Faktaboks

Port Sudan
arab. Bũr Sũdãn

Port Sudan er ein hamneby ved Raudehavet i det austlege Sudan. Byen er den fjerde største i landet med cirka 490 000 innbyggarar (2020). Port Sudan vart anlagt av britane i 1905 som erstatning for Suakin, ein hamneby med historie tilbake til antikken og mellomalderen.

Samferdsel

Port Sudan er den viktigaste hamna i Sudan. Den har ein moderne containerhamn som handterer det meste av landets import og eksport. Byen fekk jernbaneforbindelse med hovudstaden Khartoum allereie i 1906. Ein oljeledning mellom Khartoum og Port Sudan var ferdig i 1977. Ein ny asfaltveg mellom Atbarah ved Nilen og Port Sudan sto ferdig i 2009 og forkorta reisetida til hovudstaden med fleire timar. Port Sudan har ein internasjonal flyplass. Det er fergeforbindelse til Jeddah i Saudi-Arabia.

Økonomi

Viktige økonomiske aktivitetar i Port Sudan er fiskeri og saltindustri. Byen er utføringshamn for bomull, gummi arabicum, oljefrø, huder og skinn.

Klima

Port Sudan har eit varmt og tørt ørkenklima store delar av året.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg