Amerikanske urfolkspråk er dei tradisjonelle språka til dei amerikanske urfolka, det vil seie etterkomarane av dei som budde i Amerika før den europeiske koloniseringa og invasjonen etter Kristoffer Columbus.

Ein kjenner til nærmare 1000 amerikanske urfolkspråk, medrekna utdøydde. Det har ikke vore mogeleg å bevise slektskap mellom alle desse språka, og etter vanleg oppfatning må dei delast i ikkje mindre enn 180 familiar.

Uttrykket amerikanske urfolkspråk omfattar ikkje berre det ein tidlegare kalte «indianarspråk», men også eskimoisk-aleutisk. Ordet urfolk tyder her folk som har budd i eit område frå før det blei kolonisert av andre folkegrupper eller innlemma i ein stat dominert av andre folkegrupper. Ordet amerikansk blir her brukt om noko som har å gjere med Amerika, det vil seie landmassane på den vestlege halvkula, mellom Atlanterhavet i aust og Stillehavet i vest, medrekna Grønland.

Stoda for dei amerikanske urfolkspråka

Før den europeiske koloniseringa og invasjonen etter Columbus blei dei amerikanske urfolkspråka snakka over heile Nord-Amerika, Mellom-Amerika og Sør-Amerika og på øyane i Karibia.

Ein reknar med at det i Nord-Amerika nordanfor Mexico budde kring 1,5 millionar menneske. Vi kjenner til nærmare 300 språk som blei snakka i dette området, men i tillegg har svært mange andre forsvunne utan å etterlate seg nokon spor.

I Mexico og Mellom-Amerika budde kring 20 millionar menneske som snakka minst 80 språk, og i Sør-Amerika mellom 10 og 20 millionar menneske som snakka meir enn 500 språk.

Europearane endra dette radikalt. Mange amerikanske urfolkspråk har gått av bruk, talet på etniske grupper har gått ned, og over store område høyrer ein ikkje lenger desse språka. I Nord-Amerika nordanfor Mexico har svært mange etniske grupper blitt tvangsflytta frå dei tradisjonelle bustadene sine og samla i reservat. Mange amerikanske urfolkspråk blir berre snakka av nokre få menneske og er såleis sterkt truga. I Nord-Amerika nordanfor Mexico blir over 50 prosent av dei overlevande språka tala av færre enn 1000 menneske kvar. Det er sterke tendensar til at yngre generasjonar ikkje lenger lærer desse språka, men går over til engelsk. I Karibia er urfolkspråka så å seie heilt borte.

Med få unnatak er berre europeiske språk offisielle språk i amerikanske land: engelsk, spansk, portugisisk og fransk. Det finst nokre land der urfolkspråk har status som offisielle språk, men alltid ved sida av eit dominerande europeisk språk og oftast berre på papiret.

Strukturelle drag

Dei amerikanske urfolkspråka varierer sterkt i struktur, både når det gjeld fonologi, morfologi og syntaks. Det finst ingenting dei alle har til felles som skil dei frå språk i andre delar av verda.

Fonologi

Språka varierer sterkt i fonologisk struktur. Nokre språk har veldig enkle fonem-system, som cree, der mange dialektar har berre 10 konsonantar, eller mohawk, som berre har ni, til tlingit med 45. Eit interessant drag ved mohawk og andre irokesiske språk er at det stort sett manglar labiale konsonantar. Det same gjeld tlingit.

I Mexico og Mellom-Amerika varierer talet på konsonantar frå 13 til 38, men det vanlegaste er 20–21.

Variasjonen er like stor i Sør-Amerika. Pirahã er truleg det språket i verda som har færrast fonem, med tre vokalar og sju eller åtte konsonantar (hos høvesvis kvinner og menn), medan til dømes aymara har 27 konsonantar. Trass i at pirahã har så få fonem, har dette språket nokre uvanlige konsonantar. Fonemet /b/ blir uttalt som den relativt sjeldne bilabiale vibranten [ʙ] føre vokalen /o/. Fonemet /ɡ/ blir uttalt som [n] etter pause og i nokre samanhengar som [ɺ͡ɺ̼], det vil seie ein lateral alveolar-lingvolabial dobbel flapp — ein lyd som ikkje er kjend frå noko anna språk.

Som i andre delar av verda er tonespråk relativt vanlege over heile Amerika. Nokre mellomamerikanske språk har uvanleg kompliserte tonesystem. Til dømes har det otomangiske språket tlapanek, som blir snakka i den meksikanske delstaten Guerrero, ikkje mindre enn ti tonem, som kan beskrivast slik, der H = høg, M = midtre og L = låg:

  • H, M, L, HM, HL, MH, ML, LM, LH, LHL

Morfologi

Også morfologisk er det stor variasjon, men polysyntetiske språk — det vil seie språk der orda jamt over inneheld mange morfem — er vanlegare i Amerika enn i resten av verda. Dessutan finst det truleg ingen reint analytiske eller isolerande språk – det vil seie språk der kvart ord berre inneheld eitt morfem. Her er eit eksempel frå det eskimoisk-aleutiske språket jupik (morfema er her skilde frå kvarandre med ein bindestrek som ikkje blir brukt i vanleg ortografi):

  • kai-pia-llru-llini-u-k 'dei to såg ut til å vere verkeleg svoltne'

Morfema har desse tydingane:

  • kai 'vere svolten'
  • pia 'verkeleg'
  • llru 'fortid'
  • llini 'sjå ut til'
  • u 'indikativ'
  • k 'dei to'

Eksempel på kompleks morfologi kan ein sjå til dømes i artiklane om grønlandsk, cree, ojibwe, cherokesisk, navaho, náhuatl og aymara.

Det finst språk som markerer numerus (tal) ved alle substantiv. Det gjeld mellom anna dei algonkinske språka og språkisolatet zuni i Nord-Amerika og dei arawakiske språka i Sør-Amerika, jamfør cree (algonkinsk) mōs 'elg' og mōswak 'elgar'. Men det er mykje vanlegare at numerus berre er uttrykt ved nokre få substantiv, som regel slike som viser til menneske, og ofte på ein uregelrett måte, jamfør tlapanek (otomangisk) ādà 'barn' og èhẽ̀ 'born'. Andre språk uttrykkjer ikkje numerus ved substantivet i det heile, som dei søramerikanske jeiske språka. Ofte er numerus for subjektet og objekt berre uttrykt på verbet.

I tillegg til slike kategoriar som til dømes tempus, aspekt, modus uttrykkjer verbet i mange amerikanske urfolkspråk evidensialitet, som fortel kvar talaren har informasjonen i setninga frå. Her er nokre døme frå det pomoiske språket sentral-pomo, som blei tala i Nord-California fram til slutten av 1990-talet:

  • čʰé mul=ʔma 'det regna' (eit uomtvisteleg faktum)
  • čʰé mul=ya 'det regna' (eg var der og såg det)
  • čʰé mul=do: 'det regna' (blei eg fortald)
  • čʰé mul=nme: 'det regna' (eg høyrde dropane som fall på taket)
  • čʰé mul=ʔka 'det må ha regna' (alt er vått)

Liknande system finst i alle delar av Amerika, og dei tukanoiske språka i Amazonas har dei mest utvikla systema i verda.

Eit uvanleg drag ved ein del språk i ulike delar av Amerika er at tempus ikkje berre er uttrykt ved verbet, men også ved substantivet. Her er nokre eksempel frå barbareño-tsjumasjisk, som blei tala i Santa Barbara-området i California fram til 1960-talet:

Verb Substantiv
ʔip 'seie' ʔap 'hus'
Presens ḱ-ip 'eg seier' heʔ-ḱ-ap 'dette huset mitt'
Preteritum ḱ-ip-waš 'eg sa' hoʔ-ḱ-ap-waš 'det tidlegare huset mitt'
Futurum k-saʔ-ip 'eg skal seie' hoʔ-k-saʔ-ap 'det framtidige huset mitt'

Som tabellen viser, uttrykkjer suffikset -waš preteritum ved både verb og substantiv, mens prefikset saʔ- uttrykkjer futurum ved både verb og substantiv. Liknande system finst òg i Sør-Amerika, mellom anna i det karibiske språket tirijó, som blir snakka i Surinam og Brasil.

Syntaks

Eit sentralt spørsmål i syntaksen er korleis eit språk får fram kven som gjer kva med kven i ein situasjon som ei setning beskriv. I amerikanske språk får ein fram dette på fleire ulike måtar, med fire hovudvariantar:

  1. nominativ/akkusativ-system
  2. ergativ/absolutiv-system
  3. agens/patiens-system
  4. direkte/invers-system

System 1 og 2, som er ganske vanlege over heile verda, er forklarte i artikkelen ergativ. I nokre amerikanske urfolkspråk blir desse to systema uttrykte med kasus-markering på nominalfrasar, men det er mykje vanlegare at dei blir uttrykte med affiks på verbet. Jamfør til dømes det uto-aztekiske språket náhuatl, som først og fremst blir snakka i Mexico.

Her er eit døme på eit nominativ/akkusativ-system uttrykt med affiks på verbet i det tsjumasjiske språket barbareño-tsjumasjisk, som blei tala i Santa Barbara-området i California fram til 1960-talet:

  • siy-eqwel-wun hisiyqilqilḱɨllɨlɨʔ 'dei laga perlene sine'

Verbforma siy-eqwel-wun har subjektprefikset siy- 'dei', og objektsuffikset -wun 'dei', som kongruerer med objektet hisiyqilqilḱɨllɨlɨʔ 'perlene sine'. Objektet sjølv har inga særskild objektsmarkering, til dømes med kasus. Subjektprefikset siy- 'dei' blir òg nytta ved intransitive verb, som i siy-piliklaw 'dei dett ned'.

Det tsjokoiske språket waunana i Colombia har eit ergativ/absolutiv-system, der subjektet til eit transitivt verb har ergativ-suffikset -au, mens subjektet til eit intransitivt verb og eit objekt ikkje har noko kasus-suffiks. I denne setninga er kʰum-au 'jaguar' (med suffikset -au) subjektet til det transitive verbet bu:rrpihim 'fekk til å dette', mens objektet su:rr 'hjort' ikkje har noko kasus-suffiks:

  • kʰum-au su:rr bu:rrpihim 'jaguaren fekk hjorten til å dette'

Subjektet til det intransitive verbet bu:rrhim 'datt' har derimot ikkje noko kasussuffiks:

  • su:rr bu:rrhim 'hjorten datt'

I ein del språk finn ein ikkje subjekt og objekt i det heile, og heller ikkje kasus, som i språka med eit agens/patiens-system, som i staden uttrykkjer kva for semantisk rolle nomenfrasane i ei setning har. Eit døme på dette er haida, som blir snakka på stillehavskysten av Nord-Amerika, i grenseområda mellom Canada og Alaska. I desse setningane er łʌ 'eg' agens til verba qaydʌn 'gjekk' og qiŋgigʌn 'såg':

  • łḱin x̌a giyu łʌ qaydʌn 'eg gjekk av stad til skogen'
  • la łʌ qiŋgigʌn 'eg såg han'

I desse setningane er di 'eg' patiens til verba xwigʌn 'fraus' og squdagʌn 'slo':

  • hʌwnu di xwigʌn 'eg fraus der'
  • di la squdagʌn 'han slo meg'

I direkte/invers-systemet er deltakarane i eit situasjon ordna hierarkisk, slik at samtalepartnarane (1. og 2. person) står høgare enn andre (3. person). Eit slikt system er mellom anna kjent frå dei nordamerikanske algonkinske språka. I cree finst dette hierarkiet, der proksimat og obviat er eit skilje i 3. person mellom sentrale og perifere deltakarar i ein situasjon:

  • 2. person > 1. person > proksimat 3. person > obviat 3. person

Når ein agens står høgare i hierarkiet enn ein patiens, brukar ein direkte verbformer, som i dette tilfellet:

  • ki-wāpam-in 'du (ki-) ser (wāpam) meg (-in)'

Når ein agens er lenger nede i hierarkiet, endrar ein ikkje personaffiksa, men legg til eit invers-suffiks — i dette dømet -it — etter verbstamma, for å vise at «retninga» er snudd om:

  • ki-wāpam-it-in 'eg (-in) ser (wāpam) deg (ki-)'

Direkte/invers-system finn ein òg i Sør-Amerika, mellom anna i mapudungun, som blir snakka i Chile og Argentina, og i itonama, som blir snakka i den bolivianske delen av Amazonas.

Klassifikasjon

Dei nærmare 1000 språka kan klassifiserast i kring 180 språkfamiliar og språkisolat, fordelte slik geografisk:

Alternativ klassifikasjon

Klassifikasjonen som er presentert ovanfor, er konservativ og godtek berre påstandar om slektskap mellom språk eller språkgrupper som kan bevisast ved hjelp av den historisk-komparative metoden, som har vist seg svært vellykka, til dømes i dei lange forskingstradisjonane i studiet av indoeuropeiske språk, uralske språk og algiske språk.

Det har likevel blitt føreslått klassifikasjonar som avvik radikalt frå klassifikasjonen som er presentert her, og best kjent er arbeidet til den amerikanske lingvisten Joseph Harold Greenberg (1915–2001). Frå 1960 gav han ut ei rekkje artiklar og bøker om amerikanske urfolkspråk. Klassifikasjonen hans er oppsummert i boka Language in the Americas (1987) (sjå litteraturlista), der han samla dei amerikanske urfolkspråka i tre familiar:

Eskimoisk-aleutisk er ein allment godtatt språkfamilie. Na-dene-språk inneheld atapaskiske språk, haida og tlingit, mens amerindiske språk er alle dei andre. Både na-dene-språk og amerindiske språk er svært kontroversielle, og heile analysen og klassifikasjonen til Greenberg blei sterkt kritisert av Chafe (1987), Campbell (1988), Adelaar (1989), Goddard (1990), Rankin (1992), Kimball (1992) og Berman (1992). Fleire forskarar peikar på store mengder feil i dataa, jamfør mellom anna Adelaar (1989: 253), som skriv at «if one looks at the quality of the data Greenberg presents … the number of erroneous forms probably exceeds that of the correct forms». Andre kritiserer sjølve metoden til Greenberg, kjend som massesamanlikning (mass comparison).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Adelaar, Willem F. H. 1989. «Review of Greenberg, 1987», i Lingua, 78.249-55.
  • Berman, Howard. 1992. «A comment on the Yurok and Kalapayu data in Greenberg's Languages in the Americas», i International Journal of American Linguistics, 58.230-3.»
  • Campbell, Lyle. 1988. «Language in the Americas. By Joseph H. Greenberg. Stanford, California: Stanford University Press, 1987. Pp. x, 439.» Language, 1988, vol. 64, pp. 591–615.
  • Campbell, Lyle. 1997. American Indian languages. The historical linguistics of Native America. Oxford / New York: Oxford University Press.
  • Campbell, Lyle, and Verónica Grondona (editors). 2012. The indigenous languages of South America. A comprehensive guide. Berlin: De Gruyter Mouton.
  • Campbell, Lyle, and Marianne Mithun (editors). 1979. The languages of native America. Historical and comparative assessment. Austin and London: University of Texas Press.
  • Chafe, Wallace. 1987. «Review of Greenberg, 1987», i Current Anthropology, 28.652-3.»
  • Goddard, Ives. 1990. «Review of Greenberg, 1987», i Linguistics, 28.556-8. 1990.
  • Greenberg, Joseph Harold. 1987. Language in the Americas. Stanford: Stanford University Press.
  • Kimball, Geoffrey. 1992. «A critique of Muskogean, ''Gulf", and Yukian material in Language in the Americas», i International Journal of American Linguistics, 58.447-501.»
  • Mithun, Marianne. 1999. The languages of Native North America. (Cambridge Language Surveys.) Cambridge: Cambridge University Press.
  • O'Connor, Loretta, and Pieter Muysken (editors). 2014. The native languages of South America. Origins, developments, typology. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Rankin, Robert L. 1992. «Review of Greenberg, 1987», i International Journal of American Linguistics, 58.324-51.»
  • Sebeok, Thomas A. (editor). 1976–1977. Native languiages of the Americas. Volume 1–2. New York: Springer Science+Business Media
  • Suárez, Jorge A. 1983. The Mesoamerican Indian languages. (Cambridge Language Surveys.) Cambridge: Cambridge University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg