Regionen Troms, tidlegare Troms fylke, er ei grein av det store norske dialektområdet nordnorsk. Regionen Troms strekker seg frå grensa mot Nordland i sør til Loppa kommune i nord.
Både i Finnmark og Troms er det fleire eksempel på dialektkontakt mellom nordnorsk og dialekter frå Aust- og Vestlandet. Mest kjende «innflyttarmål» er dialektene i Målselv og Bardu i indre Troms. Innflyttarmål finn ein også Signaldalen i Nord-Troms og i bygdene Kiby og Ekkerøy i Nord-Varanger.
I delar av Troms (som i Finnmark) er språkmiljøa fleire stader prega av fleirspråklegheit. I Troms gjeld det norsk i møte med samisk.
Det er ikkje skarpe skilje mellom dialektene i Troms og Finnmark. Dei fleste særdraga i talemåla går att i begge dei to områda, og det gjeld ofte særdrag som har grunnlaget sitt i nordnorsk talemål generelt.
Nord-Troms hadde (som Finnmark) samisk busetnad før norsktalande bønder og fiskarar slo seg ned her. Nokre bygder i Troms er tospråklege med samisk og norsk. Samisk har framleis ein viktig posisjon i somme bygder, særleg i Kåfjord og Lavangen. Stor finsk innvandring har det også vore til Nord-Troms. Spor av dette finn ein helst i Skibotn og Nordreisa.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.