morfologi (språkvitskap)

Artikkelstart

Morfologi er den greina av språkvitskapen som handlar om ordbøying og orddanning. Morfologi blir også kalla formlære.

Faktaboks

Uttale
morfologˈi
Etymologi
klassisk gresk μορφή morphḗ ‘form’ og λογία logía ‘lære’; ordet blei laga av Johann Wolfgang von Goethe i 1796, om læra om forma til planter og dyr
Også kjent som

formlære

Eksempel på ordbøying er at substantivet fest har bøyingsformene fest, festen, festar, festane.

Eksempel på orddanning er at det frå substantivet fest har blitt laga avleiingar som adjektiv som festleg og verb som feste og samansetningar (samansette ord) som fyllefest.

Morf

Det er vanleg praksis i morfologien å tenkje seg at ord er oppbygde av ein eller fleire «byggjeklossar» som ein kallar morfar. Ein morf er den minste orddelen som har både uttrykk og innhald. Det norske adjektivet uvennleg har tre morfar: u-venn-leg. Morfane i eit ord kan ein finne ved å samanlikne det med andre ord:

  • Morfen u er kjend frå mellom anna u-van-leg og u-blid. Når u blir sett føre eit adjektiv, får det motsett tyding: uvennleg er det motsette av vennleg.
  • Morfen venn er kjend frå substantiva venn og venn-inne. Ein venn er ein person ein har eit nært og fortruleg forhold til og som ein har eller har hatt mykje kontakt med.
  • Morfen leg er kjend frå adjektiv som ro-leg og tru-leg. Når -leg blir lagt til eit substantiv, får ein eit adjektiv: vennvennleg, roroleg, alvoralvorleg.

Ved hjelp av morfar kan vi ikkje berre lage nye ord, som vist i uvennleg. Morfane blir også brukt for å bøye ord:

  • Orda venn, venn-en, venn-er og venn-ene viser korleis substantivet venn blir bøyd med morfane en, er og ene.
  • Orda vennleg, vennleg-e, vennleg-are, vennleg-ast, vennleg-ast-e viser korleis adjektivet vennleg blir bøyd med morfane e, are og ast.

Leksikalske og grammatiske morfar

Morfane kan delast i to hovudgrupper, leksikalske og grammatiske:

  • Leksikalske morfar er slike som venn, hest, hus, år, snill, god, raud. Mange av dei kan stå aleine og har ei uavhengig og relativt spesifikk og konkret tyding.
  • Grammatiske morfar er slike som -en i hesten, -a i husa, -are i snillare, -t i raudt, u- i uvenn eller -leg i vennleg. Slike morfar må ofte stå saman med ein leksikalsk morf, og dei har ei meir generell og abstrakt tyding.

Rot, affiks og stamme

Den leksikalske morfen er «kjernen» i eit ord, og vi kallar denne kjernen for ei rot. Føre og etter rota kan vi leggje til grammatiske morfar, og dei kallar vi affiks:

  • I ordet uvennleg er venn ei rot.
  • I ordet uvennleg er u og leg affiks.

Eit affiks som står føre rota, kallar vi eit prefiks, og eit affiks som står etter rota, kallar vi eit suffiks. Sjå meir om dette emnet i artikkelen affiks.

Når vi bøyer norske ord, legg vi som regel til ulike suffiks, som i bøyinga av substantivet fest og adjektivet festleg:

  • fest
  • fest-en
  • fest-ar
  • fest-ane
  • festleg
  • festleg-e
  • festleg-are
  • festleg-ast
  • festleg-ast-e

Den delen av ordet som er felles for alle bøyingsformene, kallar vi stamma til ordet. Med andre ord er fest- stamma til substantivet fest, medan festleg- er stamma til adjektivet festleg.

Nokre stammer består berre av éin morf, som stamma fest- til substantivet fest. Andre stammer består av fleire morfar, som stamma festleg- til adjektivet festleg. Stamma festleg består av rota fest- pluss avleiingssuffikset -leg.

Leksem

Ovanfor står bøyingsformene til «substantivet fest» og «adjektivet festleg». «Substantivet fest» og «adjektivet festleg» er eksempel på det ein i morfologien kallar leksem.

Det er vanleg praksis å skrive leksem med store bokstavar, med ei forkorting etter i senka skrift for ordklassen:

  • «substantivet fest» = FESTS
  • «adjektivet festleg» = FESTLEGAdj
  • «verbet feste» = FESTEV

Formativar

Ved bøying og avleiing blir formativar lagde til ein base, som er ei stamme eller ei rot. Det finst segmentale bøyingsformativar og ikkje-segmentale bøyingsformativar.

Segmentale formativar eller affiks

Ein segmental formativ blir òg kalla eit affiks, og er ein eller fleire språklydar (fonem) (eller bokstavar i skriftspråket) som blir lagde til føre, inni eller etter stamma. Det finst fleire typar affiks – prefiks, infiks, suffiks og sirkumfiks; jamfør artikkelen affiks.

Ikkje-segmentale formativar eller modifikasjonar

Ein ikkje-segmental formativ som endrar sjølve basen. Vanlege ikkje-segmentale formativar er vokalendring, konsonantendring, trykkendring og toneendring. Tillegg av ein ikkje-segmental formativ blir kalt modifikasjon.

Eksponens

Ein viktig del av morfologien er studiet av eksponens – tilhøvet mellom tyding og uttrykk i dei einskilde orda.

Tek vi presensforma sovnar av leksemet SOVNEverb som døme, er det stamma sovn som uttrykkjer tydinga ‘falle i søvn’ og suffikset ar som uttrykkjer tydinga ‘indikativ, presens’. Sagt på ein annan måte: sovn er eksponent for ‘falle i søvn’ og ar er eksponent for ‘indikativ, presens’. Vi kan òg seie at sov er eksponent for ‘liggje i ein medvitslaus kviletilstand’, medan n er eksponent for ‘inkoativ’.

Sjå meir i artikkelen eksponens.

Morfem

I byrjinga av denne artikkelen blei termen morf innført, som eit namn på orddelar med ei eiga tyding eller ein eigen funksjon. Vi kan òg seie at morf er ei samnemning for røter og segmentale formativar.

Mange språkforskarar går eit steg vidare og innfører termen morfem, som eit namn på eit sett med morfar med same tyding eller funksjon. Sjå meir i artikkelen morfem.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer (3)

skrev Kjetil Gundersen

Hei!

Eg ser artikkelen "Morfologi" vart sterkt korta ned i juli 2022. Kvifor det, da? Det var interessant det som stod der.

Vennleg helsing
Kjetil Gundersen

skrev Rolf Theil

Hei!
Eg var ganske misnøgd sjølv, fordi eg meiner artikkelen var mykje meir komplisert enn han trong vere. Difor arbeider eg no med ei ny utgåve, som eg ganske snart skal leggje ut.
Beste helsing,
Rolf Theil

skrev Rolf Theil

Hei!
Det var litt korttenkt av meg å stryke den gamle artikkelen før den nye var ferdig, så eg har lagt inn den gamle att.
Rolf Theil

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg