Atbarah (elv i Sudan)

Artikkelstart

Atbarah er ein elv i Sudan med utspring frå Det etiopiske høylandet nord for Tanasjøen. Elva er cirka 800 kilometer lang og munnar ut i Nilen frå aust ved byen med same namn, Atbarah. Elva er den siste bielva til Nilen. Det er bygd fleire demningar på Atbarah i Sudan. Gjennomsnittleg vassføring ved munninga er 300 kubikkmeter per sekund men med store årlege svingingar.

Faktaboks

Uttale
ˈatbarah.
Også kjent som

Nahr Atbarah på arabisk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg