Australske språk, språk som blir tala av urfolka i Australia, eller som blei tala av urfolka før europearane kom til landet på 1700-talet, og som sidan er utdøydde. Sjå Australias befolkning.

Då europearane kom til Australia på 1700-talet, fanst det om lag 600 stammer som snakka minst 200–250 forskjellige språk. Over 50 av desse språka er no utdøydde. Om lag 100 språk er på veg til å døy ut.

Følgjande tabell viser kor mange språk som har 1–10, 11–100, 101–500, 501–1000, 1001–2000 og over 2000 talarar. Eit språk er teke med berre når talet på talarar er oppgjeve i AUSTLANG (Australian Indigenous Languages Database).

1–10 11–100 101–500 501–1000 1001–2000 >2000
89 60 7 7 5 3

Australske språk blir i første rekkje tala i nord og nordvest og i det indre av landet i vest. Her er eit oversyn over talet på språk med minst éin talar i 2005 i dei ulike delstatane (nokre få språk blir tala i to delstatar):

Her er ei liste over alle australske språk med 500 eller fleire talarar. Familien pama-nyungansk er forkorta pn.

språk familie og undergruppe delstat talarar
pitjantjatjara pn, sørvest SA, NT 3000
warlpiri pn, sørvest NT 3000
tiwi isolat NT 2100
arrernte pn, arandisk NT 2000
dhuwaya pn, yuulngu NT 1500
wik mungkan pn, pamansk QLD 1500
anindilyakwa gunwingguansk, enindhilyagwa NT 1500
murrinh-patha daly, murrinh-patha NT 1150
alyawarr pn, arandisk NT 1000
anmatyerre pn, arandisk NT 900
kalaw kawaw ya pn, kala lagaw ya QLD, TSI 800
burarra gunwingguansk, burarransk NT 800
kala lagaw ya pn, kala lagaw ya QLD, TSI 800
ngaanyatjarra pn, sørvest WA 700
walmajarri pn, sørvest WA 500

Oppslagsverket Ethnologue deler dei australske språka i 15 familiar og 6 språkisolat, og følgjer ein klassifikasjon som er godteken av dei fleste ekspertane på australske språk. Det har ikkje blitt påvist slektskap med nokon språk utanfor Australia. 

Etter kvar språkfamilie og språkgrein står det eit tal i parentes som viser kor mange språk det er i familien. 

Språk med 100 eller fleire talarar i 2005 – ifølgje National Indigenous Language Survey – er nemnde i oversynet. Talet på talarar står i klammeparentesar, […], i lag med informasjon om kva for delstat(ar) talarane bur i. Delstatsnamna er skrivne med forkortingar som ein finn i lista over delstatar litt lenger oppe i artikkelen.

  1. bunabansk (2)
  2. daly (19). Familien har 4 greiner: bringen-wagaydy (12), malagmalag (4), marriammu (1), murrinh-patha (2)
  3. djamindjungansk (2).
  4. djeragansk (3)
  5. giimbiyu (3)
  6. gunwingguansk (25). Familien har 13 greiner: burarransk (4), djauanisk (1), enindhilyagwa (3), gagudjuansk (1), gungaraganyansk (1), gunwinggisk (2), mangarayisk (1), maransk (4), ngalkbun (1), rembargisk (2), wagimansk (1), warayansk (1) og yangmanisk (3).
  7. limilngansk-wulna (2)
  8. nyulnyulansk (9)
  9. pama-nyungansk (281). Familien har 39 greiner: bigambal (1), bindal (1), kurnai (1), yuyu (1), arandisk (8), baagandji (1), bandjalangisk (4), bungandidj (2), durubulisk (3), dyangadi (2), dyirbalisk (4), Flinders Island (1), galgadungisk (3), gumbaynggirisk (2), guugu-yimidhirr (2), kala lagaw ya (2), karnisk (25, i ), kulin (12), lardil (1), marisk (22), mbara (1), muruwarisk (1), ngarinyerisk-yithayithisk (3), pallangan-middang (1), pamansk (61, i 16 undergrupper), sørvest (69, i 16 undergrupper), wagaya-warluwarisk (3), waka-kabisk (6), warumungisk (1), wiradhurisk (3), worimi (2), yalandyisk (3), yanyuwansk (1), yarli (3), yidinisk (2), yotayotisk (2), yugambal (1), yuin (10) og yuulngu (11).
  10. tangisk (3)
  11. umbugarla-ngumbur (2)
  12. West Barkly (3)
  13. worrorransk (12)
  14. yanyi (2)
  15. yiwaidjansk (7)
  1. lanima
  2. laragia
  3. lardil
  4. mbara
  5. muruwari
  6. tiwi

Dei australske språka skil mellom nomen og verb, ofte med rike bøyingssystem. Dei fleste australske språka har ei ergativ kasusform for subjektet ved transitive verb, medan subjektet ved intransitive verb og objekt har ei absolutiv kasusform.

Dei fleste australske språka uttrykkjer syntaktiske funksjonar ved hjelp av kasus, og ordstillinga er som regel svært fri.

Talord finst ikkje, berre ubundne (ubestemte) determinativ med tydingane 'ein', 'to', 'tre' og 'mange', som liknar våre determinativ ein og nokre. Det er vanleg med bøying av nomen i både eintal (singularis), total (dualis), tretal (trialis) og fleirtal (pluralis).

Dei fleste australske språka har berre tre vokalfonem, /i/, /u/ og /a/, som i norsk li, lo og la. Australske språk manglar stort sett frikativar, men dei har plosivar, nasalar, lateralar, rotikon (r-lydar) og halvvokalar. Det er som regel ikkje noko skilje mellom ustemde og stemde plosivar. Plosivar og nasalar har som regel uvanleg mange artikulasjonsstader. Språket yanyuwa, som høyrer til den pama-nyunganske språkfamilien, har desse plosivane og nasalane, her attgjevne i ortografisk form:

labial b m
apiko-alveolar d n
apiko-postalveolar rd rn
laminal j ny
dorso-palatal gy
dorso-velar g ŋ

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

7. januar 2014 skrev julie svenkerud

hva er de nå levende språka i Australia i tillegg til engelsk?

7. januar 2014 svarte Georg Kjøll

Hei Julie. Du kan finne en oversikt over språk i Australia på nettsiden Ethnologue: http://www.ethnologue.com/country/AU. Under oversikten 'language counts' ser du at det finnes hele 214 levende språk i Australia i dag, men mesteparten av disse er truet. Under fanen 'languages' (http://www.ethnologue.com/country/AU/languages) kan du se en egen omtale av hvert enkelt av språkene.Alt godt fra Georg

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.