rot (språkvitskap)

Artikkelstart

Rot er i språkvitskapen det elementet ein kjem fram til ved å fjerne alle affiksa frå eit ord:

  • hus er rota i ordet hus-a
  • skriv er rota i ordet be-skriv-ing-a
  • skyld er rota i ordet u-skyld-ig
  • grip er rota i u-be-grip-e-leg

Ordfamilie

Rota til eit ord har ei viss tyding og ei viss lydleg form, og vi finn oftast den same rota att i ei rekkje andre ord. Ord som har same rot, høyrer heime i same ordfamilie.

1. Nokre medlemer i ordfamilien med rota kjær:

2. Nokre medlemer i ordfamilien med rota klag:

  • infinitiven klag-e
  • substantivet klag-e
  • infinitiven be-klag-e
  • adjektivet be-klag-e-leg
  • substantivet klag-ing

Rot, stamme, ord, avleiingsaffiks og bøyingsaffiks

Omgrepet rot står i motsetnad til ord, stamme, avleiinsaffiks og bøyingsaffiks. Ordet beskrivinga har denne strukturen:

  • Ord: be-skriv-ing-a
  • Stamme: be-skriv-ing
  • Rot: skriv
  • Avleiingsaffiks: be-, -ing
  • Bøyingsaffiks: -a

Sagt på ein annan måte:

A. Ord minus bøyingsaffiks er lik stamme:

  • Ordet be-skriv-ing-a minus bøyingaffikset -a er lik stamma be-skriv-ing

B. Stamme minus avleiingsaffiks er lik rot:

  • Stamma be-skriv-ing minus avleiingsaffiksa be- og -ing er lik rota skriv

Rota liknar ikkje alltid eit ord

Det er ikkje alltid slik at rota eller stamma har same form som eit ord. Samanlikn orda gut og jente:

  • Substantivet gut, med bøyingsformene gut, gut-en, gut-ar, gut-ane, har stamma gut, som også er eit rot. Rota ser ut som ordet gut.
  • Substantivet jente, med bøyingsformene jent-e, jent-a, jent-er, jent-ene, har stamma jent, som også er eit rot. Men denne rota og stamma har ikkje same form som eit ord i norsk.

Nokre problem

I framstillinga ovanfor er ei rekkje problematiske tilfelle haldne utanfor. I eksempla over er røtene lette å kjenne att, sidan hus, skriv, skyld og grip også finst som eigne ord i norsk, og ord med desse røtene utgjer store ordfamiliar. Men så enkelt er det ikkje alltid.

1. Adjektivet u-horv-e-leg 'svært stor, veldig' har rota horv. For mange er denne rota ukjend, sjølv om Nynorskordboka opplyser at det finst eit verb horve 'høve, falle lageleg', som også har rota horv. Dersom ein ikkje kjenner dette verbet, finst horv berre i eitt ord.

2. Medan for-blind-e har rota blind, har for-døy-e rota døy, som elles berre finst i ordet for-døy-ing. Rota døy finst ikkje i norsk utan avleiingsprefikset for-. Forklaringa er at fordøye er lånt frå mellomnedertysk vordojen 'fordøye, melte', og vi kjenner ikkje att rota doj. Den nedertyske rota doj er etymologisk i slekt med rota i det norske verbet / tøye 'smelte, tine', men dette har berre historisk interesse.

3. Analysen av lånord frå fjernare språk som latin og gresk er problematisk. I ordet pedagogisk er det lett å identifisere avleiingssuffikset -isk, men er pedagog ei rot? Frå ein norsk synsvinkel kan ein hevde at pedagog er eit rot, sidan dei fleste norsktalande ikkje kjenner att mindre delar. Det er eit lånord frå gresk paidagōgós (παιδαγωγός), som på gresk kan delast i paid-agōg-o-s, der paid tyder 'barn' og agōg tyder 'førar'. Denne kunnskapen har likevel berre historisk interesse.

4. Eit problem av eit litt anna slag er ord som uhøgtidleg. Dersom vi fjernar alle affiks, sit vi att med høgtid, som ikkje er éi rot, men to: høg og tid. Dette er fordi høgtid er eit samansett ord, og samansette ord inneheld alltid meir enn éi rot.

5. Frå ein historisk synsvinkel har infinitiven bere, preteritum bar, perfektum partisipp bore, substantivet båre, substantivet bør, substantivet byrde og adjektivet berbar den same rota, som varierer i form: ber, bar, bor, bår, bør og byr. Det er likevel ikkje klart at ein kan rekne med at alle desse orda har den same rota i ein synkron analyse av norsk. I ein diakron analyse er det derimot relevant å nemne at vi her har å gjere med ei urindoeuropeisk rot som er rekonstruert som *bher, og som òg finst i andre indoeuropeiske språk – jamfør mellom anna latin fer, gresk pher og sanskrit bhar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg