Tjukk l er ein variant av språklyden l, som finst hovudsakleg i austnorske og nordnorske dialektar. Det er ein retrofleks lyd, som vert danna ved at tungespissen vert bøygd oppover mot munntaket (men utan å koma i kontakt med det), for so å gjere eit raskt slag mot munntaket, rett bak alveolane framme i munnen.

Faktaboks

Også kjend som

tykk l; IPA-symbol: ɽ

Dei fleste vestnorske dialektane har ikkje tjukk l. Eit unntak er romsdalsdialekten, som har trekk både frå vestnorsk og austnorsk. Tjukk l finn ein òg i somme svenske dialektar.

Tjukk l kan brukast både for gamalnorsk l i ord som dal, sol, blod og Ola, og for gamalnorsk i ord som gard, hard, jord og ferdig. Grensene for dei to typane tjukk l fell ikkje saman overalt, men stort sett dekkjer dei same område.

Forskarane er ikkje heilt samde om kva tid tjukk l først oppstod i Noreg. Truleg kom tjukk l av gamalnorsk l først, og tjukk l av gamalnorsk sidan, mellom 1300 og 1450, først til Austlandet og så til Trøndelag. I Sverige oppstod lydendringa endå tidlegare, men ein veit ikkje sikkert om fenomenet spreidde seg til Noreg frå Sverige, eller om det heller oppstod i dei ulike områda uavhengig av kvarandre, fordi forholda låg til rette for det. Tjukk l spreidde seg aldri til korkje vestnorsk (sørlandsk og vestlandsk, med unntak av Romsdalen), færøysk eller islandsk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Heide, Eldar (2010). Tjukk l – Retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet. Om kvalitetskløyvinga av det gamle kvantitetssystemet. Maal og minne, 2010 (vol. 102 nr. 1), s. 3–44.

Kommentarar (4)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

/'uː.ɽɑ jekː ti dɑ.ɽa oː vɑː çøː.ɽe fuːɽe kɑːl/ Så vidt eg veit, er det flust av tjukk L i Romsdalen. For øvrig er han å finne i delar av Nordland. Sjå for øvrig dokker eige kart (nummer 2) på https://snl.no/dialekter_i_Norge.

svarte Jørgen G. Bosoni

Takk for attendemeldinga! Artikkelen er retta no.

svarte Tor-Ivar Krogsæter

Ein takkar! Eg må no berre kome med eit oppfølgingsspørsmål: Korleis har det seg eigenleg at romsdalingane tok i bruk tjukk l når dei rundt dei ikkje gjorde det?

svarte Jørgen G. Bosoni

Jf. artikkelen om dialektane i Romsdal (https://snl.no/dialekter_i_Romsdal)
«Romsdalsk har tjukk l og skil seg såleis frå dei tilgrensande sunnmørske dialektane». Men romsdalsk skil seg ikkje frå dei tilgrensande nordmørske dialektane med tanke på tjukk l: «Systemet er slik i Romsdal (som på Nordmøre) at ein har tjukk l av norrøn l, men ikkje av norrøn rð (stoL, men gar).» (https://snl.no/dialekter_i_Møre_og_Romsdal).

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg