Infinitt er i grammatikken namnet på ei verbform som ikkje kan fungere åleine som verbal i ei hovudsetning (heilsetning). Det dreiar seg om verbformer med nominale, adjektiviske eller adverbiale funksjonar:

Faktaboks

Uttale
infinˈitt
Etymologi
av latin īnfīnītus ‘uavgrensa’
  • verbformer med nominale funksjonar: infinitiv
  • verbformer med adjektiviske funksjonar: partisipp
  • verbformer med adverbiale funksjonar: konverb

Dei høvesvis nominale og adjektiviske funksjonane til infinitiv og partisipp ser ein av desse jamføringane:

Konverb, infinitte verbformer med adverbial funksjon, er beskrivne i avsnittet konverb lenger nede.

Meir om definisjonen av infinitt

I tradisjonell gresk og latinsk grammatikk blei infinitte verbformer definerte som verbformer utan bøying i person og tal — i motsetnad til finitte verbformer, som i desse språka nettopp har bøying i person og tal. Denne definisjonen fungerer ikkje for språk som norsk, der ingen verb blir bøygde i person og tal. Men i alle europeiske språk — og mange språk utanfor Europa — kan ein i staden vise til at dei infinitte verbformene — i motsetnad til dei finitte — manglar bøying i modus.

I nokre oppslagsverk står det at infinitte verbformer er slike som ikkje er bøygde i tempus (tid) og modus, men det finst også finitte verbformer som ikkje er bøygde i tempus, som norsk imperativ.

Infinitte og finitte verbformer i norsk

Tabellen viser alle dei norske morfologiske verbformene som har eigne namn i norsk skulegrammatikk, med ein I ved dei infinitte og ein F ved dei finitte. Dei finitte formene presens og preteritum har modusen indikativ.

verbformer tradisjonelle termar moderne termar
I byggje infinitiv infinitiv
F bygg imperativ imperativ
F byggjer presens presens
I byggjande presens partisipp (presens partisipp)*
F bygde imperfektum preteritum
I bygd perfektum partisipp perfektum partisipp

*Presens partisipp blir vanleg rekna som eit adjektiv i moderne skulegrammatikk.

Konverb

Mange språk i ulike delar av verda — mellom anna tyrkisk, amharisk og nordsamisk — har konverb, det vil seie infinitte verbformer med adverbiale funksjonar. I mange grammatikkar blir konverb omtala som gerundiv og gerundium.

Konverb i tyrkisk

Tyrkisk har fleire konverb med ulike tydingar. Suffikset -erek / -arak fortel at handlinga skjer samtidig med eller litt før handlinga som er uttrykt i hovudverbet. Her er eit eksempel, som tyder 'vi fekk natta til å gå med å snakke':

OBJEKT ADVERBIAL VERBAL
geceyi konuşarak geçirdik
natta ved å snakke (konverb) vi fekk til å gå

Konverb i amharisk

Amhariske konverb står som regel i ei adverbial leddsetning som uttrykkjer ei handling som skjer føre handlinga som er uttrykt i hovudverbet. Der vi på norsk seier slikt som Han kom og tok boka, seier ein på amharisk noko som kan setjast om direkte som 'etter å ha kome tok han boka', der 'etter å ha kome' blir uttrykt med eit konverb:

ADVERBIAL OBJEKT VERBAL
መጥቶ መጽሐፉን ወሰደ
meṭṭıto meṣhafun wessede
etter å ha kome boka tok han

Konverb i nordsamisk

Det nordsamiske konverbet, som i grammatikkar blir kalla gerundium, uttrykkjer at handlinga skjer samtidig med handlinga i hovudverbet. Eksempelsetninga nedanfor tyder 'borna skal sitje stilt mens dei et', der 'mens dei et' er uttrykt med eit konverb (som ikkje presiserer kven som er subjektet):

ADVERBIAL VERBAL (finitt) SUBJEKT VERBAL (infinitt) ADVERBIAL
boradettiin galget mánát čohkkát jaska
mens … et skal born sitje stilt

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg