Gran

Frøkongle, kvist og tre av vanleg gran, Picea abies.

Gran
Av /Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Picea abies

Picea abies, gran. Foto frå: Ygne, Gotland, Sverige

Old Tjikko i Fulufjället

Litt forblåse og pjuskete, men så er det kanskje også det eldste treet i verda. Ei karbon-14-datering viste at dei eldste restane av rotsystemet til dette grantreet er 9550 år gamle.

Granslekta er ei planteslekt i furufamilien. Granslekta er eviggrøne bartre med nåler som sit enkeltvis på kvistene.

Faktaboks

Etymologi
Picea: namn på eit bartre hos Vergil, truleg avleidd av latin pix, 'kvae'. Gran: nordisk trenamn som truleg går på dei kvasse nålene, jamfør norrønt grǫn, 'kvast skjegg', og tysk Granne 'noko som er kvast'.
Beskriven av
Albert Gottfried Dietrich

Slekta har mellom 29 og 38 artar, avhengig av kva som blir rekna som artar eller underartar. Tre artar høyrer heime i Europa og Vest-Asia, cirka tjue i Asia frå Sibir, aust til Japan og Taiwan og sør til Himalaya. I Nord-Amerika medrekna Mexico er det cirka ti granartar.

I Noreg har vi berre éin viltveksande granart, nemleg vanleg gran (Picea abies, ofte kalla berre gran). Mange utanlandske granartar er planta i Noreg, dels som park- og prydtre, dels som treplantningar i skog eller i treberre strøk, særleg på Vestlandet. Dei viktigaste er blågran, engelmannsgran, kvitgran, lutzgran, orientgran, serbargran, sitkagran, slørgran og svartgran. Bortsett frå serbargran og orientgran stammar alle frå Nord-Amerika.

Namnet gran blir også brukt om nokre andre slekter i furufamilien: edelgran (Abies), douglas (Pseudotsuga) og hemlokk (Tsuga).

Kjenneteikn

Stamme og krone

Granene er tre med ein rett stamme med oftast regelmessige årlege greinkransar (monopodial vekst). Når trea står fritt, får dei ei smalt pyramideforma krone med grønt bar heilt ned til bakken. Trehøgda varierer mellom artane, frå 15 til over 90 meter. Fleirtalet av artane kan bli 30 til 40 meter.

Bork

Borken er tynn, ein skilnad frå furuartane. Han er oftast grå eller brunleg og flakar av papirtynne skjel. På eldre stammar blir borken noko tjukkare og fura.

Nåler

Nålene (blada) er smale, oftast 1 til 2,5 centimeter lange, men nokre få artar har nåler som kan bli fire til fem centimeter. Dei er spisse og hos nokre artar stikkande. Nålene har fire kantar og hos dei fleste artane med tilnærma kvadratisk tverrsnitt, med spalteopningar på alle dei fire sideflatene. Elleve artar har flattrykte nåler, og då sit alle eller dei fleste spalteopningane på dei to sideflatene som vender ned. Nålene sit på små puter på kvistene. Putene blir sitjande igjen som små «tapper» på greina når nålene blir felte etter sju til tjue år.

Kongler

Granene er sambu med pollenkongler (hann) og frøkongler (ho) på same tre. I sjeldne tilfelle kan det finnast reine hanntre utan frøkongler. Pollenkonglene blir danna av sideknoppar på fjorårsskotet. Dei er små, ein til to centimeter lange, hengande eller opprette. Dei er raudlege som unge og gule når pollenet er modent. Frøkonglene blir danna enkeltvis frå ein knopp ved spissen av fjorårsskot i øvre del av krona. Dei er opprette og raude eller grøne før pollinering, men blir seinare hengande med brunlege kongleskjel. Lengda på utvaksne frøkongler varierer frå to til tre centimeter hos svartgran til over 15 centimeter hos vanleg gran og himalayagran. Konglene får modne frø i løpet av den første sesongen. Frøa har ein venge og sit to saman på kvart kongleskjel. Hos dei aller fleste artane sprikjer kongleskjela når frøa er modne, slik at frøa kan sleppe ut og spreiast med vinden (vindspreiing). Etter frøspreiinga fell konglene av heile.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

granslekta
Picea
Artsdatabanken-ID
103806
GBIF-ID
7606064

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg