Faktaboks

Uttale
dar'fur
Etymologi
arabisk, ‘Landet til fur-folket’
Darfur
Kart over Sudan med Darfur markert i i grønt til venstre.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Darfur er ein region i det vestlege Sudan. Namnet tyder «landet til furfolket». Regionen ligg mellom Kordofan i øst og Wadai i vest, og den strekker seg sørover til Bahr al-Ghazal og nordover til Den libyske ørkenen.

Darfur har ei utstrekning på ca. 440 000 kvadratkilometer og grensar mot Sør-Sudan, Libya, Tsjad og Den sentralafrikanske republikken. Regionen har vore prega av krig med den sudanske regjeringa i Khartoum sidan 2003, i det som ofte er omtala som konflikten i Darfur.

Darfur var eit kongedøme frå 1100-talet, og dette utvikla seg til ein stat, Sultanatet Darfur på 1600-talet. Darfur opphøyrde å vere ein sjølvstendig stat i 1916, då den siste sultanen, Ali Dinar, vart drepe av britane.

Natur

Marrafjella, Darfur
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Darfur består hovudsakeleg av platåland, som i sør er dekka av savanne og i nord av ørken. Den sentrale delen av Darfur er dominert av dei vulkanske Marrafjella (Jebel Marra), som hever seg til 3088 meter over havet rundt dei to Deriba-innsjøane i eit utdødd vulkankrater.

Befolkning

Barn i Darfur

Barn i en flyktningeleir for internt fordrevne i Darfur.

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Darfur har ein svært kompleks etnisk og språkleg samansetning. Furfolket utgjer den største etniske gruppa. Befolkninga består også av arabarar (rizeigat er den største stammen), zaghawa, messalit, beja, daju, kaitinga og tunjur.

Det budde mellom 6 og 6,5 millionar innbyggarar i Darfur i 2006. No er det mange som har flykta frå Darfur på grunn av den valdelege konflikten med regjeringa i Sudan.

Dei viktigaste byane er Al-Fashir, den historiske hovudstaden, og Nyala. Sistnemnde er den største byen og har jernbaneforbindelse til Khartoum.

Næringsliv

Darfur ligg svært utilgjengelig til og er eit av verdas fattigaste område. Jordbruk er viktigaste næringsveg med dyrking av durra, hirse, sesam, jordnøtter (peanøtter), ris og grønsaker i dei relativt fuktige høglandsområda. Husdyrhold av kamelar, sauer og geiter er viktigast i dei tørre områda i nord der det fortsett er ein del nomadar. I sør finst kvegnomadar som baggara-folket.

Historikk

Frå 1200-talet vaks det fram eit kongedømme i Darfur. Den herskande eliten var muslimar frå byrjinga, mens resten av befolkninga konverterte gradvis til islam. Det var andre muslimske statar i regionen, og Darfur var tidvis underlagt det mektigare riket Kanem-Bornu, som låg sørvest for Tsjadsjøen. Frå 1640 vart Darfur eit muslimsk sultanat som vart styrt av Keira-dynastiet. Den første sultanen, Suleiman Solong, la under seg andre etniske grupper som masalit, mararit, zaghawa, birgid og tunjur, og det tidlegare fur-kongedømmet vart ein multietnisk stat. På slutten av 1700-talet vart Sultanatet Darfur i aukande grad ein sentralisert stat, og ein permanent hovudstad vart etablert i Al-Fashir.

I 1874 vart Darfur erobra av Zubayr Pasha for Egypt, som formelt sett var ein del av Det osmanske riket. I 1882 vart Egypt erobra av Storbritannia, og Darfur vart inkorporert som ein del av det britiske imperiet. Det varte ikkje lenge, for i 1883 vart Darfur erobra av den sudanske opprøraren og messiasskikkelsen Mohammed Ahmad al-Mahdi, som to år seinare også erobra resten av Sudan. Sudan vart gjenerobra av britisk-egyptiske styrker i 1898, medan Darfur gjenvant sin sjølvstende. Darfur vart ein del av det britisk-egyptiske Sudan i 1916 etter at Ali Dinar, den siste sultanen, vart drepe av britane. Då Sudan vart frigjort frå Storbritannia i 1956, fortsette Darfur å vere ein del av Sudan.

Sidan 2003 har befolkninga i Darfur vore hardt ramma av krig og svolt. To opprørsrørsler i regionen har kjempa for lausriving frå Sudan. FN anslår at 300 000 menneske er drepne sidan 2003 – dels i kamphandlingar og dels i reine massakrar. Truleg er over 2,5 millionar menneske flykta frå landet eller internt fordrivne. Over halvparten av den gjenverende befolkninga er avhengige av hjelp utanfrå, og Noreg er eit av landa som gir naudhjelp til Darfur.

Den første våpenkvila mellom partane vart underteikna i 2004, men urolighetene fortsette. I desember 2010 starta fredsforhandlingar mellom delar av opprørsrørsla og regjeringa i Khartoum. Forhandlingane førte fram til ei ny fredsavtale i juni 2011 – den såkalla Doha-avtala. I følge avtala skulle det opprettast eit eige styringsråd for Darfur, med både lovgivande og utøvande makt over regionen. I februar 2012 tiltrådte det nye styret, Darfur Regional Authority (DRA).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

  • Nettfotoutstillingen Darfur before med bilder som professorene Randi og Gunnar Håland tok i Darfur på 1960- og 70-tallet.

Litteratur

  • O'Fahey, R. S. (2008): The Darfur Sultanate: A History. London: Hurst.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg