Dovre er rik på kulturminne. Storgarden Tofte vart i gamle dokument kalla kongsgard, og var i lange tider siste skysskifte før ein tok over Dovrefjell. Frå Olav den heilage si tid har omtrent alle norske kongar vore gjester på Tofte.
I Dovre kommune ligg delar av tre nasjonalparkar, mellom anna Rondane, som i 1962 vart den første nasjonalparken i Noreg. Meir enn 70 prosent av arealet i kommunen er verna. Dombås Nasjonalparksenter har utstillingar og arrangement knytte til desse parkane, og både i Rondane og på Dovrefjell finst det mykje brukte fotturruter. Over Dovrefjell, langs E6 og Dovrebanen, kan ein gå den gamle kongevegen mellom Trondheim og Oslo. På Hjerkinn ligg Norsk Villreinsenter Nord. På Dovrefjell lever dei einaste ville moskusane i Noreg.
I aprildagane i 1940, under andre verdskrigen, stod det harde kampar i Dovre mellom tyske og norske/britiske styrkar. 14. april vart 180 tyske fallskjermsoldatar sleppte mellom Dovre og Dombås for å avskjere retrettvegen mot kysten for kongen og regjeringsmedlemmer som oppheldt seg i Gudbrandsdalen. Fem dagar seinare kapitulerte den tyske stillinga, etter åtak av norske styrkar sørfrå og nordfrå. Under den generelle tilbaketrekkinga frå Sør-Noreg hadde general Otto Ruge hovudkvarteret sitt på Brennhaug 26.–28. april 1940.
Den gamle kongevegen over Dovre er bevart mellom Tofte og Fokstua og mellom Hjerkinn og Kongsvoll. Dovre kyrkje er ei tømmerkyrkje frå 1736 som vart kledd utvendig med skifer i 1830-åra. På Hjerkinn ligg Eysteinkirken, som vart reist i 1969 til minne om kong Eystein Magnusson. På Hjerkinn ligg òg Norsk villreinsenter.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.