Sukkerskål
Reint sukker i form av kvitt eller brunt bordsukker gir kroppen energi, men ikkje andre næringsstoff.
Sukkerskål
Av /Shutterstock.
Sukker
Brunt sukker er mindre reinsa sukrose. Det inneheld mindre mengder av andre stoff som avgjer fargen.
Sukker
Av /Shutterstock.
Kandis
Saccharum officinarum

Saccharum officinarum, sukkerrør. Foto fra: Moshi, Tanzania

Artikkelstart

Sukker er eit søtt stoff som blir vunne ut av safta frå visse plantar (roe, sukkerrøyr) eller blir laga syntetisk.

Faktaboks

Også kjent som

husholdningssukker, bordsukker, sukrose, farin, alminnelig sukker, vanlig sukker

Sukker tyder i daglegtale hushaldssukker eller bordsukker, som meir presist heiter sukrose. I kjemien er sukker stoff med liknande eigenskapar som sukker; nokre kjende døme er druesukker, også kalla glukose, og fruktose.

Typar

Sukker (sukrose) blir selt som matvare i ulike former.

  • Farin eller kvitt sukker er samansett av små krystallar og er svært reint, det vil seie fri for andre stoff
  • Kandissukker er større krystallar av sukker
  • Brunt sukker er mindre reinsa sukrose som derfor inneheld små mengdar av andre stoff som avgjer fargen
  • Melis er finmala farin, ofte tilsett stivelse eller eit anna antiklumpemiddel
  • Sirup er ei tjukk løysing av sukker i vatn

Framstilling

Sukkerbeter
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Sukker blir vunne ut av plantar, hovudsakleg sukkerrøyr og sukkerbete (høvesvis omlag 56 prosent og 44 prosent av produksjonen i verda). Mindre mengder blir også vunne ut av sukkerhirse, sukkerpalmar og sukkerlønn.

Både stivelse og cellulose er polymerar der monomeren er glukose. Glukose blir framstilt i aukande grad frå mais og andre kornsortar som inneheld stivelse og frå tre som inneheld cellulose.

Ved pressing av sukkerrøyr får ein sukkersaft, som blir konsentrert ved inndamping og blir reinsa ved tilsetjing av mellom anna kalk. Råsukkeret som blir danna, er brunt og aromatisk og inneheld 98 prosent sukrose. Som biprodukt blir det danna ein ikkje-krystalliserande sirup eller melasse. Denne blir brukt til dyrefôr eller etesirup, eller vert gjæra og destillert til råsprit eller rom.

Raffinering av råsukkeret omfattar mellom anna oppløysing og rekrystallisasjon. Dette gir raffinert sukker, som blir marknadsført i ulike handelskvalitetar som farin (laust sukker), raffinade (sukkerbitar) og kandissukker.

Framstilling av sukker frå sukkerbete går føre seg ved oppkutting og ekstraksjon i varmt vatn, med etterfølgjande reinsing ved felling av ureinheiter med mellom anna kalk. Løysinga blir dampa inn og dannar sukkerkrystallar etter tilsetjing av krystalliseringskim. Sukkeret blir marknadsført på same måte som røyrsukkeret.

Bruk

Sukker er eit viktig produkt med allsidig bruk i nærings- og nytingsmiddelindustrien og i hushaldet. Ved sidan av å gi ein søt smak til ulike produkt, er sukker også ei viktig energikjelde i kosthaldet vårt. Ett gram sukker gir ein energi på 17 kJ (omtrent 4 kcal) ved forbrenning i cellene i kroppen.

Lett tilgang til sukker har auka sukkerforbruket i heile den vestlege verda. Helsedirektoratet tilrår at tilsett sukker ikkje bør overstige ti prosent av energitilføringa, altså i snitt 55 gram for kvinner og 70 gram for menn. For mykje sukker fører til vektauke og redusert helse.

Raffinert sukker er eit einsidig næringsmiddel utan mineralsaltar, vitamin, protein eller andre viktige næringsstoff. Det blir også brukt som råmateriale for gjæringsproduksjon av etanol, butanol med fleire, som smakstilsetjing, antioksidant, konserveringsmiddel og i farmasøytisk industri.

Historie

I Noreg var honning lenge den einaste lokale kjelda til sukker. I Europa starta først sukkerframstilling frå sukkerbeter omtrent år 1800. Den norske apotekaren Heinrich Maschmann prøvde å gro sukkerbeter i Noreg, men klimaet var for dårleg. I Danmark har ein lykkast betre.

Produksjon

Sukkerrøyr 2020

Land Millioner tonn Andel
Brasil 757 40 %
India 371 20 %
Kina 108 6 %
Thailand 75 4 %
Verden 1 870

Kjelde: FAO

Sukkerbete 2020

Land Millioner tonn Andel
Russland 34 13 %
USA 31 12 %
Tyskland 29 11 %
Frankrike 26 10 %
Verden 253

Kjelde: FAO

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg