Språkisolat er eit språk som ikkje har påvist slektskap med andre levande språk.

Ein språkfamilie er ei gruppe språk som er i slekt med kvarandre ved at dei har utvikla seg frå eit felles grunnspråk eller urspråk. Ein kan seie at eit språkisolat er eit einskildspråk som utgjer ein eigen språkfamilie.

Frå Europa er baskisk eit døme på eit språkisolat, i Japan er aino eit kjent eksempel.

Det er ikkje ei klar grense mellom familie og isolat. Til dømes kan gumuz-språka i Sudan og Etiopia anten reknast som ei gruppe nærskylde språk, og er då ein språkfamilie, eller dei kan reknast som ei gruppe sterkt avvikande dialektar av eit einskilt språk, og er då eit isolat.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg