Hovudstaden Juba ligg ved Nilen
Hovudstaden Juba ligg ved Nilen. Av /Shutterstock. Begrenset gjenbruk

Sør-Sudan

Faktaboks

Uttale

Sør-Sud'an

Også kjent som
Republikken Sør-Sudan
Offisielt navn
Republic of South Sudan
Norsk navn
Republikken Sør-Sudan
Statsform
Føderal demokratisk republikk
Hovedstad
Juba
Innbyggertall
11 545 000 (2022)
Landareal
610 952 km²
Innbyggere per km²
18,00
Offisielt/offisielle språk
Engelsk
Nasjonaldag
9. juli
Statsoverhode
Salva Kiir Mayardit
Mynt
Pund
Valutakode
SSP
Nasjonalsang
South Sudan Oyee
Flagg
Riksvåpen
Kart over Sør-Sudan

Artikkelstart

Sør-Sudan er ein republikk i Aust-Afrika. Landet grensar mot Sudan i nord, Etiopia i aust, Kenya og Uganda i søraust, Den demokratiske republikken Kongo i sørvest og Den sentralafrikanske republikken i vest.

Sør-Sudan blei erklært som sjølvstendig stat 9. juli 2011 etter ei folkerøysting der fleirtalet røysta for ei lausriving frå Sudan. Sidan desember 2013 har landet vore råka av ein borgarkrig som er utløyst av ein konflikt mellom president Salva Kiir Mayardit og visepresident Riek Machar.

Hovudstaden er Juba og det offisielle språket er engelsk.

Geografi og miljø

Sør-Sudan, plassering i Afrika.
Juba
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Sør-Sudan er ein innlandsstat og ligg mellom 3° og 12° N og 23° og 35° Ø. Med eit areal på 619 745 kvadratkilometer er Sør-Sudan eit mellomstort land i Afrika.

Landskapet består av tropiske skogar, sumpar og grasland.

Dei sentrale og nordlege delane av landet ligg rundt 400 meter over havet. Det er fjellområde i søraust, sør og vest. Mount Kinyeti (3187 meter over havet) i Imatongfjella på grensa til Uganda er det høgaste fjellet i Sør-Sudan.

Elven Den kvite Nilen renn gjennom landet frå sør til nord. Dei første 160 kilometrane frå Nimule på grensa til Uganda til hovudstaden Juba fossar elva ned frå fjella, og heiter her Bahr el-Jebel (Fjell-elva på arabisk). Frå Juba er elva navigerbar nordover til Sudan. Omlag 150 kilometer lenger nord renn elva ut i Sudd – den største sumpen i verda som har ei gjennomsnittleg overflate i løpet av året på 30 000 kvadratkilometer.

I den nordlege enden av Sudd ligg Nosjøen. Når elva renn ut av innsjøen, blir kalla han for Den kvite Nilen. Den kvite Nilen renn først austover, men han snur seg mot nord etter samanløpet med Sobat etter cirka 115 kilometer.

Det er eit rikt dyreliv i Sør-Sudan. Artsrikdommen omfattar mellom anna løve, leopard, gepard, elefant, sjiraff, sebra, nashorn, bøffel, flodhest og krokodille.

I grenseområda mellom Sudan og Sør-Sudan finst det store oljeførekomstar.

Folk og samfunn

Shillukar
To shillukar ved byen Malakal i 1936.
Av /G. Eric and Edith Matson Photograph Collection.

Innbyggartalet i Sør-Sudan blei estimert til 11 545 000 i 2022.

Det er stor etnisk og språkleg diversitet (mangfald) i Sør-Sudan. Dei største etniske gruppene er dinka, nuer og shilluk, og desse folka snakkar alle språk som tilhøyrer nilo-saharaspråkene. Desse tre etniske gruppene bur i dei nordlege og sentrale delane av landet, i området rundt Den kvite Nilen, i Sudd og langs Bahr al-Arab.

Andre store etniske grupper er azande og banda, som snakkar språk tilhøyrande språkfamilien Niger-Kongo. Begge folkegruppene bur i den sørvestlege delen av landet – azande langs grensa mot Den demokratiske republikken Kongo og bandaene langs grensa mot Den sentralafrikanske republikken.

Dei fleste folka i Sør-Sudan tilhøyrer framleis tradisjonelle religionar, men det er også ein kristen minoritet der, ettersom ulike kristne misjonar frå Nord-Amerika og Europa har vore aktive i landet sidan midten av 1800-talet. Det finst også nokre få muslimar i Sør-Sudan.

Stat og politikk

Salva Kiir Mayardit
Salva Kiir Mayardit har vore president i republikken Sør-Sudan sidan landet blei sjølvstendig i 2011, og er ein av leiarane som no har ført det unge landet inn i ein borgarkrig. Foto frå 2013.
Av /NTB Scanppix.

Den første presidenten i Sør-Sudan og noverande statsoverhovud er Salva Kiir Mayardit, tidlegare visepresident i Sudan. Han blei demokratisk vald for ein fireårig periode frå 2011 til 2015.

Sommaren 2013 kasta president Kiir heile regjeringa – inkludert visepresidenten Riek Machar. I desember same år fekk Machar hæren til å utføre eit kupp i landet. Spliden mellom Kiir og Machar førte allereie til etniske spenningar ettersom presidenten og visepresidenten kjem frå to etniske grupper, dinka og nuer, som har ei lang historie med valdeleg konflikt.

Historie

Barn kjøler seg ned i ein FN-driven leir i Juba, 2016.
.
Lisens: CC BY 2.0

Det var ingen statsdanningar i dagens Sør-Sudan i førkolonial tid. Dagens befolkning består av mange ulike etniske grupper, og dei har alle si eiga forhistorie. Det har nesten ikkje vore gjort arkeologiske undersøkingar i landet, så historia før 1500 er ukjend. Det er knytt forventningar om at framtidige arkeologiske registreringar og utgravingar vil avdekkje meir av korleis menneska levde i Sør-Sudan i fortida. Tida frå 1500-talet og fram til dagens Sør-Sudan blei okkupert av britane og egyptarane på slutten av 1800-talet, er berre kjend gjennom munnleg overleverte meldingar og eit sparsamt skriftleg kjeldemateriale.

Den moderne statsdanninga Sudan blei forma under egyptisk og britisk styre i kolonitida (1898–1956), med eigne administrasjonar for høvesvis den nordlege og sørlege delen, som i praksis blei styrte som to separate koloniar. Sør-Sudan var lite integrert i moderniseringa av Sudan, og slik den geografiske avstanden mellom nord og sør var stor, var dei kulturelle skiljelinjene store. Medan Nord-Sudan raskt tilpassa seg det egyptisk-britiske styret, var motstanden større i Sør-Sudan; også dette bidrog til ei mindre grad av modernisering i sør, der meir innsats gjekk med til å styre området.

Sør-Sudan deltok i den sudanske kampen for sjølvstende frå britisk kolonistyre, som like fullt i hovudsak blei driven i nord. Sudan blei sjølvstendig republikk frå 1. januar 1956, og Sør-Sudan blei ein integrert landsdel. I Sør-Sudan blei dette starten på ein politisk kamp for sjølvstyre som først blei avslutta då sjølvstendet vart oppnådd i 2011.

Sidan desember 2013 har landet vore råka av ein borgarkrig utløyst av ein konflikt mellom president Salva Kiir Mayardit og visepresident Riek Machar.

Kunnskap og kultur

Det var ingen skular i Sør-Sudan før området blei del av det anglo-egyptiske kondominatet. Den første skulen blei oppretta i Wau i 1903 for søner av soldatar og embetsmenn. Den første misjonærdrivne skulen, Wau Industrial School, blei opna same stad året etter. Dei angloegyptiske kolonistyresmaktene prioriterte ikkje utdanning av dei lokale barna, og i 1920 var det framleis berre rundt 500 elevar ved nokre få skular i dagens Sør-Sudan. Undervisningsspråket var engelsk og kristendomslære utgjorde ein stor del av pensum.

Etter Sudans sjølvstende i 1956 tok departementet for utdanning over alle misjonsskulane i dagens Sør-Sudan. Skulane blei integrerte innanfor det nasjonale utdanningssystemet med eit program for å erstatte engelsk med arabisk som undervisningsspråk.

Mange skular blei bygde i Sør-Sudan då regionen var under sjølvstyre etter Addis Abeba-avtalen i 1972, men dei fleste av desse blei øydelagde under den andre sudanske borgarkrigen (1983–2005).

Universitetet i Juba blei grunnlagt i 1975 som det første i Sør-Sudan. Under den andre borgarkrigen blei campus flytta til Khartoum i Sudan, men det blei flytta tilbake til Juba i 2011 som følgje av at Sør-Sudan blei ein sjølvstendig stat.

Etter fleire tiår med krig er utdanning ei av dei store utfordringane for Sør-Sudan. Analfabetisme er utbreidd i store lag av befolkninga ettersom moglegheitene for skulegang har vore små.

Sør-Sudan og Noreg

Sør-Sudan er representert i Noreg ved ambassaden i Oslo, medan Noreg er representert i Sudan ved Den kongelege norske ambassaden i Juba.

Noreg har gjennom ei årrekkje engasjert seg i konflikten i Sudan, både politisk og diplomatisk, med også med nødhjelp og utviklingshjelp. Norske styresmakter spelte ei sentral rolle i fredsprosessen i Sudan på 2000-talet og framforhandlinga av fredsavtalen i 2005. Denne blei deretter støtta av Noreg gjennom økonomiske bidrag, og dessutan deltaking i FN-styrken UNMIS. Etter Sør-Sudans sjølvstende førte vidare Noreg det militære bidraget til United Nations Mission in the Republic of South Sudan (UNMISS).

Norsk bistand til Sudan, som går tilbake til 1970-åra, har vesentleg gått til den sørlege delen av landet, og fram til fredsavtalen i 2005 vesentleg gjennom frivillige organisasjonar. På 1970-talet dreiv Kirkens Nødhjelp eit omfattande utviklingsprosjekt i Sør-Sudan, som så blei stansa av krigen.

Frå 1980-talet har Norsk Folkehjelp vore ein av dei mest aktive ikkje-statlege aktørar i landsdelen, også internasjonalt sett. Innsatsen til organisasjonen blei spesielt påpeika under sjølvstendefeiringa. Særleg frå 2005 har Noreg vore ein av dei største bistandsytarane til Sør-Sudan, blant anna innan utvikling av nasjonale institusjonar, og med generalkonsulat (seinare ambassade) i Juba. Den norske Støttegruppe for fred i Sudan blei stifta av engasjerte privatpersonar i 1993. I september 2011 blei ein av dei sivile leiarane for frigjeringskampen i Sør-Sudan, biskop Paride Taban, tildelt Strømmestiftelsens frivilligpris for innsatsen sin.

Den norske diplomaten Tom Vraalsen blei i 2005 utpeika av Sudans president til å leie ein internasjonal fredskommisjon i Sudan, med oppgåve å overvake fredsavtalen for Sør-Sudan, og dessutan følgje utviklinga i Darfur. Vraalsen blei i 2008 etterfølgd av Derek Plumbly frå Storbritannia. Frå norsk side var også dåverande utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson sentral i forhandlingane. Ho blei utnemnd til FNs øvste leiar i Sør-Sudan i 2011, eit verv ho hadde til 2014.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg