Nordland fylke

Nordland fylke. Henningsvær i Lofoten, eit av dei mange fiskeværa i fylket

Av /KF-arkiv ※ Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.
Nordland fylke
Av /KF-arkiv ※.

Dialektene i Nordland fylke utgjer ei grein av det store norske dialektområdet nordnorsk. Nordlandsdialektene startar ved grensa mot Nord-Trøndelag og strekkjer seg i nord til grensa mot Troms. Dialektene i Nordland kan grupperast i to hovudområde: helgelandsk og nordlandsk.

Helgelandsk

Helgelandsk dekkjer heile Helgeland, frå grensa mot Nord-Trøndelag i sør til Saltfjellet i nord. Helgelandsmåla grensa i nord til det nordlandske apokopeområdet, som her er kalla nordlandsk. Helgelandsmåla kan delast inn i tre grupper:

  1. Brønnøy-mål eller sørhelgelandsmål (Brønnøy, Vevelstad, Vega og nordre Bindalen)
  2. Vefsn-mål eller midthelgelandsmål (Vefsn, Grane, Hattfjelldal, Alstahaug, Leirfjord og Herøy)
  3. Ranværingsmål eller nordhelgelandsmål (Rana, Hemnes og Elsfjorden)

Særdrag

Fleire særdrag ligg til grunn for inndelinga av helgelandsmåla. Det som skil Brønnøy-måla (1) frå dei andre måla på Helgeland, er helst tonegangen (intonasjonen, som ikkje må forvekslast med tonelag, sjå nedanfor). Denne målgruppa (Brønnøy-måla) har ein tonegang som ligg midt mellom høgtone og lågtone, sjå om tone og trykk under nordnorsk. Sjå også kart her nede til høgre.

Når det gjeld tonelag, så er det slik at Brønnøymålet, som einaste dialekt i Nordland, ikkje skil mellom tonem 1 og tonem 2 (har ikkje tonelagskontrast). Substantivet huse (huset) og verbet å huse lyder her likt.

Vefsn-måla (2) skil seg ut ved at svake hokjønnsord har endinga -o i bestemt form eintal: dennj jento, dennj flasko. Dei sterke hokjønnsorda endar her på -æ: dennj bygdæ, dennj sengæ. I Vefsn høyer ein også lenisering (oppmjuking) av p, t, k til b, d, g (sjå nedanfor). Vokalforlenging i ord med kort rotstaving i norrønt er meir vanleg i Vefsn enn elles i Nord-Noreg, jamfør døma: ei vegæ (ei veke), å vedæ (å veta).

Rana-måla (3) skil seg frå dialektene lenger i sør ved at sterke og svake hokjønnsord i Rana har lik ending i bestemt form eintal: den bygda, den visa. I Rana finn ein restar av det trønderske jamvektssystemet med kløyvd infinitiv, sjå nedanfor. Dialektene i Rana-området skil seg også ut ved å ha pronomenforma eg, medan bygdene nord og sør for Rana har forma e.

Generelt om helgelandsmåla

Tonelag

I det meste av norsk talemål har me to tonelag (eller tonem 1 og tonem 2). Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne) og ordparet huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2). Unntak frå dette systemet finst i nordnorsk: Brønnøy-målet i Nordland og det meste av Nord-Troms samt Finnmark skil ikkje mellom tonem 1 og tonem 2, og ord som bønder (fleirtal av bonde) og bønner (fleirtal av ei bønne) lyder då likt. Ein seier at desse dialektene ikkje har tonelagskontrast.

Tonegang (intonasjon) – høgtone og lågtone

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Klarast kjem særtrekk i tonegangen fram i tonem-1-ord, som bønder, huset, sola, armen og så bortetter. Nord-Noreg og Vest-Noreg har i slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, noko som blir kalla høgtone (det finst variantar av denne høgtone-utforminga). Austlandet har her i dei nemnde orda låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, og dette blir kalla lågtone.

Unntak frå typisk nordnorsk tonegang finn ein i Brønnøy-målet som har ein spesiell tonegang, som høyrest ut som ein mellomting mellom høgtone og lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder. Særmerkt tonegang og setningsmelodi er med på å karakterisera mest alt nordnorsk.

Tjukk l

Tjukk l
Tjukk l
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Helgelandsmåla har tjukk l av både norrøn l og norrøn rð: soL, bLo (blod) og gaL (gard) og jæLe (gjerde). Nord i Nordland fylke, frå Svartisen til Hamarøy, har ein tjukk l berre i typen soL og bLo.

Frå ustemde til (halv)stemde konsonantar

Eit tradisjonelt særpreg i nokre av dialektene på Midt-Helgeland er lenisering (oppmjuking) av konsonantane p, t, k til b, d, g. Resultatet b, d og g her på Helgeland blir kalla for «halvstemde» plosivar. Det er ei herme frå Vefsn, som lyder slik: «'Dæ æ ikkje gått å vedæ kor rybo fer', sa ma’nj, hann sæd snaræ i omskråæ.»

Formverk (morfologi)

Infinitiv og ubestemt form eintal av svake hokjønnsord

I Rana og Hemnes nord på Helgeland og i Hattfjelldal, Grane og Brønnøy lenger sør finn ein restar av det austnorske (trønderske) systemet med kløyvd infinitiv og dermed former som å veta, å lesa, å jaga, å moka (jamvektsord) og å hør, å kast, å kjøp (overvektsord). I Rana kan ein også finna einskilde svake hankjønnsord med «austnorsk» ending på -a: ein beta, ein hara, ein stega.

Æ-mål og apokope

På delar av Midt-Helgeland (Vefsn, Vega, Herøy, Lurøy) kan ein høyra æ-mål. Her vil både infinitivane og dei svake hokjønnsorda i ubestemt form eintal enda på -æ: å vedæ (veta), å lesæ (lesa), å kastæ (kasta) og ei visæ, ei kåftæ. Trykklett -a i slutten av eit ord er i dette området ofte -æ (eigentleg ein mellomting mellom -a og -æ): å søng ei visæ, dennj fine bygdæ.

Om apokopen på Helgeland

I fleire område på Helgeland er det elles nokså vanleg at dialekten har apokope i infinitiv, men ikkje i dei svake hokjønnsorda, døme: eg ska kjøp ei kåfta. Ofte er det slik at apokopen heng saman med setningsrytmen. Ordet får då apokope når det står trykklett, men held på full form når det har vanleg trykk. Dette blir kalla fri apokope (eller rytmisk apokope). Eksempel på fri apokope er: «E du klar for å skriv no. Ja, no ska e skrive!» Apokope av dette slaget vil det vera noko av i all nordnorsk.

Substantiv og verb

I dialektene nord på Helgeland har sterke og svake hokjønnsord som regel lik ending i bestemt form eintal (realisert som -a eller -æ), jamfør Rana: bygda, senga og jenta, visa. Hemnes, Dønna og Lurøy: bygdæ, sengæ og jentæ, visæ.

På Midt- og Sør-Helgeland har sterke og svake hokjønnsord oftast ulik ending i bestemt form eintal, jamfør at Brønnøy har formene bygde mot grytå. På Sør-Helgeland er det elles mange dialekter som har sterke hokjønnsformer på i bestemt form eintal: bygdæ, sengæ, og svake hokjønnsord på -o: dennj jento og dennj viso.

Svake hokjønnsord har varierande fleirtalsformer på Helgeland. I Rana heiter det: fleir kåpe – allj kåpen, i Meløy har ein formene fleir kåpa – allj kåpan. På Sør-Helgeland står også fleirtals-r-en i dei svake hokjønnsorda. Her i sør heiter det såleis: fleir kåpår – allj kåpån (Brønnøy).

Endingskonsonanten -r fell bort i presens av svake e -verb (som elles i nordnorsk). Verba kjenna og høva heiter såleis i presens: eg kjenne hannj og det høve bra.

A-verba held som regel på endingsvokalen -a i presens: eg kasta, eg venjta. I Rana-målet er det her likevel vokalbortfall i presens av denne verbalklassa, jamfør døme frå Rana: «di står å saljt sillj», «eg sett å venjt på deg».

Pronomen

Pronomenformene i 1. person eintal varierer på Helgeland. I Rana, Meløy og på Rødøy bruker ein forma eg. Bygdene sør for Rana har forma e. I 1. person fleirtal er det forma vi som blir brukt, og i 2. person fleirtal heiter det dåkker.

Nordlandsk

Kartet viser tonegangen i norsk. Vestnorsk og nordnorsk har høgtone i tonem-1-ord (som sola, bilen, armen). Austnorsk har lågtone i slike ord.
Kartet viser tonegangen i norsk. Vestnorsk og nordnorsk har høgtone i tonem-1-ord (som sola, bilen, armen). Austnorsk har lågtone i slike ord.
Lisens: CC BY SA 3.0

Til nordlandsk reknar ein målet i Salten, Ofoten, Vesterålen og Lofoten – det vil seia heile den nordlege delen av Nordland fylke nord for Saltfjellet, til grensa mot Troms.

Tjukk l

I nordlandsk har ein tjukk l berre i ord med l i norrønt, for eksempel bLo og soL. Tjukk l av dette slaget går til Hamarøy, nord i Nordland. I dette området heiter det såleis bLo og soL, men gar (gard) og et jære (gjerde).

Intensitetsområdet for nordnorsk apokope

Innafor nordlandsk finn ein sentralområdet for den nordnorske apokopen. Til dette apokopeområdet høyrer heile Salten-området til og med Hamarøy, dessutan Midt-Lofoten og Sør-Vesterålen. Dialektene her har apokope (vokalbortfall) både i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal: å kast, å vet(t) og ei vis, ei vek(k). Jamfør døme frå Salten: «dem kunnj før i tia kjøp ei kak for ei kron.»

Heile apokopeområdet har det me kallar statisk apokope. Det vil seia at når eitt ord i ein grammatisk kategori blir apokopert, til dømes eit verb eller eit substantiv, så blir alle ord i denne gruppa apokopert uavhengig av posisjon i setninga. Apokopeområdet i Nordland kan kallast «null-mål».

Som nemnt høyrer Salten til intensitetsområdet for apokopen. Forutan i infinitiv og i svake hokjønnsord (sjå ovanfor), finn ein her apokope mellom anna i:

  • svake hankjønnsord: ein han (hane), ein mån (måne)
  • inkjekjønnsord av typen eit stykkj (stykke)
  • fleirtal av substantiv som i norrønt enda på -ir og -ur: fleir skål, fleir kån (koner)
  • adjektiv: fleir stor båta, di støst husan (dei største husa)
  • presens perfektum av sterke verb: ha skøt (skote), ha sli (slege) og så bortetter

I Sørfold kan til og med den bestemte artikkelen i inkjekjønn eintal falla bort: da år (det året), på tak (taket). Jamfør denne setninga frå Sørfold: «tøusa mått sett på fjøstak julnatta».

Sirkumfleks-tonelag i apokopeområdet

I apokopeområdet i Nordland kan det opptre eit spesielt tonelag (tonem), kalla sirkumfleks (markert med teiknet [^] over vokalen. Dette tonelaget kjem fram i fleire grammatiske kategoriar som har fått apokope, og då i staden for opphavleg tonem 2. Sirkumfleks-tonemet er eit resultat av at tostavingsord med tonem 2 har blitt einstava ved apokopen.

Sirkumfleks-tonemet blir også kalla for to-toppa tonem. I dette ligg det at rotvokalen får ei tillagd trykklett ekstra staving. Sirkumfleks gjer det mogeleg å skilja einstava ord frå kvarandre. Døme er: ei sol mot å sôl (seg) (med sirkumfleks = å sole seg), et vis (inkjekjønn eintal, 'sett og vis') mot å vîs (med sirkumfleks = å vise).

Apokopen minkar i nordleg og sørleg retning

Graden av apokope minkar di lenger bort ein kjem frå sentralområdet i Salten, både i nordleg og sørleg retning. Når apokopen minkar, artar det seg slik at færre kategoriar får apokope. Det er til dømes slik at mykje av Ofoten og Vesterålen (utkanten av apokopeområdet) har endinga -a i svake hokjønnsord ubestemt eintal (ei visa, utan apokope), medan infinitiv kan vera apokopert eller enda på -e (å knus ei flaska eller å knuse ei flaska). Der ein har -a i svake hokjønnsord ubestemt eintal og infinitiv på -e, talar ein om e/a-mål.

Substantiv, verb og pronomen

Bestemt form eintal av hokjønnsorda

Dialektene frå Hamarøy og sørover til Rana har eit system med endinga -a i bestemt form eintal av dei sterke hokjønnsorda og med endinga -o i dei svake: dennj fin bøgda og dennj fin jento. Resten av nordlandsk har a-ending i både svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal.

Pronomenforma i 1. person eintal er eg i midtre Lofoten, Værøy og Røst har forma e, Svolvær har forma æ, medan heile Salten-området har forma e. I 2. person fleirtal er forma dåkk vanleg. Denne forma er brukt i eit stort område som inkluderer Salten og Sør-Lofoten. På Værøy, Røst og i resten av dei nordlandske måla er forma dåkker vanleg.

No/nu

Det meste av nordlandsk målområde har adverbforma nu. På Helgeland, Værøy og Røst er det forma no som dominerer (Bodø har nu).

Felles for dialektene i Nordland fylke

Søre del av Bindal (heilt sør på Helgeland) skil seg ut frå helgelandsmåla ved å ha reint trøndersk jamvektsmål.

Felles for alle dialektene i Nordland og i det meste av det nordnorske målområdet er palatalisering av dentalane (konsonantane frå ein j-klang): å smellje, å finnje, kvittj (Sjå kart).

Eit særdrag er det også at ein høyrer -r-lyden i konsonantsambanda -rn og -rs, jamfør uttalen et hårn og ein fårs (foss).

Retrofleks uttale av konsonantar finst i alle dialekter i Nordland. Retrofleksane oppstår når konsonanten -r kjem i kontakt med ein etterfølgjande alveolar konsonant (n, l, t, d, s), jamfør uttalen av ord som ert, ferdig og barn. I dei områda av nordlandsk som har tjukk l (så langt nord som til Hamarøy), blir det også som regel også retroflektering etter denne konsonanten, jamfør døme frå Salten: fært (av fælt) og å gurne (å gulne).

Gamle korte vokalar har i Nordland (som i mykje av nordnorsk) ofte senka kvalitet (vokalen har falle ned eit «hakk»): vette (vita), fesk, å sett (sitja), løkt (lykt), løst (lyst), å sønge.

Substantiva har i ubestemt form fleirtal kasta r-en. Det er også ulike endingar i hankjønn og hokjønn. Døme: fleir båta og fleir skåle (somme stader fleir skål'). I substantiv med vokalskifte (omlyd) står likevel fleirtals-r-en i all nordnorsk: bok – bøker, hand – hender, mann – menner. Slike fleirtalsformer har tonem 1.

Endingskonsonanten -r fell bort i presens av svake e-verb, som ofte også får apokope av vokalen, jamfør setningane «eg kjennj han ikkje» og «det høv ikkje i dag!».

Sterke verb har i Nordland kortformer og vokalskifte (omlyd) i presens: eg kjæm, eg søv, eg græv.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bull, Tove (1990): Målet i Finnmark og Troms. I: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 157–178).
  • Bull, Tove og Jetne, Kjellaug (red.) (1982): Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo.
  • Elstad, Kåre (1976): Litt om nordlandsdialektane. I: Leif B. Lillegaard (red.): Bygd og by i Norge. Oslo: Gyldendal. (Side 393–410).
  • Elstad, Kåre (1982). Nordnorske dialektar. I: Bull, Tove og Jetne, Kjellaug (red.). (Side 9–100).
  • Hanssen, Eskil (1990): Nordland. Landsdelen og dialekten. I: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 141–156).
  • Jahr, Ernst Håkon og Skare, Olav (red.) (1996): Nordnorske dialektar. Oslo: Novus.
  • Skjekkeland, Martin 2005: Nordnorske mål. I: Dialektar i Noreg. Kristiansand: Høiskoleforlaget. (Side 180–190).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg