Faktaboks

sumerisk
Etymologi

av akkadisk 𒋗𒈨𒊒 šumeru

Uttale
sumˈerisk
Språkkodar
sux (SUX)
ISO-639:3
sux
Sumerisk tekst frå rundt 2500 fvt. frå Sjuruppak. Teksten er delt i seks kolonnar og er eit økonomisk oversyn over ulike mengder med bygg, mjøl, brød og øl.

Sumerisk er eit språk som blei tala og skrive av sumerarane, det førsemittiske folkeslaget i Mesopotamia. Sumerisk døydde ut som talespråk for 4000 år sidan og som skriftspråk for 2000 år sidan.

Sumerisk blei skrive med kileskrift, det eldste kjende skriftsystemet i verda. Språket hadde ein skriftleg tradisjon som strekte seg over meir enn 3000 år — frå 3200 fvt. til 100 evt. — lengre enn nokon andre utdøydde språk i oldtida. Det var det viktigaste talemålet i det sørlege Mesopotamia, det vil seie området frå oldtidsbyen Nippur (om lag 150 km søraust for Bagdad i det moderne Irak) og ned til Persiabukta.

Namnet på språket

På sumerisk blei språket omtala med to namn:

  • eme-kiĝirak 𒅴𒆠𒂗𒄀𒊏 'Sumers språk'
  • eme-gir 𒅴𒂠 'innfødt språk, morsmål'

Eme 𒅴 tyder 'tunge, språk'; kiĝirak 𒆠𒂗𒄀𒊏 er genitiv av kiĝir 𒆠𒂗𒄀 'Sumer'; gir 𒂠 tyder truleg 'innfødt'. Kiĝir 𒆠𒂗𒄀 kan truleg analyserast som ki-ĝir 𒆠𒂗𒄀 'innfødt land, heimland'.

Namnet sumerisk kjem av akkadisk šumeru 𒋗𒈨𒊒; sjå avsnittet Utforsking.

Slektskap

Sumerisk skil seg sterkt frå dei semittiske språka som fortrengde det, og det er ikkje påvist slektskap med nokon andre språk. Det er føreslått slektskap med ei rekkje språk og språkfamiliar, frå baskisk til uralsk, sino-tibetansk og na-dene, men utan strengt vitskapleg grunnlag.

Ein reknar med at sumerisk kan ha skilt lag med andre medlemer av ein ukjend og hypotetisk språkfamilie seinast ei stund før 3200 fvt., og ingen andre av språka i denne språkfamilien er kjende.

Det er med andre ord heller ikkje påvist nokon slektskap mellom sumerisk og det samtidige grannespråket elamittisk, som blei tala i den sørvestlege delen av noverande Iran, og som også er eit språkisolat, det vil seie eit språk utan kjende slektningar.

Dialektal og sosial variasjon

Det var ein viss dialektal variasjon i sumerisk. I andre halvpart av 2000-talet fvt. var det eit hovudskilje mellom ein sørleg variant (nærmast Persiabukta) og ein nordleg variant. Nokre skilnader kjem fram i skriftspråket; til dømes hadde den sørlege varianten ein slags vokalharmoni som den nordlege varianten mangla.

I tillegg til tekstar på «standardspråket» eme-gir 𒅴𒂠 finst det tekstar på ein språkvariant som blir kalla eme-sal 𒅴𒊩, bokstavleg 'tynt språk' (eme 𒅴 'språk' sal 𒊩 'tynn'), truleg som ei skildring av uttalen. Eme-sal blir brukt i klagesongar og i attgjeving av den direkte talen til gudinner, medan eme-gir blir brukt i dei fleste andre samanhengar. Skilnadene mellom eme-gir og eme-sal er først og fremst fonologiske. Til dømes svarer ofte ĝ [ŋ] i eme-gir til m [m] i eme-sal og d [t] i eme-gir til z [ʦ] i eme-sal:

  • ĝe 'eg' i eme-gir svarer til me i eme-sal
  • udu 'vêr, sauebukk' i eme-gir svarer til eze i eme-sal.

Språkhistorie

Leirtavle med kileskrift
Kileskrifttavle med ei administrativ tekst om distribusjon av bygg. Tavla har sylinderforseglingsinntrykk av ein hannfigur, jakthundar og villsvin. Jemdet Nasr, ca 3100–2900 fvt, Mesopotamia, truleg frå Uruk.
Leirtavle med kileskrift
Av /Getty Images).

Dei tidlegaste sumeriske innskriftene — leirtavler frå byen Uruk — er frå rundt 3200 fvt. Språket fungerte lenge som vanleg talespråk i Mesopotamia. Gjennom 2000-talet fvt. blei sumerisk gradvis trengt ut av akkadisk som talespråk, men det fungerte som skriftspråk for vitskap og liturgi heilt fram til dei siste hundreåra fvt. Det er vanleg å dele sumerisk språkhistorie i fire tidbolkar:

  • gamalsumerisk: 3100 — 2600 fvt.
  • klassisk sumerisk: 2600 — 2300 fvt.
  • nysumerisk: 2300 — 2000 fvt.
  • ettersumerisk: 2000 fvt. — 100 evt.

Ettersumerisk blei berre brukt i skrift. Alt frå gamalsumerisk ser vi tydelege spor etter kontakten med akkadisk, det semittiske grannespråket i nord. Dei to språka påverka kvarandre i både lydsystem, grammatikk og ordtilfang.

Gjennom sumeriske lånord i andre språk kan ein rekonstruere ein del historiske endringar i uttalen. Substantivet e-gal 𒂍𒃲 'palass', som er nærmare omtala i avsnittet Morfologi nedanfor, blei lånt inn i dei semittiske språka i området. Den klassiske sumeriske uttalen var [ekal] eller [ʔekal], men ein eldre uttale [hajkal] ligg til grunn for arabisk haykal /hajkal/ هَيْكَل 'tempel' og hebraisk hekal הֵיכָל 'tempel'. (Ordet hekal הֵיכָל førekjem 76 gonger i Det gamle testamentet.) Akkadisk har ēkallu(m) 𒂍𒃲 'palass'.

Utforsking

Då kileskrifta blei dechiffrert tidleg på 1800-talet, kunne ein identifisere tekstar på tre språk: babylonsk (ein dialekt av akkadisk), gamalpersisk og elamittisk.

På 1850-talet fekk ein mistanke om at det blant dei babylonske tekstane truleg var tekstar på eit fjerde og ukjent språk. Den tysk-franske forskaren Julius Oppert (1825–1905) føreslo å kalle dette ukjende språket sumerisk, etter babylonsk šar māt šumeri u akkadi 'konge av Sumer og Akkad' (sumerisk 𒈗𒆠𒂗𒄀𒆠𒌵 lugal kiĝir kiuri), tittelen som kong Ur-Nammu 𒌨𒀭𒇉 (kring 2112–2095 fvt.) tok i bruk då han freista å samle den nordlege (Akkad) og den sørlege (Sumer) delen av Mesopotamia til eitt rike.

Det var likevel ikkje før den franske forskaren François Thureau-Dangin (1872–1944) i 1907 publiserte Die sumerischen und akkadischen Königsinschriften 'Dei sumeriske og akkadiske kongeinnskriftene', at det endeleg blei slått fast vitskapleg at det hadde funnest ein sumerisk språk. I motsetnad til assyrarane, babylonarane og egyptarane er ikkje sumerarane nemnde i nokon litteratur frå oldtida.

Den første sumeriske grammatikken i nyare tid var Grundzüge der sumerischen Grammatik (Rostock 1923) av den tyske sumerologen Arno Poebel (1881–1958). Seinare har det kome mange grammatikkar, og den mest omfattande og grundige er A descriptive grammar of Sumerian (Leiden 2010) av nederlendingen Abraham Hendrik Jagersma, eit verk på nærmare 750 sider.

Tekstar

Tekstane omfattar både kongelister, administrative tekstar, forretningsdokument, mytar og religiøse hymner. Vi har òg fått kjennskap til dei religiøse førestillingane til sumerarane gjennom forteljingar om skapinga av verda og mennesket og den store flaumen (Ziusudra). Fleire av disse førestillingane blei seinare vidareførte av den akkadiske kulturen og seinare kulturar i området (Atrahasis, Noas ark). Mange opphavleg sumeriske tekstar er overleverte for ettertida i akkadisk omsetjing.

Grammatikk

Morfologi

Substantiva i sumerisk hadde to genus, eit menneske-genus og eit ting-genus (eller ikkje-menneske-genus). Genuset kom ikkje fram på substantiva, men i pronomen og verbbøying.

Substantivet blei ikkje bøygt. Numerus (tal) og kasus blei uttrykte ved hjelp av klitikon på slutten av nominalfrasen. Det fanst elleve kasus. Skiljet mellom eintal og fleirtal blei uttrykt berre ved substantiv som høyrde til menneske-genuset.

Om sumerisk hadde adjektiv, er det usemje om. Nokre forskarar meiner hadde nokre få dusin adjektiv, som alle var ubøyelege, og at det ikkje fanst nokon måtar å danne nye adjektiv på. Andre meiner at sumerisk ikkje hadde adjektiv i det heile, og at dei orda som nokre meiner er adjektiv, i staden er partisipp, det vil seie ein type ikkje-finitte verbformer.

Det fanst berre nokre få hundre verb og ingen mekanismar for å lage nye verb. Verbet hadde infinitte former (partisipp) og finitte. Dei finitte formene hadde ei kompleks bøying med opp til ni prefiks og tre suffiks. I tillegg kunne fleire klitikon knytast til verbet. Prefiksa og suffiksa kunne uttrykkje ei lang rekkje forskjellige tydingar, mellom anna subjekt og objekt, tempus, aspekt, modus, negasjon og retning. Eit eksempel er verbforma 'innanšum '(han) gav han det'i setninga i avsnittet Leddstilling nedanfor, som kongruerer med begge objekta og kan analyserast slik:

prefiks indirekte objekt direkte objekt stamme
i- nna- n- šum
? han det gje

Det er uklart kva prefikset i- uttrykkjer. Eitt framlegg er at det viser at verbet er finitt, eit anna at det er ein modus-markør.

I hovudsak var sumerisk eit agglutinerande språk, med klare grenser mellom affiks og røter. Prefiks og suffiks blei stort sett nytta til bøying, ikkje avleiing. Mykje grammatisk informasjon blei uttrykte med enklitikon. Orddanning skjedde mest ved samansetjing, som i desse eksempla:

  • e-muḫaldim 𒂍𒈬 'kjøken', sett saman av e 𒂍 'hus' og muḫaldim 𒈬 'kokk', med andre ord «kokkehus»
  • lu-gal 𒈗 'konge', sett saman av lu 𒇽 'menneske' og gal 𒃲 'stor', med andre ord «stor-menneske»
  • e-gal 𒂍𒃲 'palass', sett saman av e 𒂍 'hus' og gal 𒃲 'stor', med andre ord «stor-hus»

Leddstilling

Den sumeriske setninga hadde leddstillinga SOV, det vil seie subjekt + objekt + verbal, som i dette eksempelet, som tyder 'Dommaren til kongen gav Lu'essa embetet':

subjekt indirekte objekt direkte objekt verbal
diku lugalak-e lu'essa-ra bala innanšum
dommaren til kongen-ERGATIV Lu'essa-DATIV embete gav

Både subjektet og det indirekte objektet har ein markør som viser kva setningsledd dei er. Desse markørane, -ke og -ra, er enklitikon som uttrykkjer høvesvis ergativ og dativ. Det direkte objektet har kasuset absolutiv, som ikkje har nokon eigen markør. I kasussystemet er det ikkje alltid eit skilje mellom ergativ og absolutiv. I andre delar av grammatikken finst òg eit nominativ-akkusativ-system og eit tredje system der intransitivt subjekt, transitivt subjekt og objekt alle er markerte forskjellig.

Nomenfrasen

Som nemnt ovanfor kan lugal 'konge' analyserast som substantivet lu 'mann' pluss gal 'stor'. Dette er eit eksempel på at i den sumeriske nomenfrasen står hovudet først og er følgt av ymse adledd. Det same ser ein i uttrykket diku lugalak 'dommaren til kongen', der hovudet diku 'dommar' er følgd av lugal 'konge' med genitivmarkøren -ak.

Fonologi

Teoriane om korleis sumerisk blei uttala byggjer på jamføring av sumerisk og akkadisk – akkadiske lånord i sumerisk, sumeriske lånord i akkadisk og tilhøvet mellom sumeriske og akkadiske stavemåtar. Forskarane er samde om ein standard sumerisk translitterasjon, men det er ein del usemje om dei nøyaktige fonetiske verdiane til kvar bokstav i translitterasjonen.

Tabellen under viser den vanlege translitterasjonen av konsonantane i kursiv og ei vanleg oppfatning av dei fonetiske verdiane i hakeparentesar, i IPA-transkripsjon. Konsonantane ' [ʔ], h [h] og j [j] blir ofte utelatne i translitterasjonen, fordi dei fall bort i uttalen ein gong på 2000-talet fvt. Merk forkortingane ust(emd), uasp(irert), asp(irert), lab(ial), alv(eolar), pal(atal), vel(ar) og glot(tal).

- lab. alv. pal. vel. glot.
ust., uasp. plosiv b [p] d [t] - g [k] ' [ʔ]
ust., asp. plosiv p [pʰ] t [ʰ] - k [kʰ] -
ust., uasp. affrikat - z [ʦ] - - -
ust., asp. affrikat - ř [ʦʰ] - - -
ust. frikativ - s [s] š [ʃ] [x] h [h]
nasal m [m] n [n] - ĝ [ŋ] -
rotikon (r-lyd) - r [ɾ] - - -
lateral - l [l] - - -
halvvokal - - j [j] - -

Konsonantane kunne vere både korte (enkle) og lange (geminerte) mellom vokalar.

Sumerisk hadde fire korte og fire lange vokalar:

- kort, fremre kort, bakre lang, fremre lang, bakre
trong i [i] u [u] ī [iː] ū [uː]
open e [e] a [ɑ] ē [eː] ā [ɑː]

Skrift

Utviklinga av det sumeriske ordteiknet 𒊕 saĝ 'hovud': 1.	3000 fvt. 2.	2800 fvt. 3.	2600 fvt., hogge inn i eit monument 4.	2600 fvt., skrive i leire 5.	nærmare 2000 fvt. 6.	kort tid etter 2000 fvt. 7.	kort tid etter 1000 fvt.

Sumerisk blei i over 3000 år skrive med kileskrift, det eldste skriftsystemet i verda. Ein skreiv som regel ved å trykkje ein griffel inn i ei våt leirtavle. Kileskrifta blei funnen opp av sumerarane kring 3200 fvt. Teikna endra form gjennom den lange tida dei var i bruk. Her nyttar vi klassisk sumeriske former.

Det fanst mellom 600 og 1000 teikn, av to typar, ordteikn (logogram) og lydteikn (fonogram). Dei siste blir òg kalla stavingsteikn (syllabogram). Ordteikna stod for heile ord, med uttale og tyding, medan lydteikna stod for lydsekvensar av typane V, KV, YV og KVK, der V = vokal og K = konsonant.

Eksempel på ordteikn er 𒀭 diĝir ‘gud’ og 𒀳 apin ‘plog’, mens 𒅗 ka og 𒇴 lam er eksempel på lydteikn. Mange teikn blei nytta som både ordteikn og lydteikn. 𒅗 var ikkje berre eit lydteikn med uttalen ka, men også eit ordteikn for kag 'munn', zu 'tann', kiri 'nase, dug 'snakke' og inim 'ord'.

Både ordteikn og lydteikn hadde ein ekstra funksjon som hjelpeteikn, som ikkje blei uttala. Det fanst hjelpe-ordteikn og hjelpe-lydteikn.

Eit hjelpe-ordteikn, eller determinativ, stod føre eller etter eit ord for å vise at det høyrde til ei særskild tydingsgruppe. Til dømes stod teiknet 𒄑 ĝiš ‘tre, ved’ føre ord som viste til ting av tre, til dømes føre 𒀳 apin ‘plog’. Dei skreiv med andre ord 𒄑𒀳, men uttalen var apin. Dette blir translitterert ĝišapin, der ĝiš er skrive med heva skrift for å vise at det er eit determinativ, som ikkje skal uttalast.

Eit hjelpe-lydteikn, eller fonetisk komplement , gav informasjon om uttalen til eit ordteikn. Ordteiknet 𒅴 eme 'tunge, språk' – som blei nytta i ordet 𒅴𒂠 eme-gir 'sumerisk (språk)' – er ein ligatur (ei samanskriving) av to teikn, ordteiknet 𒅗 kag 'munn' og lydteiknet 𒈨 me . Her fungerer 𒈨 me som hjelpe-lydteikn og fortel at me er ein del av uttalen av 𒅴. Ordet ĝeštug 'øyre' kan skrivast med ordteiknet 𒉿, men ein kunne òg leggje til hjelpe-lydteikna 𒄑 ĝeš og 𒌆 tug (i translitterasjonen er dei skrivne i heva skrift og i vanleg skrift, for å skilje dei frå hjelpe-ordteikn, som er skrivne i heva skrift og kursiv):
  • 𒄑𒌆𒉿 ĝeš-tugĝeštug – med uttalen [ŋeʃtʰuk]
  • 𒄑𒉿𒌆 ĝešĝeštugtug – med uttalen [ŋeʃtʰuk]

Hjelpe-lydteiknet 𒄑 ĝeš fungerer også som ordteikn med uttalen ĝiš og tydinga 'tre, ved' og som hjelpe-ordteikn for ting som er laga av tre, som illustrert lenger oppe. Hjelpe-lydteiknet 𒌆 tug fungerer også som ordteikn med uttalen tugog tydinga 'klede, tøy, tekstil'.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Braarvig, Jens: Sumeriske skrifter, i Verdens hellige skrifter. Bokklubben 2006.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg