Perfektum er ei verbform med hjelpeverba ha eller vere pluss perfektum partisipp, som har brekt, hadde brekt, vil ha brekt, er komen, var komen eller vil vere komen. Perfektum viser til noko som skjedde på eit tidlegare tidspunkt, men som framleis er relevant.

Faktaboks

Uttale
pˈerfektum
Etymologi

av latin perfectum 'fullført'

Når nokon seier Eli har brekt beinet, forstår vi det slik at Eli brekte beinet på eit tidlegare tidspunkt, og det har framleis noko å seie, til dømes ved at beinet er gipsa, at ho går med krykkjer eller at ho er borte frå jobb eller skule.

Når nokon derimot seier Eli brekte beinet, forstår vi det også slik at Eli brekte beinet på eit tidlegare tidspunkt, men sidan setninga inneheld preteritum-forma brekte, seier ho ingenting om dette framleis er relevant.

Perfektum i ulike tider

På norsk blir perfektum uttrykt med hjelpeverba ha eller vere pluss hovudverbet i perfektum partisipp. Hjelpeverbet kan stå i preteritum, presens eller futurum:

  • Preteritum perfektum: Eli hadde brekt beinet. Bussen var/hadde gått.
  • Presens perfektum: Eli har brekt beinet. Bussen er/har gått.
  • Futurum perfektum: Eli vil ha brekt beinet. Busset vil vere/ha gått.

Futurum perfektum er fint illustrert i denne setninga, som blei lagd ut på nettsidene til Statistisk sentralbyrå 9. desember 2022:

  • Når vi nærmer oss 2024 anslår vi at arbeidsledigheten vil ha økt noe, inflasjonen vil ha kommet ned og produktiviteten vil ha tatt seg opp.

Relevans

Her er enda ei setning med presens perfektum:

  • Kari har mista klokka si.

Denne setninga fortel at Kari mista klokka si ein gong i fortida, og dette er framleis relevant, til dømes ved at Kari enno ikkje har funne att klokka.

At noko er relevant, tyder at det kjem saka ved, at det er av interesse eller at det på ein eller annan måte er viktig. Viss hendinga ikkje framleis var relevant, hadde vi nytta preteritum:

  • Kari mista klokka si.

Også denne setninga fortel at Kari mista klokka si ein gong i fortida, men setninga fortel ikkje om dette framleis er relevant. Forskjellen på presens perfektum og presens viser seg tydeleg om ein tek med men ho har funne ho att. Når ein brukar perfektum, kan ein normalt ikkje ha eit slikt tillegg – her merkt med to spørsmålsteikn føre setninga:

  • ?? Kari har mista klokka si, men ho har funne ho att.
  • Kari mista klokka si, men ho har funne ho att.

Ytringstidspunkt, hendingstidspunkt og referansetidspunkt

Her er enda ei setning i presens perfektum:

  • Ola har reist til byen.

Tidspunktet då denne setninga blir ytra (sagd eller skriven), kallar vi ytringstidspunktet. I ei setning kan ytringstidspunktet omtalast som no: Ola har reist til byen, så no er eg heime aleine.

Tidspunktet da Ola reiste til byen, er hendingstidspunktet. Det seinare tidspunktet da hendinga framleis er relevant, er referansetidspunktet.

Litt formalisering

Ved hjelp av ytringstidspunktet (Y), hendingstidspunktet (H) og referansetidspunktet (R) kan vi få fram kva som skil preteritum perfektum, presens perfektum og futurum perfektum frå kvarandre. Referansetidspunktet kjem føre (>), samtidig med (=) eller etter (<) ytringstidspunktet:

  • Preteritum perfektum
    • H > R
    • H er relevant på R
    • R > Y
    • Kari hadde mista klokka si før ho kom heim.
  • Presens perfektum
    • H > R
    • H er relevant på R
    • R = Y
    • Kari har mista klokka si.
  • Futurum perfektum
    • H > R
    • H er relevant på R
    • R < Y
    • Kari vil ha mista klokka si før ho kjem heim.

Resultat-perfektum og erfarings-perfektum

Perfektum er definert ovanfor som H > R: Hendingstidspunktet kjem føre referansetidspunktet, og det som skjedde på hendingstidspunktet er framleis relevant på referansetidspunktet.

Men kva det vil seie å vere relevant, er ikkje alltid det same. Ovanfor er fenomenet forklart med utgangspunkt i mellom anna denne setninga:

  • Kari har mista klokka si.

Setninga blir som regel tolka som at klokka framleis er borte på referansetidspunktet — Kari har enno ikkje funne att klokka. Ein kan kalle dette resultat-perfektum. Resultatet av det som skjedde på hendingstidspunktet, er tydeleg på referansetidspunktet.

Men dette er ikkje den einaste mogelege tolkinga av relevans på referansetidspunktet. Ein annan type relevans ser ein ved erfarings-perfektum, som fortel om ei oppleving eller ei erfaring før referansetidspunktet. Jamfør desse to setningane:

  1. Resultat-perfektum: Eli har reist til Kamerun.
  2. Erfarings-perfektum: Eli har vore i Kamerun.

Setning 1, med resultat-perfektum, tolkar vi som at Eli framleis er i Kamerun. Setning 2 fortel derimot om noko Eli har opplevd. Relevansen er at Kamerun-turen er ei av dei erfaringane Eli har.

Det lèt seg òg gjere å tolke Kari har mista klokka si som erfarings-perfektum, til dømes når vi uttrykkjer oss slik:

  • Erfarings-perfektum: Kari har mista klokka si mange gonger.

Dersom vi kan gjere om setningane til spørsmål med adverbialet nokon gong, har vi å gjere med erfarings-perfektum:

  • Har du nokon gong vore i Kamerun?
  • Har du nokon gong mista klokka di?

Resultat-perfektum og erfarings-perfektum i kinesisk

Det finst mange språk som uttrykkjer resultat-perfektum og erfarings-perfektum forskjellig, mellom anna mandarin-kinesisk, der erfarings-perfektum blir uttrykt med suffikset -guo 过 på verbet — her med verbet 去 'reise, dra av stad':

  • 她去过喀麦隆 Tā qùguo Kāmàilóng. 'Ho () har vore (qùguo) i Kamerun (Kāmàilóng).'

Resultat-perfektum blir derimot uttrykt med suffikset -le 了:

  • 她去了喀麦隆 Tā qùle Kāmàilóng. 'Ho har dratt til Kamerun.'

Perfektum i tradisjonell grammatikk

I tradisjonell nordisk og tysk grammatikk — med røter i gresk og latinsk grammatikk i antikken — blir perfektum brukt om det som i moderne grammatikk heiter presens perfektum, mens pluskvamperfektum blir brukt om det som i moderne grammatikk heiter preteritum perfektum:

- moderne grammatikk tradisjonell grammatikk
hadde reist preteritum perfektum pluskvamperfektum
har reist presens perfektum perfektum
vil ha reist presens futurum perfektum futurum eksaktum / 2. futurum

Tradisjonell bruk av termen perfektum er overtatt frå latinsk grammatikk, der perfectum uttrykte det same som presens perfektum eller preteritum perfektiv i moderne grammatikk:

  1. perdidī spem 'eg har mista (perdidī) håpet (spem)' (presens perfektum)
  2. vēnī, vīdī, vīcī 'eg kom, eg såg, eg vann' (preteritum perfektiv)

Perfektum og relativt preteritum

Uttrykket hadde mista blir kalla preteritum perfektum. I denne setninga blir det brukt i indirekte tale:

  • Per sa at Kari hadde mista klokka si

Her er konstruksjonen hadde mista tvitydig. Han har to tydingar:

  • Preteritum perfektum
    • H > R
    • H er relevant på R
    • R > Y
  • Relativ preteritum
    • H > R
    • R > Y

Ved relativ preteritum kjem hendingstidspunktet før referansetidspunktet, men utan å vere relevant på referansetidspunktet. Relativt preteritum er ein type relativt tempus, ein type tempus som fortel om noko skjer før, samtidig med eller etter referansetidspunktet, i motsetnad til absolutt tempus, oftast berre kalla tempus, som fortel om noko skjer før, samtidig med eller etter ytringstidspunktet.

Tydingskilnaden kjem fram om indirekte tale blir bytt ut med direkte tale.

  1. Indirekte tale:
    • Per sa at Kari hadde mista klokka si
  2. Direkte tale
    • a. Per sa: «Kari har mista klokka si»
    • b. Per sa: «Kari mista klokka si»

Setning 2a har har mista, med tydinga perfektum. Setning 2b har mista, med tydinga relativt preteritum.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Thor Mjelve

Hvor finnes setninger 1a, 1b, 2a og 2b som det refereres til.

svarte Rolf Theil

Mange takk for kommentaren! Her er det ein trykkfeil. I staden for 1a, 1b, 2a og 2b skal det dere 1, 2, 3 og 4. Det er no retta.
Med venleg helsing Rolf Theil

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg