. Store delar av vegane i sør er ubrukelege i regntida. Atbara er knutepunkt for jernbaner frå hamnebyen Port Sudan ved Raudehavet, frå Wadi Halfa ved Nassersjøen i nord og frå Khartoum og områda lenger sør. Samla sporlengde er 4784 kilometer, samt 1400 kilometer som betener bomullsplantasjane i al-Gezira. Nilen er ei viktig forbindelseslinje mellom nord og sør, og det finst til saman omlag 4000 kilometer seglbare elver, der 1723 kilometer er eigna for heilårstrafikk. Dei viktigaste hamnebyane er Port Sudan og Suakin. Khartoum har internasjonal lufthamn.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg